Ei levande bru

(Dikt, 1929)

Av Ivar Mortensson-Egnund

Kva eg helst vilde vera?
Ei levande bru,
som batt ihop forntid og framtid.

Difor laut eg svive
mine eigne vegjer,
røme frå folk,
stengje verdi ifrå meg,
finne luft som meg høvde,
og med foten på jord
og hovud mot sky
lyde etter fornspråk
og lura-ljod
ifrå burtlengste tider,
gjeva gaum på profet-mål,
til det gjekk meg i blodet,
og eg tenkte som dei
og eg mulla som dei.
Det vøre min hugnad.

Telemål lånte meg lette vengjer,
so attgjenom lange tider eg fauk.
Draumkvæde-skalden ei hand meg gav,
so vegen fann eg til edda-salar.
Og ifrå edda ein stige gjekk
heilt inn i dulrame bibel-hagar.

Hebræar-målet meg hardgrjot tyktest.
Tungt å tyde slike stolpe-stavar,
runer stelte so stivt på rad.
Men under stavom smaug djupe tonar,
og yver stavom det fuglar song.
Når vel eg lydde, eg mangt fekk høyre:
Tåre-bøner og tore-skrell,
her-rop dunde so jordi dirra,
kjeldur upp utor steinen sprang.
Hugheile menn med trui til skjold,
menn som lydde på ordet frå Gud,
menn som tala drivne av ånd
og uredde la ut for prest og konge,
folke-skriket dei aldri vyrde,
berrleg sanning det einast galdt.

Og hugnad fann eg i fyrnde-målet.
Di lenger eg sveiv på dei gamle tuftom
di betre treivst eg.
Ord seg opna, meg tankar fanga,
tvibotna visdom tok til å ovrast.
Ho er ikkje daud meir den gamle æva,
nei, nei ho lever,
ho lever her i min eigen barm.
Gamle-æva og framtids-landet
det er heimen min.

Og det som leika meg sjølv i hugen
det vild' eg segja på heime-mål,
så gamle-gutann kann koma fram att
og syne Norig at dei er til.
At hjarte-slaget hev ikkje stogga,
at tanke-sverdet er like kvasst,
at eldhugs-gneisten enn kveikjer koli,
at djupe hugsyn hev endå velde,
at profet-voni blir aldri sløkt,
at det dei drøymde i upphavs-tider,
det sanndrøymt var meir enn folk vil tru,
at langsyn-tankar og framvis tale
hev endå ærend til folk i dag,
og at Davids-harpa kann endå tone
på heime-målet i Norigs land.

Um åri aukar, kvar vår gjer ung att,
det endå varmt blod i årom renn.
Og endå hugen seg viljug bøygjer
og djupt i livsbrunnen søkkjer seg
og fæler ikkje for heilheims gåtur.
Ja - endå hugen seg upp kan tøygje
og svimrar ikkje på Gjallarbru.
Men fram han skrid etter himmel-stigar,
til dess han stor-kultann sjølve finn.


Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad