Frægdast i låndo

(1898)

Av Ivar Mortenson

(1898)

I

Eg hev aldri lika byjentune. Eit e de at dei talar so uheimelegt, o eit anna at dei ikje hev greie på nokon ting, ein kan ikje røe med dei anten om husstell eller gardstell, o ikje hev dei heller den blømande hamleten o de hugheile lage i hått o framferd som ei retteleg fjelljente, ho som dansar etter fjellstigane o kliv om kapp med jeita i brattaste nutom.

Når eg drøymde om jentur va de helst eikor sæbyggje med stutt blå stakk o de mangleta tjelde sveipt kringom herdane,

      ljos o levandes mjå o nett
      o gongelage ho heve lett.

Men eg visste au de at de e aldri til å bry seg, ein fær den ein ska hava når tia kjem. O når de ikje kom nokor slik som eg drøymde om, svivande in i armane på meg, tenkte eg bare:

      "Ho e 'kje fødd'e, ho e 'kje dana,
       ho e 'kje skapa den eg ska hava.
       Ho e 'kje fødd'e på denne jord,
       aldri under himmelens blanke sol."

* * *

So va de ein gong eg kom til å skrive brev åt ei byjente som eg hadde råka. Eg tenkte de kunne då vera bra for slike armodskrek med å få høyre eit vetugt ord.

Men so kom eg til å tenkje på de: Bare ho no ikje trur at eg meiner de at ho kansje trur de om meg at eg tenkjer at ho trur eg vil hava ho. Di meir eg grona på dette di meir sveiv de rundt for meg, so eg til slutt vart reint forferda for at nokon kansje kunne tenkje so, o eg fann inga annar rå en at eg laut reise iveg o tala med jenta so me fekk rettleie os på dette at de turfte då ikje vera noko slikt å vange fordi om ein hadde skrevi eit brev eller tvo.

Då eg kom fram fekk eg røyne, at:

       Mennesja spår,
       men prestane rår.

De hadde vori ein prest som hadde fengi fat i de, o han hadde tala om de i kyrkja so heile kyrkjelyen høyrde på de.

Eg fauk beinast til presten o klaga meg o spurde ko eg no skulde jera.

Han sat ei stund o tenkte. Sa sae han: Dette e nokso leit for meg dette, sae han. For eg e bare kåpelåna av presten, o han e borte sjølv. O ska eg no til å rote o struke ut att i bøkane, bli han so vill o galen at han jagar meg med ein gong.

Ja men ka ska eg jera då? spurde eg.

Ja, sae han, de aller greiaste va i grunnen om du kunne jifte deg med jenta, so slapp me hava meir kluss med de.

Eg va sa ovadotten at eg spratt høgt til vers, men eg e ikje av dei karom som likar å antras med prestom for inkjevetta heller, o so tykte eg synd i guten med, om han skulde misse kåpelåna si.

So sae eg de ved presten: Ja du sjynar de betre en eg du, som e inne i slikt. E de so laga so stend de ikje i mannamagt å rugge ved de kor som e. O so e de dette at de nyttar ikje bare å grone på de at ein ikje høver ihop, ein fær ikje sannkjent o prova dette kor som e før ein fær røynt seg fram. So ein kan likso gott hoppe som krupe i de. For den vegen ska me so likevel alle. De e no ikje anna en som ei formsak lel med denne jiftinga; bli de for gale so kan ein då koma laus att. 

Du veit de, du veit de, jatta presten.

Ei lykke va de at ved eit tilfelle hadde attestane mine komi in i lummeboka mi, so eg kunne syne for meg straks ko kar eg va.

O de va ikje meir en tvo, tri dagar etter so va alting greitt.

* * * 

Du må tru eg vart undren ein morgo eg vakna o såg dette mennesje attmed meg.

Va de ikje bare ein draum då tru? Eg gnika meg i augo både ei o tvo vendur. Då jekk de op for meg at de måtte nok vera sant lel, o at no va eg de dei kallar ein jift mann. 

Men aldri hadde eg tenkt lel at de va so snarjort arbei dette som eg hadde gruva meg for i so mange år. At ein dett i de so brått o uventa då! O at de ikje bli spursmål om anten ein vil eller ikje vil, alt slikt tykkjes uvedkomande. Når lagnaen by so kan ein korkje vilje eller vande, ein kjenner seg som hangande på fossekanten o veit bare at ein må åt, anten ein stri med eller mot.

Likevel freista eg i lengste lage å koma laus. Denne vigsla, sveiv de for meg, va då noko so snarjort at de hadde då visst ikje noko på seg med den. Når me kjem til fjells jæter eg bort jenta o so rømer me kvar til sin kant att. Bare løglegt å sjå om me kan halde ut å vera 8 dagar saman uta å drysje i ugynster.

Jau me kom til fjells o skodda lae seg over villheia. Då tok eg av på ein nut o jenta sveiv sin veg. Ja farvel no då tenkte eg. Men som eg kom ned att av nuten o hadde jengi ein halv time so kom eg ut på ei stor blautmyr der skodda va so stinn at ein såg ikje tri steg framfyre seg, o kven va de då meiner du som eg vart var sto tilknes nedi myra beint fyre nasen min anna en nettop ho?

Då jekk de op for meg klårare en nokon gong før at lagnaen kan ein aldri i verda røme ifrå, kor tjukk so myrkeskodda e.

De andre sto like fast, nemleg at meininga med ægteskape må vera den at tvo mennesje der fyst rett ska kunne sannrøyne at dei ikje høver for kvarandre. Men dette tyktes likevel ikje vera so snarrøynt som ein fystundes skulde tru, nokre vikur va altfor lite, ein trong nokre månar ja kansje eit heilt år til å bli fullviss i saka.

Då eg kom heim skreiv eg til ein go ven o klaga på lagnaen som hadde leika so vetlaust med meg. Al trøysta eg fekk va at han sende meg eit brevkort, der de ikje sto anna en de gamlesteve:

      "Å sume seier de e so lagje,
       men andre seier dei "lagar" sjave.
       Til lagje hev eg so klen ei tru,
       dei "lagar" sjave. Hot meiner du?"

Men då åre va jenge fekk eg anna o tenkje på. Då va de ikje å tvile lenger på anna eg va jift mann nei.

For då kom han

MAGNE IVARSON.


II

Eg va fælt forviten etter å røyne korleis han Magne Ivarson vilde taka de i målvegen. Han va nok i stor undring sjølv med, for langt uti andre åre dreiv han bare på med å øve seg i ymse ljobrigde. O fulla turfte han fyrebuing skulde han bli slik som faren kva ved vogga hans:

      "Fram steig Magne Ivarson.
       Tala fulla han kunna.
       Inkje leita han etter ord
       han tala 'to jartans grunnar."

Tilslutt jorde han vale sitt o slo seg til på a-strengen. De reine einslungne "a" vart namne på drikk. O av denne rota laga han fleire samansetningar. "A-a" tydde: når ein e tyst drikk ein. "A-a-a" = eg e tyst. "A-a-a-a" = eg e tyst etter mjølk. "A-a-a-a-a" = eg e fælande tyst etter mjølk. "A-a-a-a-a-a" = eg e so fælande tyst etter noko å drikke straks. "A-a-a-a-a-a-a" = eg e so fælande tyst etter mjølk, at fær eg ikje noko no på flugande flekken e eg tenkt på å låte på a-strengen i heile natt.

De næste stege han jorde va at han tok til å tone ut jamvel før han fekk op lippune: m-m-m-a. De va når han va svolten o vilde ha mat.

Tok han de same op att tvo vendur ma-ma so meinte han på den som vanleg gav han mat, ho mama.

Sea kom v'en til. "Va", de va de fyste merkelege å verda han gådde åt. Va tydde nemleg fyst o fremst luva. Dette va noko han storleg undra seg på at some folk kunne taka av seg halve hovue o hengje de på veggen. Då no eg e so hårsnau at eg må bruke luve mykje inne og, når de ikje e fullvarmt, va de naturlegt at eg fyst o fremst sto for han som "mannen med luva", o difor va de at eg vart heitande "va", so mykje meir som de va på vegen både til "Ivar" o til "fairen". Viare kom han til å tenkje seg "va" hans "va" som ein dobbelt-"va"; "va-va" de vart han gofar de. 

Tvo nye strengjir lærde han seg litt om senn til å spela på. Den eine va u-strengen, som han sleit på når han va i ulag. Den andre va i-strengen som han bruka når han va i golag.

Beste måten han visste å fortelje noko leit o syrjelegt på va å rope uh! eller hu! hu! hu! o ved å taka de op att mange gongar tyktes han vilje styrkje tanken endå meir. O dette fyremåle nådde han og med letto. Når han soleis hadde drevi på ein halv time o ropa uhu-uhu-uhu, so va heile huse fyllt av den kjenninga at han Magne Ivarson hadde de leit. Men va de fullgale, va de noko som skok han i hugens jup, eller va trollferdir frå skomeheimen ute rei o vilde valdtaka han, då vart de "hurra, hurrra, hurrrra!" alt til hamrema skok han so han ikje sansa lenger ko han sae eller jorde.

Når han såg jenom glase på den ukjende viåtta kjende han seg fælen o tykte de høvde å bruke same u-en, som han sea tøygde fram til ut.

Kaldt o vindalt va de ute, men han såg folk visste seg rå til å verje seg. Med de same dei kom ut jenom døra tok dei på seg kaldeverjaren eller uva eller huva.

Va han ute fekk han snart auge på alle øjelege store ting som mannamagta hadde jort, han laut bøye seg i age å seie: u, hu, hus. 

Meinte han med "u" 'en alt som va fælt eller stort eller ukjent eller som hadde noko å jera med dette so tykte han at "i" 'en bar hugen frami alt som va kjært o jildt o sælt o vyrdelegt. De va den innerlege eller religiøse tonen. Om han tala om andre ting so kunne han ved å spela over på i-strengen jeva de ein glans eller ei innerleg stemning.

Når han soleis vilde fortelje at fairen va jild sae han: va-i. At han va gla i den jilde fairen kalla han: va-i-i. O når eg hadde vori borte eit bel fortalde han at han hadde lengta etter meg ved å hengje endå ein "i" attåt. Når eg hadde vori borte i mange dagar o endeleg kom att va de som ei einaste fuglekvitring: va-i-i-i-i-i.

Ved dette leite va de og at han fekk namn på seg sjølv. Han laut nok stande til at han fyst o fremst va ein etar, "ma", men etter kvart fekk han sjå at denne etaren va meir, at han hadde stemningsliv, eit åndelegt inhald. Difor laut han setje "i" 'en til, so de vart "ma-i". O når han vilde seie at han va jild gut so va de "ma-i-i". Men når han tona ut i de endelause "ma-i-i-i-i" då va de strålande sol i heile guten.

De va i de heile de musikalske ved målføringa som forvita han mest i fystninga. Fuglane helt han for sine sersjilde venir o av dei lærde han mykje.

Men litt om senn fekk han trang til å få visse namnefeste til sjiljing o utgreiding både for seg sjølv o andre.

O no va de eg va spana etter å veta ko veg han tok. For her va sa mange mål å høyre, so mange vejir å taka.

Fairen tala landsmåle sit o jentune bygdemåle, o elles va de ofte bymål å høyre o dei mest mangslungne brigde millom bymål o bygdemål.

De fyste han vart rådd på va at han ikje vilde kalle meg "far", men beint fram "Ivar". O de e eg gla for. De e so hugnalegt at han held meg for fullgo kamerat, bare litt eldre en seg sjølv mot at han skulde vilje til å bruke alleslag titlar o tilnemne. Når han kallar seg sjølv Magne Ivarson so e de nok sagt om faerskapen.

De bar ikje likare til anna han byrja blande ihop alle slag mål. "Bårrå bogen eg," råka han soleis til å seie. "Eg" o "ei" o "jeg" slong om kvarandre.

Då laut fairen taka han i skule.

Her e tvo mål, sae eg, norsk o dansk; o norsk talar fairen men dansk talar byfolka. O no fær du velje, Magne Ivarson, anten du vil fylje fairen eller fylje byfolka. Men norsk e "eg" o "rjome" o "mjølk" o "ljos" o "boka", men dansk e "jei" o "fløde" o "melk" o "lys" o "bogen ".

Han svara ikje straks. Men etter dette lydde han gott etter ko folk sa.

So ein dag mælte han:

"Seier melk føken Lund, dansj føken Lund. Seier molk karan. Norsj: rjome, broka." 

So spurde eg han op att no på triårs-dagen hans:

"Vil du no tala norsk eller dansk Magne Ivarson?"

"Tala norsj eg," svara han.

Ja bare han no kan halde de han hev lova. Me ser ofte at ein kan brjote ein lovna når ein e lenger framkomen i alder o vetsauke; kan ein då lite på ko ein triåring mæler? De e dette som e største otten min. Skulde han svike farsmåle sit då vilde eg synas at heile guten va komen på avvejir. Men mange e livsens freistingar o dragverk i so måte alvisst for den som unge.

Va de endå morsmåle han skulde halde fast på, men no må de og stå for han som ei freisting til de som gale e. De e ikje lenger sea en fyrre dagen han kom o kviskra in i øyro mine: "seier melk mama".

"Ja stakars mama" lyt eg seie då, "ho hev vori ilag med halvdanske byfolk o gløymt heimemåle sit. Men me tvo ska halde ihop o vera norske al tia. Vil du ikje de?"

"Jau" svara han Magne Ivarson.

Du veit eg kve gamle visur o freistar vilje lære han. Men han e vand på de. Bare ei vise likar han fullgott, den om Åsmund Frægdejæva. De e slik malmsterk tone på den visa at han tykkjer de liksom ljomar attende i hans eige bryst. O de e den einaste lunden han hev brytt seg om å lære. Men han e ikje fri for anna en at han bryt litevetta på orda.

Når de stend: "De va Irlands konge bald," so syng han: 

      "De va Magne Ivarson
       han tala til sine menn."

Då bli eg mest fælen. "Tenkjer du på å bli ein mannastyrar," seier eg, "då bli du ikje fairen lik."

Då set han i med høgt mæle:

      "Høyre du Magne Ivarson
       du e den frægdast i låndo."

Då kan eg ikje anna en læ, kor gale de so e. For ska eg endeleg ut med jartemåle so held eg de for sannare en han trur at de nok e nettop han o ingen annan som i røynda e "den frægdast i låndo".


Frå Ivar Mortenson: Svall 1879-1898. Kristiania: Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad