Ein norsk smaaby

(Lesestykke, 1910)

Av Ivar Mortensson

Flekkefjorder ein ljos og fager by.

Det er ser um lag med slike smaabyar; det er mykje meir norsk to der enn nokon trur. Godt greidt bygdemaal heilt inn aat bygrensa, og folkemaalet i sjølve byen er fullnorsk i roti, berre noko fatigare og meir uppblanda enn bygdemaalet. Dei som talar framandmaalet er so liten ein flokk, at dei maa hava stort stræv med aa temja borni sine upp i det, og ein merkar tid for tid, korleis norske ord og former sprengjer seg inn i talemaalet i høgre og høgre ringar. Di meir norskmaalslesnad det kjem inn i skularne, di verre vil det verta aa stagga denne straumen.


Flekkefjord ligg soleis til, at anten du kjem austan eller vestan, so vert du i godlag naar du hev naatt hit. For det er hav og hard sjø paa baae sidor, men Flekkefjord ligg lognt inne i ein fjord, livd av smaafjell paa alle leider, og med eit voksterliv som er forbisnelegt. Allvisst i haust (1899), daa det var so turt paa austlandet, at graset skein av i august, og lauvi hekk bleike paa tréi og geispa etter regn - daa eg naadde Flekkefjord, stod alt i sumarbragen.


Det som gjer Flekkefjord so uneleg er fyrst og fremst det, at du ser fjell og vatn kvar du snur deg, og so den kjensla at du ikkje rettugt veit anten det er land eller by. Uppi berget, som heng midt yver byen, ser du kyr gjeng paa beite, so nær at du høyrer bjøllor og rauting heilt inn i stova, og hagarne tøygjer seg inn i sjølve byen, og det slike hagar som du ikkje ser mange stader i Norig. Og langt ut yver gatorne heng greiner tunge av store eple og plomor.


By og land heng endaa so tett ihop at det er eitt prestegjeld. Landsokni hev kyrkja si saman med byen, ja det er landsfolket som eig kyrkja jamvel, endaa ho ligg midt i byen.


Noko som gjer Flekkefjord saa usegjeleg fredfullt er at der er so lite ramling i gatorne. Heile natti gjeng det tvo gamle heidersmenner rundt i byen og fortèl, med høgt mæle, kor mange klokka er, korleis vinden er, og at det ikkje er nokon faare paa ferd. Ein ligg so trygt, naar ein gjenom svevnen soleis høyrer at einkvar allstødt vaker.


Og um dagen er det berre gangande folk aa sjaa. I gamle dagar, er det sagt, hadde byarne Flekkefjord og Mandal og Eigersund berreein hest tilsaman. Kvar gong hesten kom, og dei høyrde duren, sprang dei til glasi. "No kjem han!" ropa dei, og alle visste kven det var meint. - No saag eg daa minst tvo-tri hestar som høyrde heime i Flekkefjord. Naar dei ein hende gonggjekk gjenom gatorne, laut alle snu seg og glaapa. Men ramla gjorde det ikkje; for ingen hest torer springa i Flekkefjord, utan det er ein framand som ikkje veit folkeskikk.
 
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplag. Alb.
Cammermeyers Forlag. Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.