Edvard Grieg

(Artikkel, 1896)

Av Ivar Mortensson-Egnund


Meisteren ser eg. Meisteren høyrer eg. Honom åleine.
       Um hundra mann sit fyre honom, kvar med sitt spel, og dei læt kvar på sitt spel, einast meisteren ser eg, einast meisteren høyrer eg.
       Han er den dulde krafti, der alt kjem veltande ut, dynjande bårur, velduge straumar med tonar og fargar.
       Men dei fær ikkje koma for langt. Han hentar dei att. Og dei kjem att, snart frå eit horn, snart frå ei føle, eit tinkl, ei trumme. Kvart eit spel læt som ein ljom av hans eigne tankar.
       Og laag og liten mann vert stor, lyftest upp, so han tykkjest svive i lufti, med' gråe hårlagdar svirrar um eit gloande eldberg. Du ser berre dette eldberget, dette hovudet med tvo hender framfyre, der gneistar spring fram frå kvar ein finger.
       Du gløymer alt anna. Du ser berre som eit stort, gløyrande auga. Og når det blinkar, skjelv det i himmel og jord.
       Sjå trylle-staven i høgre handi!
       Når han retter ut den svarte staven og manar til ro, då må allting lyde og tagne, um det so var stormen på havet, um det so var elve-susen, um det so var lauvfallet um hausten i store skogar.
       Alt som liver må halde anden og vente med kvar nerve spana på glimtet frå meisteren sitt auga.

                              *

      Sjå, der lettar han vinstre handi trivlande varsamt etter noko som han finn langt, langt burti bergom under ei gamal furu-rot. Og aldri so godt er det gøymt, anna det må fram. Kanskje berre ein einaste liten perlande drope, men klår som gull. Og han tvingar ut or gamle tyristubbar drope etter drope, so det vert rislande sylvklåre bekkjer.
             Og «langt burti fjellom
             og djupt under hellom
             der leikar det».
       Og kvar ein blom tek til å duve. Og kvart eit tre tek til å vogge seg. Og heile skogen susar etter takten frå dei linne hender.
       Men endå er han ikkje nøgd.
       Han knyter hendene saman og tek i med all si makt, som um han vilde presse tårer av steinen og få havsens dypter til å syne sine furdur.
       Og dei kjem, dei kjem, symjande frå heimsens burtaste endar, underlege skjepnur, som aldri fyrr hev set dagsens ljos. Dei ledar seg mjukt og laglegt kringum hans føter og bøygjer sine tunge kroppar i veldige dansande drag.

                                *
 
       Han manar og manar.
       Lokkar fram med troll-staven og agar med andre handi.
       Og det aular og kryr, det rullar og det raslar, det byljar og det baskar, det kryp og det kravlar, det flyg og det flaksar. Og det ljoar og det læt i alt som mål hev millom himmel og jord.
       Men verre og verre blir det å halde styr på alle desse tusen røyster, som stormar fram og vil taka veldet frå honom.
       Han bleiknar og syp etter anden. Du ventar kvar augne-blink han skal sige ned av sessen.
       Men då legg han roleg handi fyre bringa, som um han vilde skuve dei frå seg og segjer: hit og ikkje lenger.
       Og det vert ei søyding og during, og det brakar som når havbårune støyter mot eit bratt berg. Med kvit skumsprøyt krullar dei seg upp etter honom og velt attende i seg sjølv, smjugande og knistrande som ormar.
       Men heilt til ro fær dei ikkje koma. Best dei ligg og småmurrar i dorm, piskar han dei, so dei fyk upp i frøsande sinne.
       Og det fræser og syd, med dei kvervlar seg kringum honom som ein tunnil, og sprøyten stend høgt yver hovudet hans.
       Då gjer han eit veldugt tak. Kastar seg med hendene fyre beint fram i det dynjande havet og sym som ein fisk millom brusande bårur, trør vatnet trygt som han stod på landjordi.
       Med trollstaven manar han, med vinstre handi agar han, ridande på båre-kammen.
       Vert dei for ville, klappar han dei frøsande hestar lett på halsen. Og dei spaknar som lam.
       Eller han nikkar blidt til ei bljug hulder, som sit langt uppi lidi med lange-leiken sin. Og han tysser på dei andre, so alle må lyde berre på henne.

                           *

      Sjå, der lyser det med ein gong upp i augo hans. Det er som han ser ei solrenning på dei øvste tindar. Og med bøn strekkjer han hendene fram.
       Og det kjem, det kjem, lenger og lenger ned gjenom lidi. Um ein augne-blink ser du solauga glid upp yver åskammen.
       Då bøygjer han hovudet stilt med vyrdnad og velsigning, gjev seg yver, let solstraalane leike og spela og blenkje upp i kvar einaste krok og i kvart einaste hjarta.
(1896)
 

Frå Ivar Mortensson-Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten. 2. utgåva med eit tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad