Eit og anna um Bonde-Trældomen fyrr i Tidi.

 
(Del 2 av 4. Fyrste delen.)
 
II.
 
( Frankrike, Framhald).
 
I 1739 sette Bønderne upp paa tri Stader, for Svolten vart for stor; dei myrdad Kvinnur, som gjekk paa Vegen med Braud. Bispen av Chartres fortalde Kongen, at Bønderne aat Gras som Sauder og døydde som Flugur.
 
Bispen i Clermont skriv i 1740, at Bønderne i Auvergne liver i ein fæl Armodsdom, forutan Seng og Husbunad. Mesteparten av dei vantar Helvti av Aaret Byggbraud og Havrebraud, som er det einaste dei hev aa livnæra seg med, og som dei lyt riva ut or Munnen paa seg og Borni til aa betala Skattarne sine.
 
Dei fortel um Ludvig den 15de, at eingong, som han gjekk paa Skytteri, kom han fraa Fylgjet sitt og inn i eit Skogsnar. Der møtte han ein Mann, som ankad seg med ei stor Likkiste paa Ryggen. Kven er det, som du ber paa, spurde Konge. Kona mi, sagde Bonden. Kva er ho daud av? spurde Kongen. Av Svolt, svarad Bonde.
 
Det som gode Kongar og Ministrar hadde gjort til aa hjelpa upp Bønderne, hadde lite munat. Henrik den 4de gjorde mykje; han vilde, at kvar Bonde skulde hava ei Høne i Gryta si kvar Sundag, og gav Bønderne Lov til aa gaa med Kappe, naar det snøad elder regnde _ for slikt hadde berre Herrarne havt Rett til. Colbert freistad og paa aa hjelpa dei, som sagt, men det vart berre verre og verre.
 
Det hev allstødt synt seg, at Herremennerne kann tena paa aa pina Bønderne sine til eit visst Punkt; men naar dei gjeng ut yver det Punktet, so bikkar det, og so tapar Herremennerne paa Hardstyret.
 
Daa Ludvig den 14de drog Adelsmennerne fraa Godsi, der dei fyrr hadde butt og havt Tilsyn med Bønderne sine og paa ein Maate liksom sytt for dei fatige, og dei for til aa tura upp Pengarne sine paa Kongsgarden og heldt Gardsgutar paa Godset og pinte og pinte ut av Bondejordi, so vart Bondejordi paa Slutten so utpint, so ho gav ikkje lenger noko av seg, Adelen visste seg ingen annan Utveg til aa gjera Pengar enn aa selja Bondejordi, og daa Revolutionen braut ut, hadde Bønderne kaupt Tridjeparten av Frankriks Grunn.
 
Sume Stader, som Vendee og Poitou, budde Herremennerne for det meste paa Herregardarne og sytte for Bønderne, so der var Tilstandet meir, som det fyrr i Tidi hadde voret i alle Bygder. Difor hjelpte Bønderne der Herremennerne i Striden mot Revolutionen. Det var liksom tvo Aarhundrad, som møttest i Strid: Bønderne fraa den patriarkalske Millomalderen mot dei nedtrælkad Bønderne fraa det 18de Aarhundrad.
 
Som sagt, daa Revolutionen braut ut, aatte Bønderne Tridjeparten av Frankriks Grunn. Desse Sjølveigaranne slapp for aa gjeva Herremannen halve Avlingi, som Festebonden laut gjera, men elles var det ingen Skilnad.
 
Fraa Fyrstningi av det 18de Aarhundrad tok store Tenkjarar til aa skriva um denne 
Trældomen, og baade i Frankrike og hine Land var det mange, som lydde etter dei. 
Men likevæl vart det ikkje stort gjort. Paa Statens Jordegods vart Bønderne personleg frie, og det vart slakkat paa Stavnsbandet, slik at Herremannen ikkje skulde hava Rett lenger til aa setja etter og henta att ein Boden, som hadde rømt.
 
Men elles vart det mest som fyrr.
 
Charles Dickens let ein fransk Bonde fortelja um sine Kaar i Midten av det 18de Aarhundrad soleis: Me var skattlagde av Herremannen utan Ynk og Naade, nøydde til aa arbeida aat honom utan Betaling, laut mala Kornet vaart paa Kverni hans, føda heile Drifter av Høns aat honom med vaar stakars 
Avling, men fekk ikkje Lov for Livet vaart til aa halda ein einaste Tamfugl sjølve. So snøydde og plundrad var me, at naar me var so heppne aa eiga ein Bite Kjøt, aat me det skjelvande, med Bomm for Døri og Luke for Vindaugat, at ikkje Folki hans skulde sjaa det og taka det fraa oss; me var so nækte og kringsette, og var so fatige, at Far vaar sagde, det var ein forfælande Ting aa setja eit Barn i Verdi, og det, me skulde mest beda um, var at Kvendi vaare maatte verta barnlause og vaar ynkelege Ætt døy ut. Syster hans gifte seg med ein sjukleg Mann; so fekk Bror aat Herremannen Hug paa ho og vilde laana ho, men ho vilde ikkje. Du veit det, fortel Bonden, at det høyrer til deira rett, desse Adelsmenner, aa setja oss Aalmuge-Hundar i Selen og lata oss draga Kjerra¹). So sette dei Mannen hennar i Selen og dreiv han. Du veit, at dei hev Rett til aa halda oss i Markerne deira heile Natti til aa gjæta Froskarne og Paddurne¹), at dei ikkje skal uroa dei i deira adelege Svevn. Dei heldt han ute i den usunne Toka um Natti, og jagad han tilbake i Selen um Dagen. Men han let seg ikkje lokka. Nei, daa han slapp ut or Selen ein Dag til Middags, til aa faa seg Mat, um han kunne finna noko, sukkad han _ og døydde ved hennar Barm.
 
Øksi laag ved Roti av Treet. At so mange Bønder no hadde slitet seg fram til Sjølveige, og at Tanken um Menneskjeretterne, at alle var fødde frie og like, no vart so sterk, grov under den gamle rotne Feudal-Bygning. Natti til 4de August 1789, paa ei einaste Eldhugs Natt, ramlad det gamle.
 
Sidan vart dei franske Bønderne reiknad for Folk. Og det hev dei ærleg fortent.
 
I Frankrike er Gardarne no svært smaa. Smaabruki (La petite culture) skal løna seg best i dei fleste Bygderne der.
 
I England er der 100,000 Bruk, 150 Rikmenner eig halve England. I Skotland er Bruki endaa større; 1700 eig 2/ 10 av Landet.
 
Men i Frankrike er det 3 ¼ Million, som eig større og mindre Bruk (Smaalappar er ikkje reiknad med). Dei fleste Arbeidsfolk paa 
Landet hev si eigi Stova og ein liten Jordflekk, og han veit, at um han er passig og sparsam, kann han koma til aa eiga Jord sjølv, men med Storbruks-Drifti i England vandrar det store Flokkar med fordrukne heimlause Arbeidsfolk fraa Bruk til Bruk og søkjer Arbeid.
 
Kor sterkt Frankrike hev vortet ved dette, synte seg, daa det skulde ut med 5 Milliarder til Tyskland. Daa dei lagde ut Listur, som Folk kunne teikna seg paa, dei som vilde laana Staten Pengar, so kom det so tjukt av Bønder og Smaafolk med sine Spareskillingar, so dei fekk radt so mykje dei vilde.
 
Iaar er det 96 Aar sidan, Statsraad Foulon sagde dei namngjetne Ordi: Folket er ikkje for godt til aa eta Høy.

Berre 96 Aar sidan.

( Meir.)
 

¹) Dette hadde dei røyneleg Rett til!