Heidra far din og mor di

(Lesestykke, 1920)

Av Peter Hognestad

Heidra far din og mor di, segjer Guds bod. Heidra og æra det stykket av livet som du hev fenge, so vil du hava lukka med det stykket av livet som du sjølv skal skapa, då skal det ganga deg vel, og du skal leva lenge i landet. Den som ikkje held dette bodet, skjer livsrøtene burt under si eigi framtid. Den som ikkje takkar for livsgåva, kjem ikkje til å gjera noko utav livsuppgåva. Den jordiske livsgåva hev me frå Gud gjenom foreldre og fedreland. Skaparen hev gjort oss gjeldbundne til deim som det er lettast å elska. Difor er det so stygt når mange lurer seg burt frå den gjeld dei hev fenge på so gode vilkår. Ei mor elskar og bed um svar på kjærleiken, men ho fær ikkje alltid svar. Det var ei mor som hadde son sin i Amerika. Ho fekk folk til å skriva brev burt, men det kom aldri svar. Då tenkte ho: Det kjem seg av at eg ikkje sjølv kan skriva. So gjekk ho til læraren der i bygdi kveld etter kveld og lærde skriva med dei gamle krokute fingrane. Glad var ho då ho hadde skrive sitt fyrste brev; no måtte vel sonen svara. Men tenk det utrulege hende: han svara heller ikkje då.
     Fedrelandet er ei mor som skriv og talar kjærlege ord til oss. Men Norig hev lenge skrive med framand hand, og sønene hev ikkje svara med den rette kjærleik. No hev ho lært å skriva med eigi hand og kan tala meir beint or morshjarta. Vil me no svara, eller hev me nordmenner gløymt å vera søner?
     Mor Norig er fatig, segjer folk. Ja, men sønene hennar er vel framfødde og godt upplærde. Det syner seg når dei kjem til Amerika. Når ei mor hev fenge sønene vel fram, er det ingi skam for henne um ho hev slite seg fatig på det. Men det er ei skam for sønene som let mor si vera fatig. Er mor Norig fatig, so lyt me nordmenner bera skammi for det.
     Når nokon hev liten kjærleik til fedrelandet, er det ikkje berre skam, men ogso skade. Fedreland, foreldre, barneliv er grunnmuren under det liv me skal byggja i manndoms år. Skal ein få tid til å byggja noko, må ein byggja på den grunnen som er lagd. Dei som gjeng burt frå denne grunnen i ungdom og manndom, må leggja ny grunnmur. Men det vert det sjeldan tid til, difor vert den grunnmuren berre fusk, og livet vert for mange eit luftslott utan grunnmur.
     Kan me då undrast på at so mange folk er heimlause og fredlause og ikkje finn seg til rettes i livet? Heile livet vert ei einaste heimlengting, og når dei etter lang umflakking stend ved heimegrunnen att, ser dei med undring kor god han vilde vore å byggja på. Men no er det for seint, dei er alt gamle folk. Kristendomen er den einaste verkelege berging for dette. I Jesus Kristus lærer me å elska livet som me hev fenge. Me ser at det store offer ikkje er det som me gjev Gud, men det som Gud gjev oss. Vårt offer vert lite mot dette, men det fær noko ved seg som er stort i Guds augo: Det vert bore fram med heil hug og heilt hjarta. Me hev so mykje liv å takka for, at me med gleda gjev alt for Gud og alt for fedrelandet.

 


Frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Severin Eskeland. Tridje upplaget. Kristiania: Forlagt av Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.