So tak daa mine hender

(Salme, 1927)

[Omsetjing etter Julie von Hausmann]

Av Peter Hognestad

So tak daa mine hender,
Og før du meg
Til ferdi heim seg vender,
Min Gud, til deg!
Eg kann kje einsleg ganga
Eit steg, aa nei,
Eg maa ved deg faa hanga,
Styr du mi leid!

Aa, lat di miskunn gøyma,
Mitt hjarta mildt,
So det seg sjølv kann gløyma
Og verta stilt!
Lat barnet ditt faa kvila,
ja, ber det du!
Daa kann det roleg smila
Og blindt deg tru!

Og skulde natti dylja
Di store makt,
Eg veit du fram vil fylgja
Som du hev sagt.
So tak daa mine hender,
Og før du meg
Til ferdi heim seg vender
- Ja æveleg!

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad