Den blouge Blomen

(Dikt, 1883)

Av Ingebjørg [Jore]

Du vesle Blome! du stod so løynde
I haage Gras, eg deg mest kje øygnde,
Eg tott' du var bert eit turka Blad,
Men no eg ser du er ven og rar.

Smaa kvite Bjøllur i Toppen dullar
Og Bladi fint utifraa seg krullar,
Og Stylkjen er baade grann og bein,
Og Angjen din er so fin, so rein!

Du vesle Blom! tru eg var deg like
I vera vene og inkje sprikje *).
Tru eg, som du hadde meire paa,
Enn nokon fyrstundes konna sjaa!

*) Vera stolt. 


Frå Fedraheimen. 1ste September 1883. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad