Fjellstoga

(1898)

Av Ivar Mortensson-Egnund

(1879)

l. Sjavvilsut

Eg va kje gamal karen då eg laut til byen, skulde gange på skule. 

Men i byen kunne eg kje one. Eg hadde hug til boka, de va kje de som vanta, men de bar aldri til med bygutane o byfolke. 

Heime va de noko spel o moro, so va de visst at eg laut vera med; men dera, fyst dei andre leika o logo, so sat eg sytte; fyst dei hadde gaman o lentur so sveiv eg for sjølve meg, o tykte ikje nokon mon i de dei foor med; o hadde eg eitkvart til moro, so gådde dei aldri åt.

Eg jekk o sturde, so eg vart både blå o bleik, eg undras på koss de va laga at eg skulde vera so framand der, endå lærdomen o opalinga va då den same. Eg tykte at alt va so mykje jævare heime. O de va bare om somrane når eg slapp til fjells at eg livna til att.

Dei lange vintrane sveiv hugen dit attende, o eg lengta heim som fugl mot ljosan dag.

            "Hurdi nurka i kaldan jønni
             o jøklane hekk ikring.
             Eg totte lenger den vetternotti
             en halve alderen min."

Då jekk de op for meg litt om senn at de va kje same jerda på bymann o bonde, de va kje same folkeslage i by som i bygd.

Skulde eg bli til noko i verda, so kjende eg at eg laut vera med de folke som eg va utstokken frå; men skulde eg slå lag med de hitt folke, vilde eg bli som eit rotlaust tre, uta livsens merg o magt, o eg tenkte at eit mannaliv va då for jævt til å bli kasta bort for hauk o ramn.

Men so meinte eg de, at sjølv om eg freista, so kunne eg ikje langt koma, når eg skulde stande åleine. O om eg sjølv og kunne vinne meg fram, ko kunne de jelpe når heile folke skulde liggje i trældom o svive i suta al si ti?

Då såg eg de som fyre baust, at de norske folke måtte reise seg op att o heire seg sjølv.

Då spratt de vonir fram som jorde meg sæl o vart mi ungdoms glæe; eg leika med dei liksom på ei kløkk munnharpe for sjølve meg når dei hine stuka med sit gaman.

Men då eg kom ut i Norigs bygdar o vart kjent med folke, tykte eg de al sta va som kjøvt o lekkjebunde, o ingen magta reise hovue. Heile lande tyktes meg som ei øyemork der de va kasta dvalesvevn over folke, o eg kunne ikje livsvona sjå.

            "Kor ska eg jera av live mit,
             når dagane vil ikje trjote?
             Gange på skogen, brjote lauv
             o høyre på fugleljoe!"

Men me hadde då lærdomsfolke?

Skulde då ikje dei vera til de utsende, at dei med sin større vitskap skulde stråle ljos ut over lande?

Men korkje eg eller nokon annan hev til dessa set de manndomsvarpe som dei jorde. Dei bau ikje so mykje som goviljen til. Du kunne heller tala til steinen en til dei om sovore, dei vyrde de kje meir en aldri va.

            "Der stend ei bjørk i Blika-tune,
             ho blikrar med lauve på.
             De grøne ha eg esla meg,
             de svarte munde eg få."

                        * * *

Då fekk eg tak i visune frå Telemork. O de va som ei ny verd opna seg for meg.

Dei synte meg ein kjempehug som va fus etter manndomsverk, som va mjuk o kjær attåt di han va sterk. Eg las om Frægdejæva o dei byrge kappar, til dess eg tykte kjenne den gamle kjempeånd tok til å sjoe i sjølve meg. Eg las om kjærleik som aldri kunne døy, men sjølv i grava sjyt fagre blomar, o om suta som jeng jamsies live "som sjigard fyljer ein ålmannveg". Aldri hadde noko kløkt meg so.

Men so lo eg att, når eg kom til steva, sprettande av liv o leik o fine lentur, sveplege o lette som dei dansa på silkjesokkar.

Å nei, d'e "sjavvil-sut" å klaga, tenkte eg, når me hev telane. Dei må livsvona eige. Dei hev jøymt fedra-arven o til sine sønir vil dei jeva han.

Alt som kom frå Telemork såg eg på med slik forvitne; de tyktes hava ei sers jæve. Når jentune svinga seg vent o skarteleg med kvite ermesjortur o løyesauma rygg o syljur i bringa, - de va so de lavde o lyste langan lei. Dei fljote telegutane kom til Kristiania kvar vinter o lærde bykarane å løype på sji. De va då so at dei endå sto ein mon over alle i manndomsferd o sprækleik. O mangein gong va eg oppå åsane kringom byen o øygna Gauksto med glitrande solglans der langt i vest.

            "Jøkulen o Fagranfonni,
             o Gouksto ho e brur.
             Dei e av have synte,
             o syskjen ero dei trju."

Ifrå "fjøllstogo" lyddes de som ei huldrelokking med manande tonar, som ikje gav meg fre hell ro.

            "De jalar eit viv i Jusuli,
             de heve so vent eit ljo;
             de hev komi i hugen min,
             der jeng'e de alli oto."


II. Bjørkemåle

De va ei ti i forne dagar. Lande va stort o jævt o sælt, o folke jorde storverk o manndomsbragdir. Men de vara kje ko eit bel, dei gamle seig som sola ned i jupan hav, leiken va stillna, strengjine brostne o bragdine borte. Soga hadde gløymt vårt namn. Livstree va kvista o karta, alt va stilt o vonlaust.

Men rota va ikje dau, sjermd av fjell o skog spratt de op nye renningar i dei jupe dalar, o dei tok til å bera blom o bla o sprikje med sine greinar.

Den gamle nordmanshugen va hard o kjempeleg, med blo va soga skreva. Når sverd klang i bardagsleiken, då va me i beste bragen. Men når freds-sola sjein laut illhugen tøymas; då tyktes al ting å domne bort o veikne, de kom kur etter kjæta. Men i sogur o kvæe livna hugen op att med ljosare let o linnare lag, frævd av dei gamle ætteminne.

                             * * *

            "Lallgeluren o tutarhonne
             jagar meg ivi heiar.
             Men fløytetonen o felelåten
             ljoar so vent for øyra."

De gamle norske måle va hardt o skarpt o ljomande som lurblåstr. Men då eg fann telemåle tykte eg at alle kvasse kantar va slipa osvarva; de lyddes lett o leikande som eit kulturmål.

I sjølve kvardagshåtten dera tykte eg de va adel o vyrdskap, o helgemåle hadde heiltop eit druste lag. D'e rikare i reiken, de rømer meir o rekk viare, de ber både tanke o hug lettare en dei fleste andre bygdemål; du kan bruke de til både de høge o de låge, til vyrkt o heilagt like ratt. Eg fekk sjå at ein kunne halde de norske skriftmåle tett attåt talemåten o ikje misse noko på finleiken o rette vyrdnaen likevel.

De som hev jevi tele måle slik overmon over alle dei hine e vel at dei alti hev magta å halde oppe ein bokheim, i song o seiande segn, levande på folkemunnen.

Mål-leten hev kunna forme seg ut i sit reinaste lag i sogur å kvæe, som hev liksom laga seg sjølve etter hugen o kjenslune i folke o sveipa seg etter dess liv o dess ånd. Dei hev ikje fengi sin grunn utafrå; d'e kje tillærde kjenslur, dei e runne op som eit tre or rotom. D'e kje som på andre stair, der dei må bort i framandmåle, fyst dei ska op over dei daglege arbeistankane, o då vansjipar hugen og, med di dei kjem til å låne kjenslune samstundes som dei låner måle. D'e difor mål-leten tykkjes vera reinare der, fordi måle fatar liksom heile live, ja både med dess glæe o med dess sut, ja med alt som leikar o sviv i hugen. D'e so heilvakse o velskapa o kan syne fram fagersia meir en dei hine. D'e diforder me ska lære de formfagre o lette lage.

De va kje undrande at den fyste stordiktaren vår kom frå Telemark. Han slapp å skapa noko nytt kulturmål, de va bare å tøye de gamle ut i individuelle skap. Vinje seier og at dei gamle visune ska vera grunnsteinen vår, o difor må deira ånd leva op å svive in i al bokheimen vår, so alle bokslag til slut fær sine røtar der.

Fyst du når i vestbygdane i Telemark, de e som de kom ein linn sunnavind imot deg. Dette mjuke, smeikne tungeslage, o røune flyt so lett o fellelegt, alvist når unge jentur talar - eg sit o lyer som de vøre felespel o bli aldri trøyt.

O endå linnare e de når du kjem til Sætesdalen. De e reint so ein kan dåne bort, fyst ein høyrer de skripne jentemåle dera lille for øyrom. Du trur du drøymer o tenkjer ikje at dette kan vera i Norigs land.

O når eg råkar dei rette kallar o kjellur av gamle slage, då hev eg mit gaman. De e liksom munnen e so drysjande full, o ordfellinga e so rik o mangslunga at ein tykkjes måtte hava ei heil æve til å botne i eit slikt mål.

                          * * *

Slik ei drambdrysje no som ho Tone Kåsi hadde eg ynskt va professor, endå ho e kje bare ei gamal husmanskjering som studrar på sinom stave o meste tia sit frami gruva, drikk kaffe o røykjer tobak o røer med kjetta, for andre e de ikje stort som vyrder ho. Men om du sanka ihop alle professorar som fans i vie verda, sa vart de ingen jamgo med ho Tone - ja til å røa på gamalt mål då.

De e morosamt å sulle med Tone. Eg sullar heller med deg eg, seier eg, en med dei unge jentune, for dei e so gasutte o galne dei, at de e aldri lag på de.

- Ja sae han ikje de ein framandkar som va her au då; han sae han va frå Kristiania, so kom han o ba meg kvea gamle visur for seg. So spurde eg han, ka han vilde høyre dei for. Jau, sae han, han vilde skrive dei op, sae han, for eg e soso laga eg, sae han, at når eg fær ei gamal vise so e eg so fejen som om eg dansa med ei ung fin jente. - Men då va eg go'e au te kvea då, for fyst eg va i rette lona, va de bare so drysjune draus, ja so lenge som natta lei, men no hev eg gløymt de so vel.

Men de e bare noko ho seier de, når ho e kaffelaus eller ikje eig tobakflusa. For e de ikje ho som kan, e de vist ingen. Men so tek eg op ein liten tobakrull or lumma. - E de no reint for gale med deg so ska eg no jeva deg litevetta tobak då - seier eg. Ho karvar i pipa o bli so gla. - Å betre meg - seier ho - e de kje plent då sjire vesaldomen med meg idag, aldri so mykje som ein kaffedrope hev eg å sjenkje deg med. - Men so veit eg rå for de au eg, for eg e den karen eg jeng aldri kaffelaus når eg fer ute med skreppa. Å velsigne deg Tor i lund - seier ho, o då bli de greiur for gut, ho set over kaffekjelen på flugande flekken o kokar kaffe som de e mon i.

O då losnar tungebande, då ber de iveg om Ål kvit o Ål svart o om kongsdottera i Danmark, o stev o visur som ingen ende tek.

                            * * *

No eit bel utetter bli de leiaste ota for telane, då boklærdomen hev komi in o vil tevle med de gamle.

Dei hev skre-i ut på kaldan klake, o då jeld de å stande traust på fotom.

Når eg ser på huglynde av telane so e de som ein framvokstring som hev gløgt hovu o gott næme til alle ting, men de bli kje noko ålvors tak jort lel. Han veit ikje plent kor han ska byrje, han e so buen til båe, jeng plistrar med hendane i brokelumma o gloser seg ut so vie. Du veit ikje ka du helst ska døme han e tenkt på, anten å jera eit dugelegt rundkast eller å leite seg op ein varm solbakke, der han kan leggje seg til å sova å gløyme verda o sjølve seg.

Men eg trur at de kunne bli rettig jildt i Telemark, når de nye vilde rette de gamle handa. Kor skulde ungdomen lære å kvea dei gamle visune, om de ikje va i Telemork?

Hell kansje dei hev vorti so blaute av seg no, at dei fær vondt i hugen når dei høyrer brynjeringane o sverda som singrar o skrell?

Men eg tenkte de va kallege gutar i Telemork eg. Eg tenkte de heiltop va sjilauparar o bjønneveiarar "fe sjave seg" i Telemork. O då meinte eg ingen kunne syngje Hemings-kvæe med meir brest o brake en der.

Gamlingan skulde kvea visur o seie sogur o lære dei unge å tala vent på gamalt bjørkemål. Dei som heve flogvet skulde bruke flogvete til gagnsarbei. Jentune skulde kvea fine stev, o ungdomen skulde halde seg til dei gamle o heire dei o lære av dei meir en dei lærer av bøkane.

            "Sprotabelte o krusa hår
             de bli so lite meti;
             men kvardagsgagne o ordi snilde
             de bli so lenge jeti."

Dei e fagre i orda i Telemork, o ikje e dei veike i vete hell. O va jerningane i måte etter lovnasorda so vilde dei eige monen over alle dei hine.

            "Soli sjine nord o ned
             ivi Bjålands fjos,
             statt up Mari Bjåland,
             no e dagen ljos!

             Soli sjin ivi nipa nord
             o ned ivi Bjålands engjir.
             Statt up Kristoffer Bjåland
             av dinom varme sengje.

             Soli sjin ivi høgefjell
             o ned ivi bratte nutar.
             Statt up Kristoffer Bjåland
             o vekk dine late gutar."


III. Bygdar o bol

D'e kje sameleis laga med Telemork som med andre bygdelag, at de e ein lang dal som ymsar med grendir o skogar. Her e de eit halv sneis bygdar som krullar seg i ring, d'e liksom fingrane på ei hand som sprikjer ut til alle siur. O d'e kje lenger bygdamillom en at folk ferdes om kvarandre, anten over låge heiar o jenom tverdalar eller på lange fjordar. Ifrå fyndeheimen o alt til no hev de vori store stemne, der telane kom saman anten til sjei o ote o hestemarkna, eller til fesjå o folkemøte nyom belom. O då bli de både jentebyte o visebyte bygdane imillom, o dei åndelege eigur bli spreidde over heile "fjøllstogo", uta at kvar bygd misser sit sermerkjelege lag. Some bygdar kan hava sereigna si i felespel, andre i sylvarbei eller trekroting, some i å seie sogur, andre i stevdikting, o nokre kan hava fyremonen sin i de at dei hev jøymt trugje på fornkvæe o "bjørkemål", some kan hava tamt seg op i sjilauping o tråvkøyring, o some hev lagt seg etter bygningskunst, so at kvar bygd liksom hev havt sit å leggje til kulturvokstren, o de hev då her i dansketia kunna vekse seg op eit sterkare o heilare nasjonalt samliv en andre stair i lande.

Telemorka hev havt slike goe kulturvilkår fordi der møttes fleire norske folkeslag fyste gongen o rann ihop til ein landsly.

Austlendingen kom til bygdane kringom Nordsjø, fjellmennar til Tinn, o "Nordmennar" (frå Hardanger o Ryfylkje) slo seg ned i dei nordvestre bygdar, o Sæbyggjar o Egdar i dei sydvestre. Denne samanstøyting av ulike folkelynde o hugdrag e de som hev skapa Telemorkskulturen.

Alvist i steva ser ein bygdesvepen gott. Stevdiktinga hev nok før vori kjend over heile lande. Jamvel so langt aust som i Østerdalen hev eg funni stev som hadde alle merkje på at dei va gamle ætteminne. Men no for tia e de bare i Sætesdalen at stevdiktinga blømer.

I Aust-Telemork e steva helst morosame o stundom hosta druge.

            "Å huttetu de e kaldt i lufta
             o Hinke-Torkjell hev ingjo sjurte.
             Jau frama hev han eit lite flak,
             men aldri tutulen åtte' n bak."

I Sætesdalen e dei meir innerlege, reint som jartesukkar. Dei hev slik ein varm let o e sprotne liksom beint utor stemninga:

            "Å vi du høyre koss vent de lilla,
             de va so tårin tø auga trilla;
             å vi du høyre koss vent de lét,
             de va få som log, de va fleir søm grét.

             Å legg dit øyra inat mi bringe
             so fær du høyr' koss eg lyt meg tvinge;
             o legg dit øyra o lye vel
             so fær du høyr' koss mit jarta græt."

Dei handlar mest om sut o kjærleik o kan ofte vera noko ufellege i rimlage o versinga, men so hev dei slik einkomeleg bånebragd o slike vekjømelege dirrande tonar.

Steva frå mittbygdane hev ikje dette kløkke o fine som "dalasteva", dei e lettare o liksom kvassare o sprækare, d'e meir sprett o sprøyt, dei jeng meir med vit o løje, dei e meir på spissane liksom, so dei bli ofte op i vriur o vrengjur o sneiing o slengjeord, men so e dei betre formlaga o versa.

            "Den litle guten med den raue vesten,
             jau de va kar som konn' styre hesten;
             han sette nosi si end' i sjy,
             so rei han av i eit søyledy.

             Å du tar no slet ikje je meg sneiur
             eg veit for vel om dine eigne greiur.
             Men reinska vel i di egjo ætt,
             so meiner eg du fær meisen mett."

                           * * *

Fyst eg kjem sigande in jenom Bandaksfjorden o gloser meg op i dei kjempelege nutar, der steinsette tussar tykkjes stande med krokute nasar, o fjorden ligg so svart o jup, då søkk det heiltop i meg; då bli eg vill i hugen som dei gamle kjempur, o då ber de sjølvo seg borti om "frægde Åsmund" o "Iddhugen" o dei andre sellane.

             Høyre du de, du gyvremor,
             som karar med nasan i elli!
             vil du meg låne hus i nott,
             eg kjeme sa seint om kvelli?

Men når eg kjem so langt då som til Dalen, der bli de so vent o venlegt at eg mest må gråte. Imillom bratte, himmelhøge nutar e de grasgrøne band, fagre engjar, blåe elvar o måla gardar. Då ber de helst borti frøesteva eller dei gamle vers på bjørkemåle:

            "Der tykkjer eg e vent å vera
             der drosine dansar med drengjo.[sic]
             gauken jel i grøne li
             o fuglane skaka vengjo."

Tru de då bare e difor at d'e slike jupe jil o myrke granliar injenom Mo sokn, at lesardomen ska trengje alle andre hugmål til sia? Men når du kjem ovatil skogmerkja av oppi fjellgrendine, so bli de då au so ljost o so onelegt, som på Froland; der e de lett o fritt, med grøne vene liar o snø på høgste tindom.

Men ingen sta e de no likevel so heimlegt for den som fjellmann e fødd o boren, som når ein slepp av oppå Raulandstråndi.

Eg sit o ser vestover Vinje-heiane, låge skogåsar med gran o grøne bjørkerustir. Å kor Byrtefjella leikar o dansar i himmelsyne, å so ljost o blått, snø opetter alle stair. Der oppå hev eg fari, men d'e langt dit no, Vinje ligg imillom.

De va ljose bjørkeliar på Byrte o grøne kjosir o fine stev o greie jentur, men for trongt når sola vart heit.

Men på Dalen e de endå trongare. Her ser eg sørover alle Grøneliheiar heilt til borta Dalen, o dei tykkjes vera låge no, bare flate skogleite å kalle, men når du stend nedi rivna på Dalen e de so høgt å sjå opetter til du øygnar liabarden at du heiltop bli grysjen. So lågt ligg dalbotnen der, endå d'e 10-12 mil frå Sjien, o Bandak e sa jup at han når fleire hundra fot under havflata.

Men her på Raulandstråndi e de meir en 2000 fot over have, o fjella nord med vatne ris endå tri tusen fot til vers.

Eg veit ikje kor d'e venast. Anten ein ser søretter fjorden, med mange oddar o nes o denne hugsvalande visyna som minner om viddine lengst på austlande. Bare Vehuskjeringa reiser seg med den nakne bulen sin bak granhaugane på Batnehov. Eller å sjå nordetter den stålblanke fjorden; då e de som du va borti fjordane på vestlande. Der kjem villheia setjande i rekkje o ra o sjyt seg kav ut i fjorden, o du ser ein staut fjellgard med blåe urdir o liar o fossande bekkir langsmed heile stranda, o lenger op jeng fjorden smal o trong in jenom fjella, langt in i Hardangvidda.

             "Vent e de i Vågelian
             når lauve o grase gror.
             Men endå venar på Kvamsfjorden,
             Når Gunnar o Kari ror.

             Hanen sit'e på burshella,
             o bonden jev honom konn.
             Rakken skvakkar i bergo nord
             o juringen blæs'e på honn.

             De va han Såve Øyfjødd
             han braut på ymse møddo:
             So lite vita dei bygdarane,
             hosi gott me liva i fjøddo[.]
 
             Fjellmannen syp'e mjølk o ost,
             bygdaren maular grjon.
             Utmannen bit'e i sildenakken,
             d'e lite te matevon."

IIII. Buna

Den gamle klæebunaen som karane bruka vest i Telemork va den hoftesie, kvite vadmålskufta, som framatil va avrunda noko, o ho jekk ikje ihop over bringa so ein kunne kneppe ho. Baktil va ho utbugla med nokre baugar hell sjertar dei kalla.

So hadde dei knebrok med sylvspenne i o endå knappar opijenom, o so reitsokkar som dei knepte fast med breie reimar som va utstungne o underlagde med raut klæe, desse kalla dei knesprette. Der va de og småe sylvspenne. De e tvo slag knebrøkar, nokre tronge so dei fyljer kroppen o so nokre fæle vie ting som va rukka o låg fall i fall til litt nedom knee. De va "vibuksefeggjane" som hadde desse.

Til skofot hadde dei tæsur eller sjøur eller "hardinghusko" som dei au bli nemnde. Dei va og utstungne med raue leppar, når de skulde vera jildt, o store spenne anten av sylveller fortena metal.

På hovue hadde dei koll-luve, bare som ein liten pull, ho va jort av ymisleta leppar. Dei høge hattane kom vel sea; dei brukar slike endå borti Sætesdalen, o de stend mykje om dei i steva:

             Å høge hattar på staute karar
             dei held me betre hell dei ha gardar."

Dei va høge som ein "flosshat", men inknipte på mitten. Dei hadde spenne av sylv i bande, hattesyljur dei kalla. Desse hattane orde [sic] dei sjølve.

Sea kom de ein annan sjikk. Dei sie kuftune vart avstutta, so dei nådde bare halvmitt ned på ryggen, o i samhøve med dette laut ein draga broka op under armane o so vart ho fotsi. Denne makselen brukar dei enno i utmannbygdane i Telemork o so i Sætesdalen, med langbrok o kvit stutt-trøye, endå saumejerda o lage kan sjile noko.

Fjellmennane stana ikje med dette.

Den kvite jakka vart stuttare o stuttare, o til slutten vart ho so stutt at ho skrei reint av.

De va ein mann op i Vinje sokn. Han jekk med desse stutte jakkune då dei leika på siste liten. So va han på kjyrkjevegen. De va slik ein lentekrok dette. So kjende han jakka sat laust o romt som ho og jorde, for de va bare som ein lepp va knytt over herda, inkje va de til rygg o lite til armar. So jekk han som han ingen ting gådde, bare skok seg ender o då o rykte på herdane, so jakka losna meir o meir, o tilsist datt ho av mitt ned på vegen. Folk lo. Då spratt han til, gloste ikring seg o lest vera fælt forstøkt for dette.

Soleis jekk de over de heile. Kvit-trøya vart so stutt at ho datt sjølve seg.

So kom rundtrøya i staen, soleis på lag som dei brukar ho i de meste av lande, helst svart, men i dei øvste bygdar hev dei ho blå med sylvknappar, som e eit kjennemerkje på fjellfolke her; dei bli difor også kalla blåmennar.

                           * * *

De e soleis tri steg eller aldrar åmerkje seg i klæebruken her. De fyste: si kvitkufte o knebrok; de va vist de gamle o brukelegt over ein stor del av lande. O høveleg buna va dette. So kom millomaldren med langbukse o stutt trøye, de e uliklege greiur, jarta bli liksom skuva heilt op i halsen. Sea kom nytia som no e her, o då hev mannen vorti noko meir lik seg som han e laga av naturen, med de rette sjile millom over- o underbul.


V. Kongeskripna

No e de so fullt av framandfolk her, som de jamt plar vera om somaren. På alle vejir yrer de av dei, so du mest ikje kan sleppe fram; på heiane møter du heile fylje av både "fantar" o "fentur", o fyst vere e blenkjande, fyk dei op på dei høgste nutane, o du ser dei som fuglar mot himmelsyne. Nedpå Trisæ hev de lagt seg ned ein flokk so stor at - , o snart aukar han o snart minkar han, so de tykkjes ingen ende taka.

So va de ein dag; de va endå so varmt eit ver; so sat eg oppi nuten, eg; de e so stupande bratt so ein ser beint nedi Trisætune; so tyktes eg moro glose på dei framande; eg glodde o glodde, men aldri va de eit framandt mennesje å sjå, korkje fant eller fente; men tune va fullt av bondeklædde folk, som de va de jildaste jesteboslag, o dei stelte med so mykje blomar o ein krans so lang, at han rokk ratt ifrå sjøen o op i garden; o der sveiv dei o stuka o sulla, so de heiltop va eit syn. "De va furur", tenkte Bjug, "hori heve då fentune blivi av," o so drog eg meg nedåt o spurde ei gamal kjering, koss då dette va laga. "Jau, svara ho, "dei jere stas fe kongjen o prinsen, skå koma her idag, o då hev dei funni på å klæ seg som brufyje etter gamaldags sjikk, dei vi syne seg fe kongjen. Hev dei kje fari i samfelde 8 dagar, du, o bori sylv o stas heim frå adde bygdar her e på lang lei." Eg hadde vori på heia o sleji, eg, so eg ingenting visste om de. Men no e eg so gamal som alle haugar, o so mangt eit jestebo hev eg vori med, men aldri hev Bjug set slik kallegheit med stas o drust i sine levedagar. Der va sylv, kar, for mange hundra dalar. Syljur brusa i bringa både med lauvverk o bolur o ringar, o lekkjur o malir so jilde, at de va eit syn. O brura skulde vera med "la", so utbudd med syljur o ringar o blekkjur o band, at de glima o glodde som gull. Hu, det var kallege drambdrosir; eg tyktes mest sige i jorda. O so brugomen, plent som gamalt, si kvit jakke o rau vest, o so vibukse o sprotabelte kring live, o tvislire, som hekk nedpå knea i eit lekkjehengje. Jau, de va drust kar. O so kjøkemeistaren då, foor o sveiv og svansa o svinta, han, med ei diger sylvkanne i handa. "Men hossi kan då dette vera laga, at byens kvende heve hug te sjipe seg soso då," sae ei kjering. "Jau," svara eg, "kvenda e so laga, dei; aldri veit ho hot ho ska hava på seg, for at ho ska fin nok bli, men telemorksklæa likar dei; dei tykkjer dei bli so mykje venare i dei, du; de hev eg set før; for e de ikje heiltop ljotingar, so bli dei vene, når dei fær dei på seg, o hev dei noko finleike før, so tykkjes dei då bli so vene, at de aldri fins lag på de." "Men aldri bli dei so faktegreie likevel som ei høveleg bondejente." "Nei de va vel de," svara eg, "dei når ikje fjelljentune likevel i greileik; for

             fyst vene jentur svingar på seg,
             de e vent o laglege, koss dei fer."

Men eg trur aldri, de e synd å klæ seg so laglegt o vent, som ein kan, so som telekvenda brukar; då trudde eg, de va meir synd som byfolke å snøre seg so in o vanskapa seg, so dei kan ikje bruke anten armar eller bein.

Men der tek dei te huve ned ved stranda; no kjem han visst, kongen, uti fjorden; jau, no raer dei seg til o skri nedetter, o de va ei fri ferd. Bjug etter; han let seg ikje forsøme. Best som sjipe legg innåt bryggja, kjem fylje, spelemannen fyre; han spelar brureslåtten, bare so de ljomar.

Kongen o prinsen stend på dekke, so forgloste, dei veit ikje ko dei ska tru. Men med de same spring dei til lands. So ruggar kjøkemeistaren fram, bare so de skranglar i sylvspende sko, ålvorsam som ein prest, kruse hev han i handa. "Du skå vera velkomen kongje," seier han. "Her høvde de so te, me nettup va i bryllaupslag her uppå garden, du ser. No visste me vel, at me konna kje vente, at kongjen ville jera brufolkji den æra å vera med konn i lagje; derte e honoms ti for kort'e. Men hev han no hug, so skå han då visst smaka på øle, de e deg vel unt." Dermed rette han kruse til kongen, o han drakk, for øle va både gott o sterkt, so han hadde vel knapt kjent slikt øl han, endå han va konge; o slik ven let de hadde! Å ja, de va no laga til brulaupsøl og, for øle va kome ratt frå Heggtveit, o då veit du, de va ikje undrande, de va gott. "Mange takk for gott øl," sae kongen, vilde fli kruse frå seg: - "drikk, kongje, e du tyst'e," sae hin; "de e vel simpelt øl, me brukar up pi fjøllbygdane, veit eg;" ja, han drakk att. "Du tar alli forøvast, bare drikk," sae kjøkemeistaren. Nei, då vilde han ikje hava meir, sae kongen. "Men her hev eg med meg son min au," sae han. "De va ein go-liande o ven'e kar," o so bau han honom øl au. "E de du, som e brugom då," spurde kongen. "Alli hev eg vori jift, o alli bli eg de hell; eg bli for gamal, ser du," sae han. "Men der stend både brur o brugom; dei ville ned o helse på kongjen; o ho heve la på hovue; o der stend både brusveinar o brukjeringar;" so peikar han på dei; dei sto i ra. So jekk dei bortåt dei, både kongen o prinsen, o rødde med dei, kjøkemeistaren sjenkte viare på alle kongens mennar, som der va, alle prydde me gull o stjernur, o dei drakk både ei o tvo vendur. So tok dei til å krulle seg kring kjøkemeistaren, nokre av stormennane; dei tykte moro glose på broka hans, o de va ikje under, for de va knebrok, jort av semska sjinn o so utspana o blank o ven, at de heiltop glima av ho. "Å, dé kan nok glose," sae han, "ho heva set folk fyrr' e, brokji, for so sant som segni seier, so e ho hundra o tjuge år gamal, o endå like heil o sterk, o alli ville eg byte, om de bau meg båte tvo o tri av dikkons brøkar, endå de e 'kji anten gull hell raue rosur på." - "Hori e du ifrå då?" spurde kongen kjøkemeistaren. "Å, eg e ovate Møstråndi eg, langt uppi fjøllbygdane; men der heve vel alli kongjen vori." Nei de hadde han då ikje. "Eg va skulerneistare, ser du, som vel kongjen veit; men so kom eg ikje av med denne nye rekningi, du, o no e eg kje anna hell kjøkemeistare å kalle, o helles fer eg bare so kringom, o treffer de då so te, so kve eg gamle visur fe folk." "Ja de e vel moroar å vera kjøkemeistare hell skulemeistare," sae kongen. "De e mykje moroar, de," svara hin. "Kan du visur au, du då?" spurde prinsen. "Je, ja, eg sille kvea ei heil nott fe prinsen, eg, fyst'e eg va på rette lona, o endå alli taka up att de sama. "Eg veit vel de," sae han, "at når sovorne høge karar reiser up i fjøllbygdane, so e de fe de dei tisst so for jildt i glose på nutane o sjå hossi folkesjikken e laga up i fjøllbygdane, o so lye på de gamle måle okkons; de heve mang ein frægd'e kar'e reist lange leiir eislistes fe å lye på meg; du e kje den fyste, o ikje bli du den seiste hell; for adde so seier dei de, at venare mål fins de knapt; å ja, me veit de sjave au". "Ja ja, det er rimeligt det," svarar prinsen.

Sa tok spelemannen te spela på haringfela, o so dansa dei so ven ein springar for kongen alle saman, ratt til båten lae frå land.

                            * * *

- Hu for kallegheit - sa ho gamle Tone - dei sille kje hava fari soso, de hae vori liklegare dei hae kasta seg på kne fe 'n adde sama. De kjem'e sut ettepå. So jekk de fyrr'e då kongjen rusla up jenom Telemarkji, de va fyrr hell me kom under Sverikje de. So bau han folkje, at dei sille møte 'n hori helst han kom, i sin beste stas o med alt de sylv dei hae. Dei so jore uti Heiddal o al vegen. Men då han fekk sjå dei, sae han, at dei va for drusteleg klædde, dei turvte kje bera so mykje sylv på seg, sae han. O ikje lengje etter kom sylvskatten, dei la ut ut med både pengar o sylv, so mykje, at de va mange som heiltup bleiv armosfolk av skatten.

Men eg sae de eg, som eg au trudde at denne kongen visst ikje hadde slikt i tankar, for de va greit for alle å sjå at på denne dagen va han på ei golone, for han va uvand å røe med nett som han vøre ein bonde. 


Frå Ivar Mortenson: Svall 1879-1898. Kristiania: Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad