Til Ungdomen.

 
Det er ei gild Tid me liver i no. Livsvekking og Framgang paa alle Leider. Kven, som vil, baade rik og fatig, kann faa god Upplæring og fylgja med i den aandelege Livsvokstr her i Heimen. So var det inkje for 30 _40 Aar sidan. Daa var Skularne komne lite tilvega. Skulemeistararne var lite lærde. Dei hadde lært aa lesa tolegt godt, og so kunne dei skriva etter Forskrift inkje so gale, naar dei strikad paa Papiret. Og so kunne dei reikna etter den fremste Luten av Cramers Reiknebok. Avisur saag Folk paa Landsbygdi inkje noko til. Dei trugad Borni sine til aa læra Forklaringi og noko lite av Bibelsoga, og so sat Læraranne med ei lang Stong og slog dei, som lite visste. Spursmaali, dei kom med, kunne inkje hanga anten i Sekk elder Tog.
 
Drykk og annan Uvyrdskap var det mykje av utyver Bygderne. Folk saag paa Prestarne som aandelege Politimeistarar, som Straffens Ris.
 
Det var ein og annan Mann i kvar Bygd, som hadde vunnet inkje so litet fram, men den aalmenne Mengde laag nede i Villskap. I dei seinare Aari hev Folket vakset fram i 
Sedskap so sterk, at ingen kunne hava drøymt um det. . No er Mengden med i Alt. Kva som hender i Regjering og Storting veit Folk um paa alle Landsens Kantar. Møte vert haldne i kvar Bygd, og daa stend Prestar, Lærarar og Bønder som jamne Karar og greider ut sine Tankar, kvar paa sitt Vis. Her er Liv i alt; i Kyrkjesaker, i den kristelege Missjon, i Politikk, i Avhaldssaki, i Bygdestyre og ellest i alt, som høyrer til Spursmaali, som er uppe i Tidi. Skular er her paa Landsbygdi i mengdevis: Amtssklar, Folkehøgskular, Kveldskular og Barneskular. Alle desse hev fenget eit anna Lag. Læraranne er brennhugad for Framgang. Baade dei og Borni brukar no sitt eiget Maal. Dei fortel den heilage Soga _ Bibelhistorie _ som ein livande Straum. Alt dette legg no Grunnen til ei sterk Livsmagt i Folket; det gjev eit kristelegt Grunndrag i Livet. Difor tek det no av med gamall Ulivnad og Uvyrdskap. Varer denne Framgangen noko Bil, som me vonar, so vil Norigs Folkeliv koma til aa vera so reint og so sterkt, at det vil standa som eit Ljos for heile Verdi. Lat oss no stræva etter det. Me maa jamna ut all Standsskilnad og lata alt Arbeid faa den Vyrdnad, det skal hava, so Rik og Fatig kann vera saman som Brødrar.
 
Ein Ting maa Landsgutarne inkje gløyma. Det er aa dyrka Jordi. Dei maa inkje berre ganga paa Greidleik, um dei er aldri so rike, men dei maa læra seg upp baade i Tungarbeid og i Kunstarbeid. Ein Gardmann maa vera dugleg til allslags Arbeid. Han maa kjenna dei nye Framstig til aa letta paa Arbeidsmaaten og vinna eit betre Stell i mange Ting. Landsfolket stend enno tilbake i dette. Der maa drivast sterkare paa med aa temja upp Handelaget fraa den tidlegaste Ungdom. Dei unge Gutarne, helst fraa Fjellbygdi, lyt taka ut og læra seg upp, inkje berre i Bokskular, men i Handverk, Jordbrjoting og alt sovoret. Dei rike Gardemannssøner skulde reisa til dei Bygder, der Arbeidskunsti er komet lengst fram, og byggja seg ein Tur som Tenestgutar, for aa sjaa koss Folk steller seg der. So kann dei koma heim og gjera Forbetringar i Heimbygdi. Av all Magt maa me no taka paa aa dyrka upp Jordi, so Etterkomaranne kunne sjaa, at Folk i denne Tid hadde inkje berre Hovud, men og Hender.