Aust i morkom

(1897)

Av Ivar Mortenson
(1897)
I

Ikje fordi eg likar å stå på ein talestol o preike. Anten seier ein slikt som ikje folk forstend, o de bli endelause mistyingar, eller so kjem ein til å fri for mykje etter fagning o folketykkje so ein bli lei seg sjølv etterpå. De kan einast vera når de e ein eller annan spikaren som ein vil slå sjilleg fast i hausen pa folk; men då må ein slå ikje ein gong men hundre gonger, o endå kan spikaren losne att.

Men de va de at kjeringa vilde vera med, o då e eg ferdig med de same.

O de jeng å tala og når ho høyrer på de. For når eg hev sagt eitkvart eg ikje tykte va noko tes seier ho de va gott likevel. O når eg tykkjer de e gott føre o sjeisar iveg på dansande fot med leik o avbragd då e de liksom eg kjenner ho rykkjer i taumen o fortel meg at folk bli øre o trur eg løyp galen o hev mist vegaleia.

O so kjem dertil dette: Ho e røug o eg likar ikje å røe. Eg tykkjer de e so heftesamt o so hev eg so lite til å røe om. So seier eg de: vil du høyre måle mit, må du fylje med dit som de e mange folk, for når de då dett ord av meg lel so jeng de for de same om du og fær din del med. Elles hev eg ein undergrunn og til at eg helst vil tala til ho slik, "foredragsvis", for når me e i tvimæle røer ho so kringt o eg e so seinmælt at av tri ord eg vilde seie tek ho dei tvo ifrå meg, o då kan kvar ein sjyne at på eit halvt års ti kan de hava samla seg ihop mykje som eg kunne vilja hava sagt men som de bli rålaust med dersom de ikje e i ei forsamling som kan jelpe meg til å få orde for meg sjølv ei ti.

O so va de dette at eg no i fleire år hev haldi på o smitt på ein stor spikar som eg emna meg til å slå jenom heile Norigs land, ja heile jordkula med, om eg kunne få han lang o traust nok.

So treiv eg til manndomen: eg kvesser spikaren, so til brånøytes, o slær laus på 'n, eg reiser ut til ungdomsstemna i Trysil o freistar dei fyste hamarslag. De fær då våge seg med herdinga, om han brest eller bognar.

* * *

Men når de bar til so kunne ikje kjeringa vera med. De e so mangt dei hev å stelle med desse kvende måveta. For de fyste skulde han far o ho mor jifte seg op att, for trie gongen, o for de andre hadde kimpelimpen, han Magne Ivarsonen, fengi tri loppesting på armen. O so skulde dei halde gravøl over ein kjukling som katten hadde leika ihel, o ei høne jekk på fallande fot o va ventande kvar dagen. De va nok rålaust for kjeringa å koma ut når de va soso laga.

So sto eg der.

Men ulykka va at de alt hadde stai i blaom at eg skulde koma. O då tykkjer eg at de e so fullt med lygnir i blaom før, so ikje eg treng å jelpe til med å auke syndebyrda.

So laut eg iveg likevel. Endå sint va eg. Ja sint de e eg elles kvar gong eg ska møe meg o skreva over dørstokken.

Ho plar jamt vera lang dørstokmila, men for meg e ho dubbelt lang, for de e tvo milir før eg kjem over svilla o ned til stasjonen.

Eg kan ikje sjyne kvifor folk skal fara rakle o reise so mykje. Verda e stor nok heime. Ifrå Folla o op til fjelle e nok både te sjå o høyre. Med de same eg e komen over dørstokken e de fyste eg tenkjer på kor snøgt eg kan koma meg heim att.

* * *

De va elles noko anna og som drog.

De e noko so dulramt ved desse ytre østerdalsbygdane.

Me som bur øvst i dalen syner alt me hev, heilt in til nakne kroppen, åt kvar ein som reiser jenom dalen. Gardar o skog o fjell o sæter, alt ligg viope for augo dine.

Men desse gardane i utbygdom ligg o ser på den reisande millom buskutte augnebrunir. De e liksom andleta e heilt overgrodde med hår o sjegg, so du tregar du ikje hev soks med deg til å klyppe bort de verste so du kunne få sjå rette hamleten o andletsdrage.

Men om du og fær sjå andlete so ser du ikje noko til kroppen. Du veit at til slikt sjeggut andlet må de høyre ein stor kropp, men du trur de ikje fordi du ikje noko ser. Der e ikje høge åsar med kjempeskog o ikje store jorde å sjå, bare eit lågt bakkedrag på båe siur av Glåma; o so veit du ikje meir, anten de e noko eller ingen ting bakom.

De va dette eg va forviten etter å røyne ut: kor e kroppen åt desse sjeggutte andleta?

* * *

Eg fekk nok snart sakne kjeringa ska eg tru. Hadde de endå ikje vori til Trysil eg skulde. Men for tunga mi e ein slik t o ein r som ein sjigard o ei djup greft, stundom kjem eg over med eit byks, men ofte dett eg ned att, so eg må taka i gong på gong o eg bli liggjande o spratle i grefta o må jeva meg reint over. Stundom må eg taka lange tilsprang. Spør nokon meg: "ko heiter de fjelle som ligg beint op for Steien?" kan eg ikje svara med ein gong: "Trån", men må springe iveg slik på lag: "Dette fjelle som Déser der, de heiter Trån," då gli eg over. - Men e kjeringa med, veit du ho greier tr o kr o br so lett som ho for på sjeisur.

* * *

Når ein kjem til Elvrom e de rett so ein må bisne tilgagns på kor kroppen e helst. 

Der e ei lita talsjive kringom stasjonen, men bygda ska då hava 10 000 mennesje o dei kan då ikje alle leva av nokre store hus. 

Å jau eg fekk sagte røyne at der va kropp lel. De traut snart med "Leire", o jenom nokre skogmoar kom ein oppi Hernesbygda. De va glimande bygd ska eg tru. Der va Rogstaen o Møy'staen o mange andre "stair", ei heil grend av kongsgardar å sjå til. Store lånir, på gamle o nye jerdir, med hage o park kringom o uthus so store o jilde at du kunne uveta, o bø i bø låg markine bort etter heile halla, i adeleg høgd o fråstand frå stasjon o handels- o skulestelle ved "Leire". Ei liknande stormansbygd e de ei mil utafor, Herasbygda, o elles ser du slike grendir lyser her o der vel so ei halv mil ifrå kvarandre inetter alle heiar. O ingen sta e de stengt, vitt o breit syn til alle siur. Der e inge lange åslinjur etter dalføre som tvingar augo med seg op o ut, op o ut, de bare kransar seg haugar o heiedrag langt borti alle leite.

Jau eg fekk sagte røyne der va kropp. De skuld e vera so ei 4-5 mil bortover vegen der frå Elvrom til Trysil. Ja drugt va de, men langt om lenge mona de då tri mil inetter, o då skulde ein vel snart vera framme. Men miline vart fleire o fleire di lenger ein skrei, fire mil o fem mil o seks mil, o fyst då ein va mitt inni den åttende mila va ein framkomen til Trysil. Men dei ska nok ha de slik alle tryslingar: ingen vil orde ut med kor langt dei i røynda bur unda andre folk, for då vilde ingen framand koma hit sae dei. O noko kan dei ha rett i dette.

De verste e at ein bli so fortulla over al ryggjeløysa ein ser på denne vegen.

Ein fjellmann som eg vil hava alting greit; bygd ska vera bygd o hei ska vera hei. Når du ska frå ei bygd til ei annar, so fyljer du ein bekk opetter til han sluttar, so e de eit fjell eller eit res, o når du kjem over dette so bli de ein bekk som du fyljer heilt ned til dalen på den andre sia. Fjellrekkja jeng imillom bygdane som ei beingrind med rygg o siebein ut til høgre o vinstre. Eg venta o venta på ryggen me skulde over, men her va ingen rygg, anna sjire ryggjeløysa. Eg hev aldri set slikt; elvar o bekkir for som fortulla o visste aldri kor dei skulde jera av seg; so laut dei slengje seg iveg på ei von, o ein nådde fram til Rena, ein til Glåma, ein til Klara, ein til Ossjøen, o ein til Flisa; men de såg ut til å vera plent likesælt for dei kven de vart av dei som nådde hit eller dit, for va de ein som snudde seg mot nord frå fyst av so kunne han like ratt slå ein krull på seg so han kom mot sør, o austbekken rann like gott ned i vest.

Men likevel e no ikje vegen so drug som ein skulde tru. De e einast dei fyste miline som e noko lange, sea sluttar ein med å tenkje på å rekke fram, ein jev seg over til endeløysa. Ein stiller seg meir o meir in i skogkjensla som i ein lang draum som ein ikje bryr seg om å bli vekt av. De e som eit heilt draumkvæe som ljoar for deg, i fystninga tykkjer du tonen kling so framand o umusikalsk, men for kvart vers fær du meir o meir tak i han, o du likar ikje at nokon bryt deg av før du hev lært tonen o alle versa e sungne til endes. Du kvekk reint når du høyrer mannamål i denne stilla o dreg deg helst unda dersom du ikje kjenner deg trygg på at de e tonar av den same slåtten.

* * * 

Sant å seie va de meir vesalt med kroppen av Elvrom en eg hadde tenkt meg. De va mest ikje eit tømmertre å bli var heile vegen. Men her va anna å sjå.

Å nei, å nei for ein rikdom. Her låg de store viddir, mil etter mil med beste slag myrjord bare ventande på rydjar o byggjar. De va reint so du kunne hava lyst til å kaste deg ned o taka fat, bare du rett visste kor du helst skulde byrje. Her va ikje gardtufter bare, men grendetuftir o bygdetuftir. Fekk Sverik tak i dette so sette dei ned her 100 000 svenskar på ein gong til å veite o grava o byggje seg heimar. Her va kvelv etter kvelv som hadde både vidda o breidda til å røme nokre tusen mennesje kvar. Skulde ikje her vera Amerika gott nok? 

Då de lei mot kveld sia glimta de av vatn lengst borti augneleite. Der e endeleg Klara då, sae eg til sjussguten, eg tykte de va langt skulde me alt dit. Å nei, de e nok lenger til Trysil, svara han. De va ein sjø på heia, som de elles ikje va fleire av, anna Os-sjøen, som vel va in på tri mil lang, men som ein bare ser som ein ørliten lok, endå vegen jeng tett framom. 

Blåne etter blåne, endelaust, stundom litt motbakke, stundom litt med, men ikje noko ein kunne kalle ås eller berg, bare vi skogmark o myr heile vegen.

Endeleg ser eg ein skoglaus fjellrygg rise op mot sjya, de sjyna eg laut vera Trysilfjelle, o bak de bortlengste åsdrage sae sjusskaren at bygda låg.

Eg veit ikje koss de va laga, anten de vart fagrare di lenger aust ein kom eller de va kveldljosken som dåra eller om de bare va so at ein trong å ferdas ein heil dag inne på desse viddine før ein vart rett fengd eller stemt i samljo med dei akordar som spelar grunntonen her.

Visst e de at ein treng lenger ti til å bli heimekjend o gla i austlande en i dei bråfagre dalane vest på. Vestlandsnaturen e som ei svalande laug, men her austpå verkar alting som eit salt som må hava ti til å bite på, men so fengjer de og heilt ijenom.

Ein e mest ikje go til å seie farvel når ein endeleg e komen so langt at de inge fleire blånar e å fara jenom, men de bare e å sleppe seg ned over ei lang hall nedi bygda.

Men jildt e de likevel, for du hev liksom meir friske sansar til å gå o vyrde alt som mennesja hev skapa av kultur.

Du ser ikje langt framfyre deg, bare merkar på åsane andre sia dalen, at de ikje kan vera langt att, o før du veit orde av e du på brua over Klara.

De jeres mest som å vera komen til have, når ein kjem dettande ned av den lange skogen til denne store velduge elva som jeng langt ut i de framande land.

Dalen strekkjer seg flat som ein fjordbotn op o ut, o der står lauvskogen som ein einaste park millom elva o vegen den halve mila som e att til store bygda kringom kyrkja. Omfram bjørk e de alvisst raunen som e so frauig o no sto o anga på de beste med sine rike kvite blomekransar.

So opna inbygda seg for deg med ein gong. Ei tettbygd grend på flata o opetter haugane på høgre sia, prydd med lauvskog o trileta flagd o ungdomshuse hans "Trysil Knut" oppå bakken ilogande av alle raue flagdfargar, o kyrkja still o fredsam nedpå flata med kvite veggir millom alt de grøne.

Elva vikkar seg ut her eit par kilometer til ein heil sjø, o på andre sia, der de bare sovitt e plass til nokre gardar reiser seg ein bratt ås med Trysilfjelle på herdane sine.

Her e de umåtelege langlinjur, alt ifrå langt i sør, der elveromsvegen jeng, dit auga må vende seg når utlengsla tek ein, de ligg so lågt at liksom ingen ting stengjer hugleiken, ein kan tenkje seg at ein mest ser over åskanten heile sjumilsvegen til Elvrom.

Men åslinja høgnar o høgnar, ikje brått, men jamt, uta de minste hogg eller avbrot, med roleg sjølvveteleg kraft (med same ubøyelege sjølvtrygge magt som Glåma eller Klara), jev seg aldri, 8-10 kilometer fram. Der stansar ho i ein høgsett tram o jeng sea viare nordover, slepper seg ned på same måten som ho tok seg op, alt til ho når dalbotnen 5-6 kilometer lenger op.

Men eit lite stykkje inpå tramen reiser seg Trysilfjelle skogfritt op i lufta med blåe urdir o byljande barmar, o linjur o letir so mjuke o linne, at du tykkjes høyre sjoldmøyar sitje der oppe i den lette lufta o leike huldreslåttar ned over bygda. O frå den bratte lia ned under høyrer du bjølleklang o hauking o ser blåe røykar her o der krulle seg høgt tilvers frå juringane.

Heile denne grenda tykkjes mest vera meir bygd til lyst o hugna en til arbei. De e ikje som i mine bygdar småe hus med store jordviddir kringom, tvertimot e her store hus bygde som ein gresen landsby, i likning med dei vestlandske øyrar o vangar, o hagar o treplantningar framrned, men bare småe jordvejir.

Alvist denne dagen då kvart tiande mennesje i heile Trysil va på beina kom denne helgebragda til å syne seg so mykje meir. Ein fekk inga kjensle av noko arbeisslite folk, tvertom måtte ein heller tru at alle hadde velstand o goe dagar.

De va slik ei vigsle o fredsæle sveipt om bygd o folk, at ein kunne tru at livsens stri o møe endå ikje hadde nått in i denne fjellheimen. 

II

Eg hadde ikje drøymt om at eg skulde måtte reise alt åt Trysil til å høyre Lammers syngje visur.

Men sanneleg om eg kunne ha funni jildare tonehall. Han treng nok ikje medspel ska eg tru, her alvisst. Når han lae iveg med kjempemåle sit om, "einkvan nytan drengen, alt om han Olav Aasteson, som heve sovi so lenge" o tok til å mane "unge mennar o gamle" til "jeva ettergaume" o tona ut: "statt op Olav Aasteson som heve sovi so lenge",

      å, "eg veit meg aldri koss de va laga
      eg tott' de svara i berg o dalar,
      eg veit meg aldri koss de bar te,
      eg tott' de svara i stein o ve." 

Som jeislar i den jiddande solmoen smaug draumar in i hugen frå dulde heimar. O høgre o høgre lyfte de seg i bringa alt til de bygde seg op ei jallarbru over alle heiar,

      "ho heng so høgt i vinde;
      ho e al med gulli sleji
      o saum i kvorjum tinde." 

Då va de som fjelle vart ilogande, portar opna seg, med de singra i rustne hengslir o lås, o de rei ferdir ut over dalen som ingen hadde set sea ævords ti:

      "Der kom ferdi noran te
      o den rei no so kvast;
      fyre rei Grutte gråsjegg
      alt me sit store brass,"

      "Der kom ferdi sunnan te
      ho tottes meg vera trå;
      fyre rei sankte såle Mikkjel
      o luren under armen låg."

Eg tykte at domedagsluren oma over heile Norigs land med maning til gamle o unge. O "gamle mennar o unge dei jeve attegaume". O frå dei gamle draumeheimom ovras ei ny solrenning.

Eg laut tenkje eit tjuge år attende då eg kansje va den einaste i lande som song på dette draumkvæe, men bare som ei still mulling for meg sjølv til mi eiga opbyggning, som korkje mann eller møy kunne fata meir. Ein måtte løyne seg langt inni skogholom der ingen mannafot hadde trøtt, skulde ein få dei rette understrengir til å tone med i denne poesi, som Norigs folk no tyktes vera vakse ifrå. Eg tenkte de va "betre vera blaug en åbruklaug". 

Men han Thorvald Lammers va guten som ikje vilde lenger "i blygslo stande". Faersarven vilde han syne for heile Norigs folk, at her endå va gull som blenkte.

       "So jeng han til ættehaugen,
       vil krevje mål av den daue. 

       O de va unge Ormaalen
       han ville på hella brjote,
       han ropa til den i haugen låg
       o ba han måtte segren njote."

Han våga seg fram for Kristianiafolke med noko som ingen korkje før eller sea e kar for: å syngje gamle visur ein heil kveld uta jelp anten av orkester eller piano.

O "måle o mote hev jelpt no so mangein". De jekk, ja jekk storjildt. "For de va no fulla eg, sa han unge Råmund ".

O no hev Lammers sett seg de fyre, at han vil fara i by o bygd, al sta, der de e jerande, o syngje in att i folk de gamle måle med dei gamle visur o tonar.

De va som eg va komen samen att med gamle kjenningar med eg lydde på han kva.

Han Grutte Gråsjegg o han Homlung o Kåre o unge Råmund o Hølje Kvass o Trujen Ubli o Haugebonden, han Gullstein o ho Målfri o Lislebror o jamvel han Truls med bogen - dei e alle saman av mine beste venir o frendar frå eldre dagar. Eg laut minnas attende den ti eg som ung student foor kringom i Telemork o spurde op alle gamle kallar o kjeringar som kunne litevetta gamalt, sat o lydde o saug i meg kvart ord o kvar tone o drøymde om at telane skulde yngje op att lande fordi dei endå hadde leivdir av ein eldre kultur, so dei ikje turfte stige på bønstolane for den moderne tia men kunne byggje eit heilt nytt tempel på dei gamle tuftir. Men dei va for blauge o rædde sit eige.

De e æra hans Lammers at han hev lyft dette gamle heilt op i høgsæte att. Han e ingen framvisar av fornleivur, av sverd som hev leji i jorda sa dei e rustne. Han hev slipt op att dei 600 år gamle sverd so dei bit som dei skulde vera nye. O likevel hev han ikje slipt bort noko.

Han syng dei ikje på same villmansmåten om dei gamle feggane borti Telemork o heller ikje hev han brigda noko etter kunstmusikkens jerdir. Han syng so einfengt som mogeleg o uta alle avbragdir men med slik innerleg o fin forståing både av tone o meining, o syner os at dette gamle e kultur o kunst ogso i moderne forstand. Han tek de ålvårleg som ein prest, o likevel kan han sleppe seg laus, i hallingen han trallar, so at me heiltop tykkjes sjå stoga full av dansande kåte kjempur med jønnskodde helar.

Nei rett då han tok til å rope o langtone i høgmælom ut over alle heiar o spyrje om "du hev set noko til kjeringa mi, langt nord i leitom, går o jæter jeitom, svart hatt, rau stakk, lita, gamal, låghalt," då tok de meg so hardt at eg laut turke meg i augom, eg tenkte på kor vondt de va å ferdast åleine i framande bygdar, de va som for ein halt å gange stavlaus o for ein dimsynt å vera brillelaus. Ille nok e de når ho reiser bort o eg jeng att åleine heime. Men verre e de lel når eg e ute o ho e att heime. For eg hev vant meg so til de no at ho fører orde, so eg mest ikje kan snakke sjølv. Når nokon spør meg om noko, e eg vand til at ho svarar lenge før eg fær op munnen, o når eg vil spyrje om noko so hev ho alt sagt de før eg hev tenkt ut ko de va eg meinte å seie. O då ho talar so mykje betre en eg so tenkjer eg bare ein liten stubb sjølv, so les ho de o fører de ut både i tankar o ord.

Hadde de ikje vori so vel at han Truls med bogen va komen slengjande på vegen etterpå o sett litt kveik i meg att, so veit eg ikje koss de hadde jengi.

III

I Trysil e alle vejir lange; de som sør på lande ligg nokre hundra meter borte e de i Østerdalen elles nokre kilometer til, men i Trysil e de like so mange mil. Når ein spør om kor langt de e dit o dit i Trysil so e de aldri mindre en 2-3 mil. Men til Rena skulde de verkeleg vera snøgt, bare ei 3-4 mil, so eg vontes å kunne nå dit på dagen.

De va bratt op lia; men so va ein på høgda med de same o hadde vidda fyre seg austetter, der de ikje va anna en klyvjeveg til nokre gardar halvannar mil in på heia. Eg tenkte eg skulde koma ova vedbande her o få ein frisk fjellgufs, men de va nok inga rå, den høgste ryggen nådde bare 1900 fot over have.

Men her va de skog, på austsia gran, på vestsia furu, kjempetre som ein sjelda ser dei no lenger.

* * *

Snart rei eg, snart jekk eg, snart køyrde eg, snart rodde eg, men endelaus va skogen. Endå de va greiare med vatne her en på Elvromsvegen; for de som ikje jekk til Trysil de fann ratt vegen til Os-sjøen, som samla ihop frå alle kantar.

Men underleg va de å svive åleine inne i storskogen. De e slik ei høgti o einfengd, når ein veit de e mange mil til bygda på alle kantar o bare skog heile vegen. Alvisst der som øksa ikje hev herja i mans minne, for då e de mannateft i kvar kroken. Men inni jupaste heia der alt stend som de hev stai o trea hev vaksi so lenge til dei sjølvstupar o endå ligg eit hundra år før dei bli til mold - o du sjølv jeng som på botnen av eit hav - der e de som du bli lyft bort frå ti o heim o in i ævur då de va troll som rådde i skogom o haugebonden jekk jamsies bonden sjølv heime på gardom.

De vart for meg so underleg kjent, som om de va der eg hadde svevi al min dag o aldri vori i bygd o by. Eg spurde meg sjølv kor de va ifrå eg fekk slik heimkjensle, men kor eg grona so kunne eg ikje koma etter de, so de truleg må ha vori ein gong fyre dette liv, at eg hev vori eit eller anna skogvette, kansje den levande ånd i ei krokut furu.

Eg tykte de susa so underleg under greinom, o då eg skulde lye etter va de som de sveiv for øyrom etterslengen av haugebondekvae:

      "Snillan du."
       De lyes ut på Bonor
       med haugebonden leikar o rimar."

"Snillan du " song de som døyvd langeleiklåt kringom kvar ein gamål furu- eller granlegg. O eg fekk de ikje frå meg. Ko eg elles freista å tenkje på, so kom de att:

      "Snillan du."
       De lyes ut på Bonor
       med haugebonden leikar o rimar."

Då jekk de op noko for meg, so eg laut bråstanse.

Jauvisst, jauvisst! Haugebondekvae de e songen min de, som eg bare hev skrevi om att i "Or duldo" med andre ord o annan buna. Men tonen e den same. De e maktir i breidd me de medvetelege o sanselege, som leikar i eller kringom os, o som me endå ikje heilt kjenner. De e bare i audna o stilla at dei kan tala til os, dersom me då hev øyro for so granne læte.

Eg skulde havt mest hug til å sleji meg til i denne skogen o aldri komi ut att, livt der som ein skogånd alt til de hadde grott mose på meg. Men de hadde vel ikje lenge vorti tre her hell, øksekarane hadde vel snart kom i o skræmt meg av. O tunvorden hev rømt frå gardane alsta der samljoen i hus o stell e borte o vondt e de o få han att. De fins nok ingen avkrok att no, der ein kan få vera åleine dersom ein ikje lagar seg eit lognt reir i sit eige jarta.

Då eg kom ut på store, breie vegen att kjendes de som om eg hadde vori i laug. Eg va so fjåg vorten at eg kunne hava svalla med kvar gamal kjering o dansa med kvar ei jente. 

O ved Os-sjøen sjein de in over heiar o lette luftige fjellrekkjur som lyste ljosraut i kveldsglimen. Eg drøymde om nybygde grendir borti alle leite, om attkomne vette i alle skogar ovenslege tunvordar på kvar gard o ein levande ånd i kvar mannabringe.

O på store breie vegen jekk eg fri o lett nedjenom mot dalen, endå jonsoksola sto beint over hovue mit. Dei lange snorbeine veglinjur vart som strenge tankar, åsane tøygde seg ihop o dro seg ifrå kvarandre som heile systemar, o dei tinkrulla småsjyir sveiv som åndar med leik o læte.

Då ynskte eg at vegen aldri måtte slutte anna eg fekk svive soleis i endeløysa o suge av somarens søte kveik. Bare njote live o forme de ut til klårskap for meg sjølv. Fara i ukjende bygdar so eg slapp at nokon slo fylje med meg. O de rann meg so mangt i hugen at eg nær hadde stansa o sett meg til å grone o drøyme under kvar busk.

Men med eit hugsa eg på at eg laut skunde meg til å nå stasjonen, eg skulde heim o vega smøre åt alle egnunkjeringane.

O de va somen sant, eg va då vistnok ein jift mann, dersom eg ikje reint mismintes, o de sveiv som ei skodd for minne, at de langt oppe i dalom va då visst ein Kimpelimpe, som kunne slengje armane sine om halsen min o seie "va ". Ja hadde de ikje vori for de eg tykte forvite i å sjå om han hadde fengi jaga loppa bort av armen sin, so trur eg at eg hadde bare sett i eit sprang tvers over dalen o beinast tilskogs att o aldri komi til folk meir. 
 

Frå Ivar Mortenson: Svall 1879-1898. Kristiania: Bokreidar Bertrand Jensen 1898. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad