Auge i vind

(Dikt, 2003, utdrag)

 
Dei er der som båtar
på eit hav
 
stort som alt som er
mange
 
båtar
små
 
og små og urørlege blir dei vogga inn
vogga ut
vogga inn
 
i det store havets
 
båtar
inn i den store båten
 
havets store båt
båten like stor som havet
 
båten som er havet
og som ser havet  Dei små båtane på det store havet
Eg ser dei små båtane på det store havet  Og eg tar rundt
 
bordkanten framfor meg  Og måtte den kjærleik eg har
bli verande hos dykk
de mine kjære
 

Frå Jon Fosse: Auge i vind. Det Norske Samlaget 2003. Side 5.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag