Morgon og kveld

(Roman, 2000, utdrag)

I
 
Meir varmt vatn Olai, seier gamle jordmor Anna
    Nei stå no ikkje der og heng i kjøkkendøra då mann, seier ho
    Nei, nei, seier Olai
    og han kjenner ein varme og ein kulde spreie seg over all huda som reiser seg og ei lykke går igjennom alt hans og pressar seg ut som tårer i auga der han skundar seg bort til komfyren og begynner å ause dampande varmt vatn opp i eit trau, så varmt vatn ja det skal det nok bli ja, tenkjer Olai og auser endå meir varmt vatn opp i trauet og han høyrer jordmor Anna seie at det held sikker no, seier ho og Olai ser opp og der står gamle jordmor Anna attmed han og ho tar trauet
    Eg kan bere det inn sjølv, eg, seier jordmor Anna
    og så høyrest eit tilbakehalde skrik frå kammerset og Olai ser gamle jordmor Anna inn i auga og han nikkar mot henne og flirer han ikkje litt med munnen òg der han står
    Tolma deg no, seier gamle jordmor Anna
    Blir det ein gut, skal han heite Johannes, seier Olai
    Vi for no sjå, seier jordmor Anna
    Johannes ja, seier Olai
    Etter far min ja, seier han
    Ja det er ikkje noko gale med det namnet, seier gamle jordmor Anna
    og endå eit skrik høyrest, opnare no
    Tolma deg no Olai, seier gamle jordmor Anna
    Tolma deg, seier ho
    Du høyrer kva eg seier? seier ho
    Tolma deg, seier ho
    Du er fiskar, du veit at det ikkje skal vere kvinnfolk i båten, ikkje? seier ho
    Jau jau, seier Olai
    Og no tyder mannfolk det same, du veit kva det vil seie? seier gamle jordmor Anna
    Ulykke ja, seier Olai
    Ja nettopp ulykke ja, seier gamle jordmor Anna
    og Olai ser gamle jordmor Anna gå rakt i retning kammersdøra og trauet med varmt vatn held ho framfor seg på strake armar og så stansar gamle jordmor Anna framfor kammersdøra og ho snur seg mot Olai
    Stå no ikkje der, seier gamle jordmor Anna
    og det støkk til i Olai, står han no der og så uforvarande spreier ulykke? nei det var då slett ikkje meininga og skal det no gå gale med ho høgt både akta elska og æra Marta, kjærasten hans, kona hans, skal det no det, nei det må det ikkje gjere
    Lat att kjøkkendøra du Olai og set deg ned i stolen din, seier gamle jordmor Anna
 

Frå Jon Fosse: Morgon og kveld. Det Norske Samlaget 2000. Side 7-8.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag