Kyrkja og maalreising

(Artikkel, 1921)

Av Peter Hognestad 
Kva skal kyrkja gjera under ei national maalreising?
      Ho skal tenkja paa det som folk sa den dagen den kristne kyrkja vart fødd: "Me høyrer deim tala um Guds store verk paa vaare tungemaal." Apg. 2, 11. Folk sa det visst med undring og gleda. Det er ikkje fyrst og fremst kulturmaali som dei tenkjer paa; rein græsk er ikkje med, og latin stend sist i rekkja. Det er morsmaalet dei meiner, "det maalføret me er fødde i", segjer dei.
      Paulus visste og at det laag ei magt i morsmaalet. Daa han skulde døyva den rasande folkehopen i Jerusalem, brukte han deira eige maal. "Og daa dei høyrde at han tala til deim paa hebraisk, vart dei endaa meir stille." Apg. 22, 2.
      Maalreising er som ei folkeleg umvending. Folket vil finna att sitt eige maal, som det fyrr hev vanvyrdt. Daa vaknar dei ideale magter til nytt liv, slike som elsk til heimen og kjærleik til fedrelandet.
      Slike tider er sers saatider og grortider for Guds ord, som vil kalla folket heim til seg sjølv i enno djupare meining. Eit folk som lengtar heim til seg sjølv, er ikkje langt ifraa Guds rike. Den kyrkja som ikkje daa ser si store uppgaava, ho er blind.
      Dei store reformatorane i kyrkja var ikkje blinde i dette stykket. Wiklif i England og Huss i Bøhmen og Luther i Tyskland hadde den lukka aa liva i ei national nyreisingstid som Gud fekk gjera til ei religiøs reisingstid. Den kristelege vekkjing fekk straks eit emne til aa arbeida med, ein deig til aa gjenomsyra.
      Ein tysk professor segjer um Luther: "Den tanken at han ikkje berre letta og rettleidde samvitet hjaa den einskilde kristne, men at han og med same arbeidde for eit stort maal: sjølvstende og velferd for fedrelandet, denne tanken gav hans aand ny kraft og hans ord ein sving som aldri fyrr, ja ein heilag harm som no andar ut or dei skrifter han brukar til kvasse vaapn mot valdsmennerne".
      Luther var ein varm fedrelandsven og ein svær maalstrævar.
      Daa han umsette bibelen, vilde han finna fram det beste tyske folkemaalet. "Ein lyt spyrja mori heime og borni paa gata og den simple mannen paa torget etter dei rette vendingar, og høyra etter korleis dei talar og umsetja etter det." Ordi var ikkje lette aa finna, stundom kunde han leita 14 dagar etter eit einaste ord.
      I 1535 skriv han til ein ven i Nürnberg, at han maatte faa ein gut til aa samla inn nye tyske bilæte og rim og songar og bøker, og so senda deim til han, for han vilde endaa lære seg upp i god folkeleg tysk. Luther samla og tyske ordtøke og skriv ei tysk namnebok. Dette minner beintfram um Ivar Aasen i Norig.
      I ei so aalvorleg stund som under riksdagen i Augsburg i 1530, daa Luther budde i Koburg, dreiv han millom anna paa med ei umskrift av Æsops fablar til tysk folkelesnad.
      Me ser at Luther hadde klaar syn for det djupe og vide arbeidet som laut til, um reformationen skulde verta ei sann kristeleg folkevekkjing.
      Den norske maalreising hev og fenge si kristelege og kyrkjelege sida. Me er ein flokk som prøver aa fylgja etter med evangeliet og vigsla dette som veks fram i folket.
      Mange møter oss med motlegg. Det norske maalet er for simpelt og kvardagslegt til aa bruka i kyrkja. "Dei kann daa ikkje preika paa same maalet som me bannar paa", sa ein mann.
      Me svarer at det maalet som er vaart eige, er ikkje for simpelt til aa beda og syngja paa. Og me vilde helst preika soleis paa det, at folk skulde slutta aa banna.
      Men daa kjem dei med motlegg fraa ein annan kant. "De pyntar for mykje paa maalet, de tek upp gamle ord som er komne ut or bruk, og de lagar nye sjølv".
      Ja, me skal gjerne vedgaa at den som hev fenge øyra upplate for norsk klang, han gjeng Luthers veg paa leiting etter gode heime-ord. Me vil æra Gud med det beste vaar tunga eig.
      Og me hev gode fyrebilæte. Luther hev eg alt nemnt, me kann og taka med dei danske reformatorar.
      Det danske maalet er no eit godt kulturmaal, so mange synest mest tru at det er uraad aa faa anna kulturmaal her i landet. Men det hev ikkje alltid vore so. Ein gong var dansken eit fatigt vanvyrdt bondemaal, som storfolket saag ned paa. Kven var det daa som stræva for dette maalet? Det var prestane. Fraa reformationen og utetter kann me nemna mange maalstrævar-prestar. Kristiern Pedersen med si bibelumsetjing, Peder Syv med sin danske grammatik, Thomas Kingo med sine salmar, og mange andre.
      Det saag reint ille for danskemaalet ei tid. Latin og fransk kappast um herredømet hjaa dei lærde og hjaa storfolket. Tysk raadde i byarne og mange stader paa landet med.
      Dansken Richard Petersen, som hev skrive um Kingo, segjer: "Dansk maatte finde sig i at indtage den nederste plads, omtrent paa samme maade som bønderne. Og disse sidste var noget nær de eneste der talte modersmaalet saa temmelig rent. En lykke var det, at det danske sprog skulde lyde fra prækestolen; derfor blev ingen nærmere at hævde det end præsterne, der stadig offentlig maatte benytte det. Men et var at benytte det mundtlig, et andet skriftlig. - Man kan let tænke sig hvor vanskelig det maatte være for datidens dannede mennesker at behandle dansk."
      Lovi sa at prestane skulde preika paa dansk. Men det fanst folk som ikkje vilde finna seg i denne "tvang". Medan Kingo var bisp paa Fyn, vilde sjølve stiftamtmannen ha tysk prest for seg og sine folk, og det var tysk feltprest i Odense baade for offiserar og soldatar. Kingo var so harm paa slik aatferd, at han skreiv um storfolk "der maaske i tredive aar haver ædt fædrelandets brød i hans majestæts tjeneste og haver dog ikke villet lære tredive danske ord, fordi de ikke har villet tage dette vadmelssprog paa sine silketunger".
      Sume segjer til os norske kyrkjemaalsstrævarar: "De skal venta til maalet er fulltferdigt, so skal me taka det i bruk i kyrkja". Hadde dei danske prestane tenkt so, daa hadde det ikkje vore dansk maal i Danmark lenger.
      Nei prestarne tok det simple og vanvyrde bondemaalet og "stræva" med det og dyrka det.
      Richard Petersen segjer um Kingo: "Kjærligheden til vort sprog drev Kingo til at dyrke det; ligesom flere andre præster paa hans tid søgte han at rense det for fremmede ord og derimod optage gode gamle danske ord, der var gaaede ud af almindelig brug".
      Dette som vert sagt til ros for Kingo, det segjer dei her i landet til last for oss norske maalmenner.
      Men som Kingo gjorde, so hadde alt Kristiern Pedersen gjort med den danske bibelen. Han tok upp gamle danske ord som mest var gløymde, og han laga nye ord og vendingar. Molbech segjer "at de nye udtryk var av fuld national lødighed, dannede i overensstemmelse med sprogets love og derfor ogsaa i besiddeIse av lovlig borgerret i dette". Av slike gamle eller nylaga ord kann me nemna: arvedel, avind, baade (bata), bygningsmænd, dagvælger, domhus, dørvogter, enbaaren.
      Til kyrkjemøtet i Skottland i mai 1910 sende den engelske kongen ein serleg sendemann, jarlen av Stair. Han bar fram helsing fraa den nye kongen og melde at han likesom far sin vilde gjeva 2000 pund om aaret til arbeid for evangeliet i skotske fjellbygder og paa øyane. Og kongen ynkste serleg at noko av pengane skulde gaa til aa læra upp prestar aa preika Guds ord paa det gæliske folkemaalet. Jarlen la og sjølv eit godt ord inn for slike "maalprestar". Folket i fjellbygdene og paa øyane skulde faa Guds ord forkynt paa det storlagde gamle maalet som dei hadde fenge fraa federne. Det var heilagt for deim ved mange gamle minne, og dei elska det so varmt. 
      Det gæliske maalet i Skottland er vel helst eit døyande maal, som dei gamle held paa. Folkemaalet i Norig er i aukande bruk og det er mest ungdomen som samlar seg um det. Men hev ikkje ungdomen krav paa hjelp fraa kyrkja likso vel som dei gamle? Dei bed um "maalprestar"; heile bygder søkjer um aa faa slike, og ved ungdomsstemnor og møte er det spursmaal etter deim baade tidt og traatt. Her kann me trygt segja at ei uppgaava ikkje berre ligg og ventar, men stend og ropar paa norske prestar. Kva skulde vera i vegen for aa fylgja kallet?
      Du segjer kanskje: "Dei vil berre ha preika for maalet si skuld". Men daa spør eg: Kor kann du vita det? Og um so var, so kann du prøva aa preika so, at folk segjer som gjenta sa: "Eg trudde eg skulde faa høyra um maalet, men no fekk eg høyra um Jesus".
      Bispen Heuch var ingen maalstrævar, det veit me alle. Den gongen daa eg skulde verta "maalprest", greidde eg ut for han mine tankar um at kristne maalmenner maatte fylgja med Guds ord og vigsla den sak som ungdomen hadde kjær. Daa svara bispen: "Ja, jeg vilde have gjort akkurat det samme, hvis jeg var av Deres mening ".
      Om saki sjølv sa han ein annan gong: "Selvfølgelig gaar den sag igjennem. Dere har jo bugten og begge enderne. Men hav barmhiertighet med os gamle folk".
       Ja det skal me lyda den høgvyrde bispen i. Dei kjære gamle kristne skal ein gong faa sjaa at det just er maalstrævarne som i sanning vil æra dei gamle. Det var ikkje ein maalmann som sette upp slagordet ærer de unge! Trur de gamle at ungdomen vil noko vondt naar han bed um aa faa Blix-salmane i kyrkja og skule?
       Tenk etter kva Blix-salmane er: ei klaar og greid tolking av fulltonande bibelsk kristendom. Er det kristeleg klokt aa segja nei naar ungdomen bed um aa faa syngja dei salmane i kyrkja?
      Det var ein gamall mann som var so eitrende sinna paa Blix-salmane. Men so hadde han ei liti sonedotter som sa til han: "Eg segjer deg det, bestefar, at du maa ikkje røysta mot Blix-salmane. Eg bed deg so vænt!" Denne bøn i fraa veslegjenta kunde ikkje gamlingen staa seg imot, for ho var "gudlabadnet" hans.
      De gamle kristne, ungdomen er daa vel "gudlabadnet" som de unner det beste. Og det er alt mange gamle som synest at ungdomen kunde ha funne paa det som verre var enn aa syngja Blixsalmar og høyra maalpreikor.
 
 

Frå Peter Hognestad: Kyrkja og maalreising. Utgjeve av Det vestlandske maalkontor, Bergen 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad