Hausten

(Dikt, 1883)

Av Ingebjørg [Jore]

Dagjen stuttnar, Lufti kolnar,
Gras vert gult, og Lauv fell av.
Alle Blomanne er folna,
bleike sig dei i si Grav.
Fuglanne 'kji meire kvittrar,
dei hev fokji herifraa
dit som Soli enno glittrar,
dit som Snjo dei aldri sjaa.

Svart ligg Vatnet, det 'kji sankar
Solglans meir, det blenkjer 'kji.
Skjygd er Sol av tjukke Bankar,
tungt dei ligg paa Fjell og Li.
Kalde Vind med Regn i Fylgje
stryke frammed nakne Strand.
Baarunn' hardt mot Sandi skylja,
sprøyter Skome høgt paa Land.

Aa tru eg ha' Svolu-Vengjir
og kunde fjuke burtom Nut
langt, langt til dei friske Engjir,
dit, der Blomen døyr 'kji ut,
dit, der Fuglen allstødt byggjer
kvittrande i grøne Tre,
dit, der Skjy 'kji Soli skjyggjer,
og der Lauvi fell 'ki ne.


Frå Fedraheimen. 20de Oktober 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad