Dollsteinhola

(Forteljing, 1924)

Av Peter Hognestad

Eit minne frå visitasferdi på Sunnmøre i 1923

     I Sande prestegjeld på vestsida av Sandsøyi er det ei merkeleg hola som gjeng inn i fjellet, fyrst på skrå nedetter og so nokolunde horisontalt heile 180 meter inn. Det er den namngjetne Dollsteinhola. Ein mann som hadde vore inne der, fortalde at han hadde set namni på biskopane Pontoppidan og Neumann skrivne på fjellveggen med krit, og eg meinte at det ikkje vilde vera uhøveleg um den noverande Bjørgvinbisp og gjekk inn.
     Det var den 13. august me kravla upp fjellsida til inngangen, eit lag på 18 personar, og av deim var 14 personar med inn i hola, soleis både prosten og forrettande sokneprest. Føraren var Sigvald Baade, son til Fredrik Baade som i si tid hadde ført biskop Birkeland inn i hola. Me trong tri-fire timar til å koma inn og ut. Snart var gangen so trong at me laut krjupa, snart laut me upp og ned yver store steinar, og stundom vida hola seg ut til velduge kyrkjekvelvar. Serleg ein stad kunde me ikkje sjå upp i taket kor mykje me lyste med ljos og elektriske lampor.
     Eit stykke innanfor denne katedralen vida hola seg atter ut til eit mindre kapell, og då var me komne til botnen og laut stogga. Me sløkte alle ljos ei stund og gav oss yver til den uhuglege kjensla av å stå i kolmyrker djupt inne i fjellet. So kveikte me ljosi att, og det vart skrive ei melding um ferdi med år og datum og alle namn, og papiret vart nedlagt der so trygt som råd var. Eg kom til å tenkja på dei gamle kristne som laut halda gudstenesta i katakombane um dei skulde få fred. Ut frå denne stemning messa eg Fadervår på latin med tone frå Missale Romanum, og eg sagde nokre ord um skilen millom fyrr og no.
     Den gongen laut tenarane i kyrkja røma for folket inn i den myrke hola. No var repræsentantar for folket førarar inn i den myrke hola og gav studnad på ferdi med sine sterke armar. Gjev det alltid må vera so i vår norske kyrkja, at dei som tener med ord og sakrament må kjenna at folket er med ogso i tronge og myrke tider.
     Sidan song me "Gud signe vårt dyre fedraland" djupt inne i Noregs hjarta, og tok so på utvegen att. Der fjellveggen var slett nok, freista me å skriva namni våre med årstal attåt. Me lyste alle stader etter andre namn, men namni Pontoppidan og Neumann kunde me ikkje finna. Derimot såg me Sigvald og Einar Skavlan med årstalet 1861 attåt, og mange mindre kjende namn både frå eldre og nyare tid.
     Då me kraup og gjekk ut att, var det godt me hadde ariadnetråd, so me ikkje gjekk oss vill i dei krokute gangane. Underleg kjært var det å sjå dagsljoset att, og endå lufti slett ikkje hadde vore ufrisk inne i hola, var det godt å få anda fritt under open og solfylt himmel. Me song "Deilig er jorden, prægtig er Guds himmel", og den kjende songen fekk nytt innhald for oss.
     Heile turen hadde vore strid, so ein av deim som var med, sagde at slikt gjer ein ikkje meir enn ein gong i livet. Eg for min part var lemster og lembroten i lang tid etterpå, men eg tregar ikkje på ferdi; ho kjem til å vera eit ugløymande minne.


Frå Norvegia Sacra IV. Redigert av Oluf Kolsrud. Kristiania 1924. Side 271–272. Elektronisk utgåve 2001 ved Gudmund Harildstad og Jon Grepstad