Bjønnen og reven

(Dikt, 1929)

(Frå målstriden.)
 
Av Ivar Mortensson-Egnund


Og bjønnen han låg so godt i sitt hi,
då høyrde han revane let uppi li.


«Å, skam so have dei revane raude,
snart skal dei alle få liggje daude!» 


Og bjønnen han lufsar so fort han kann,
 no vil han av vera veide-mann.


Og bjønnen han lyser so stort eit ord:
«no skal det øydast det reva-bol!»


Han tonnom flekkjer,
gneg bjørke-leggjer.
Han burar og bit,
han tøygjer og slit:
«kvass ho er vel den bjønne-tonn,
men reva-foten er seig som honn.»


Og reven han spring på lettan fot:
«du fekk bjørke-rot
for reva-fot.»


Og reven han spring so høgt uppi li
fegen og fri:
«du var nok for sein
til å gjera meg mein
med bjønne-klo.»
Han leika og lo.
 
 

Frå Ivar Mortensson- Egnund: På ymse gjerdom. Songane åt Savalguten.2. utgåva med eit
tillegg. Oslo: Det Norske Samlaget 1929. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad.