Leid, milde ljos

(Salme, 1914)

(Lead, kindly light)

Av John Henry Newman, til norsk ved Peter Hognestad

Leid, milde ljos, igjennom skodde-eim,
leid du meg fram!
Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
leid du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
so langt og vidt eitt steg er nok åt meg.
 
 
Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
leid du meg fram!
Eg vilde velja sjølv min veg, men no
leid du meg fram!
Eg vilde leva vilt, var stolt og strid
og stor i mod −, gløym den dårskaps tid!
 
 
Di makt hev signa meg, då veit eg visst
du leider enn
i myr og fjell og heid, og so til sist
ein morgon renn,
då til meg smiler engleåsyn blid,
som eg hev elska før, men mist ei tid.
 
 

Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Engelsk original frå 1833 (prenta 1834), norsk tekst første gongen prenta i Stille Stunder nr. 18/1914. Melodi: Charles Henry Purday (1860). Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum