Aa, ver hjaa meg

(Salme, 1927)

[Omsetjing etter Henry Francis Lyte]

Av Peter Hognestad

Aa, ver hjaa meg, for no er kvelden nær,
Og snart det myrknar, Herre, hjaa meg ver!
Naar all mi hjelp og trøyst hev flytt sin veg,
Du hjelp for hjelpelause, ver hjaa meg!

Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag,
Og jordlivs gleda med sitt tame jag!
Umskifte ser eg kring paa all min veg.
Aa du som ei vert umskift, ver hjaa meg!

Kom ikkje berre med eit helsingsord,
Men som du var hjaa dine her paa jord:
Tolmodig, venleg, tru og hjarteleg,
Kom ei som berre gjest, men ver hjaa meg!

Kom ei som redsle-kong med toreklang,
Men mild og god med lækjedom i fang,
Med hjarta for kvar bøn og trøyst for treg,
Du syndarven, med naade ver hjaa meg!

I daapen tidleg tok du meg i fang;
Og um eg ofte vildra paa min gang,
Du hev kje svike meg som eg sveik deg;
Aa Herre, alt til endes ver hjaa meg!

Eg treng ditt nærvær kvar ei stund som kverv,
Din naade einast døyver freisting djerv.
Du er min førar og min trygge veg,
I skodda og i solskin ver hjaa meg!

Kvi ottast meir naar du meg signar mildt?
Graat er kje beisk, og saar gjer ikkje ilt.
Kvar er din brodd, du daude? spør eg deg.
Eg siger vinn, min Jesus er hjaa meg!

Syn meg din kross naar augo mine brest,
Lys meg til himmels naar det myrknar mest;
Sjaa, morgonroden skin alt paa min veg.
I liv og daude, Herre, ver hjaa meg!

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad