Femtan dalar aaret

(Lesestykke, 1910)

Av Ivar Mortensson
 


"Det er annarleis no mot i gamle tider," sagde han Knut Trondsson. "Endaa eg er ikkje meir enn halvgjengen tridje tjuget, so er det mest ikkje til aa kjenna seg att. Det var nok andre gjerder i mitt uppvekstre. Smaa løner var det, men endaa lagde folk seg upp pengar.


Den tid eg kom til han Avle Bakken var eg 17 aar. Og fyrste aaret fekk eg fulle klæde og 3 dalar i pengar. Og so skal du hava 5 dalar til, sagde han Avle, og med deim kann du gjera som du vil, anten du vil taka det i pengar eller du vil hava denne klokka. Eg tok klokka, eg, av han Avle, og det stod eg meg ikkje ille paa; for eg fekk vendt henne ut so godt med byting, at eg fekk femdalaren min, og lummepengar attaat.


Paa Bakken var eg i fem aar, og han Avle lagde paa løni mi til kvart aar, so paa slutten hadde eg 15 dalar aaret. Og kvar ein skilling eg hadde tent i desse aari lagde eg upp, og endaa hadde eg lummepengar. For du veit det var mang ei moro, og dette var i mine galnaste aar, so det gjekk sumt baade til spelpengar og til anna. Eg hadde ymist smaafortenest attaat daa, ser du. Soleis naar det var noko eg laut gjera um sundagarne, so som aa fara paa hesteleiting eller slikt, so kom ho Bergit jamt stingande med eit ortstykke burt i neven min. Og til jol vanka det ein attpaa-skilling og. Me dreiv mykje med kòl- og malmkøyring den tidi, so det var vetter-arbeid aat hestarne. Du veit smeltehytta gjekk paa Veslelvdals-plassen endaa, og daa køyrde me kòl til Røros og fekk malmlass med oss ned yver att. Baade mjølk og mat hadde me med oss i skreppa, og for sengrom, der me laut natta, var det ingen som tok noko den tidi. Men so var det skikken, at me fekk kaffipengar med oss, og det var 8 skilling til kvar ferd; det skulde vera til 4 kaffikoppar. Men det tykte eg aldri eg hadde raad til aa øyda upp so mykje pengar til kaffi; naar eg hadde mjølk, fekk eg berga meg. Eg gøymde kvar ein skilling av kaffipengarne.


Stridt med arbeid var det nok mang ein gong imot det ein er van med no; men me skyna ikkje det den gongen, og eg tykte aldri eg hadde det vondt. Klokka 3 um natti laut me upp, naar det var køyring; og var det lang køyring, laut me jamvel fara i veg klokka l. Me dreiv og brende kòl langt uppi Einstakakletten uppmed Egnun, og dit var det 2 mil. Men naar eg for heimanfraa um natti, so vann eg endaa køyra upp den lange vegen og lessa paa kòl-lasset og koma ned lidi att, ned aat Egnun-gardarne, til kvinnfolki der gjekk aat fjøset um morgonen.


Aa arbeida lærde ein sagte den tidi. Men godt hadde eg det like vel. Eg var som eit barn i huset. Aldri klaga eg; og aldri skjelte dei paa meg. Det var berre ein gong eg tyktest kunna gjeva deim harm. Det var ein sundagskveld me dansa uti moen, og det heldt me paa med til langt paa natt. Maandagsmorgonen skulde eg fara upp i Einstakakletten etter kòl. Men daa vilde eg vera slik kar at eg ikkje lagde meg til aa sova, daa eg kom heim fraa dansen, anna eg tok hesten ut med det same og køyrde av garde. Daa eg kom fram aat kòlmila, tok eg høymeisen og hengde under hovudet paa hesten og gjekk inn i koja, kveikte eld og koka meg morgon-kaffi. Daa eg hadde drukke kaffien, kom eg til aa halla meg att yver lite-grand, og fyrr eg visste ordet av, hadde eg sovna. Men daa sov eg, kar, heile dagen og heile natti i eitt, og vakna ikkje fyrr det leid langt paa næste dagen. So skamfull hev eg rett aldri vore som daa eg kom heim att den kvelden. Eg visste ikkje anten eg skulde vaaga paa aa fortelja korleis det hadde gjenge til, eller eg skulde freista aa dylja det burt. Men endskapen vart no den likevel, at eg kunde ikkje anna eg laut fortelja det slikt som det var. Dei skrattlog berre. Daa kann du tru eg var lett og glad for dei ikkje gjorde meir av det.


Nei den tidi eg var paa Bakken gløymer eg rett aldri, so lenge eg liver. Naar eg kjem dit no, er det som eg kom heim aat skyldfolket mitt, og naar dei kjem aat meg, er det like eins."


                                  *


Han Knut Trondsson sit no paa sin eigen gard og er ein velhalden mann. "Lukka er den," segjer han, "at eg lærde aa arbeida med eg var ung, og agta meg so eg ikkje øydde upp det eg tente. Det gjekk nok pengar for ein ungkar daa og, men ein kunde faa ei stor moro for ei tri-fire skilling. Det var berre ein gong, det var endaa ein joledag, eg øydde burt heile 12 skilling i men daa var eg sturen og, heile vaaren frametter, og tykte at eg aldri tòrde ganga paa moro meir.


Det er som eg segjer, ungdomen er ikkje som i gamle dagar no. Skal ein leiga ein dreng no, so veit han ikkje kor mykje han vil hava. Og kor mykje du gjev honom, so tek han ikkje i som i gamle dagar; og alt han tener, so øyder han det upp. Lukka mi er, at eg hev ikkje større stellet enn me kann greida det aller meste sjølve, so me slepp aa leiga folk. Det er so vidt eg kann hjelpa meg sjølv baade til trés og til smeds; sko'r gjer eg aat husfolket mitt - aa ja, syr klæde og naar det gjeld paa." "Du er ein lukkeleg mann," sagde eg. "Du fekk den beste gaava ein ungdom kann faa, ein god husbonde; naar ungdomen no berre kunde skyna at dette er meir verdt enn pengar, so vilde det kunna ganga godt med alle. Men no vil alle vera herrar, og ingen læra noko til gagns, so eg meiner det er verre aa vera husbonde enn tenar no til dags." - "Er det ikkje nett so, eg meiner og," let han Knut Trondsson; "det er nettupp dette som er ulukka no til dags."


Fulle klæde: huva, trøya, vest, brok, 2 par sko'r, vottar det ein sleit, 2 par hosor, 2 underbrøker, 2 skjortor, ulltrøya.
1 ort eller mark (24 skilling) er 80 øyrar.
Til trés og til smeds: med tre-arbeid og smiding.
 
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad