Litt um Jordbruk.


(Av J. Å ).

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)
 
I det fyrre Stykkjet talad eg um, at me tapar paa aa føda Kreturi daarleg elder tildess medels mot aa føda dei so godt som mogeleg. Det kunne voret Møda verd aa rekna ut, kor stort dette Tapet er; men dette er ikkje godt aa gjera so lenge me ikkje har ordentlege Gards- og Fjosrekneskap aa retta oss etter. Ein kann finna det ut so umlag paa andre Maatar og, soleis ved aa leggja til Grunn nokre vitenskaplege Prøvur um dette; men desse Prøvurne er so faae, at ein paa denne Maaten ikkje kann vera so stød paa aa treffa Medeltali. Ei Talrekkje, utreiknad etter desse Prøvur vil likevæl vera nyttig, trur eg, og eg skal difor freista aa setja upp ei slik. 
Dei har funnet ut, at vælhaldne Kretur treng av godt Høy umlag 1/ 60 av Livandevigti til Livfodr. Etter desse Prøvur veit me og, at gode Mjølkekyr gjev like stor Vigt Mjølk, som dei fær Avdraattsfodr, elder for kvart Kg. Avdraattsfodr gjev dei eit Kg. Mjølk, at dei kann liva paa eit Fodr av 1/ 60 Høy av Livandevigti, altso berre Lvifodr, og at dei utan Skade kan bera upp til 1/ 25 Høy av Livandevigti si.
 
For aa gjera Rekningi so simpel som mogeleg, skal me tenkja oss, at me fodrar med berre Høy. Me har t. D. 112 Kg. Høy aa gjeva for Dagen heile Vetren, og so skal me sjaa, korleis det gaar ettersom me fodrar det upp paa faae elder mange Mjølkekyr.


Kor
mange Kyr.
Livande-vigti av kvar Ku i Kg.
Kvar Ku og Dag Kg. Høy.
Dags-fodr i Jamfør-ing med Livande-vigti.
Livfodr ( _ 1/ 60 av Livande-vigti) i Kg.
Av-draatts-
fodr i Kg.
1 Ku mjølk-ar kvar dag Lite-r.
1 Ku mjølkar heile Vetren (= 240 D.) Liter.
Mjølke-mengd av alle Kyr for Vetren, Liter.
Pengeverd f. all denne Mjølki (1 Lit. _ Kr. 0.10) Kr.
8
9
10
11
12
14
16
18
20
350
342
336
330
324
312
300
288
276
14
12,4
11,2
10,2
9,3
8
7
6,2
5,6
1/ 25
1 /28
1 /30
1 /32
1 /34
1 /35
1 /43
1 /46
1 /49
5.8
5,7
5.6
5.5
5,4
5,2
5.0
4.8
4,6
8.2
6,7
5,6
4,7
3,9
2.8
2,0
1.4
1.0
8.2
6,7
5.6
4,7
3,9
2,8
2,0
1.4
1.0
1968
1608
1344
1128
936
672
480
336
240
15744
14472
13440
12408
11232
9408
7680
6048
4800
1574,40
1447,20
1344,00
1240,80
1123,20
940,80
768,00
604,80
480,00
Kvar Ku treng for heile Vetren (240 Dagar) Kg. Høy.
Kormange Liter Mjølk ein fær av 100 Kg. Høy.
3360
2976
2688
2448
2232
1920
1680
1488
1344
58,6
54,0
50,0
46,0
41,0
35,0
28,5
22.5
17,8

Eg vonar, at Lesaranne skynar desse Talrekkurne utan nokor Rettleiding. Elles skal eg lata dei tala sjølve aat dei, som finn det Umaken verdt aa tenkja dei igjenom.
 
Naar Mjølkemengdi her er sett til eit visst Maat for dagen heile Vetren, so er dette gjort berre for aa faa Talrekkjurne simplare og greidare. Det segjer seg sjølv, at Kyrne mjølkar meir med det same dei hev kalvat, enn seinare, liksom dei og fær meir og betre Fodr i det fyrste enn i det siste av Mjølketidi. Desse Tali skal altso vera Mideltal. Er det nokon som trur, at Mjølkemengdi etter denne Rekningi er for stor, so skal eg til eit Døme nemna, at Hallingdalskyr paa Bygdø Hovedgaard i Medeltal av 9 Kyr og 9 Aar har mjølka 7,5 Pd. Mjølk for kvart Pd. Livandevigt for Aaret, og Telemarkskyr i Medeltal av 10 Aar og 86 Kyr hev mjølkat 6,8 Pd. Mjølk for kvart Pd. Livandevigt. Kvar Hallingdalsku mjølkad i medeltal for Aaret 2375 Pottar og kvar Telemarkskyr 2425 Pottar.