Godt gjort.

 
I Fyrstningi av dette Hundradtalet, medan me endaa var under Danmark, hadde me Krig med England og Sverike. Rundt ikring den norske Strandi for det so fullt av framande Krigsskip, at det var reint faarlegt aa ferdast for norske Farty; for dersom Herskipi kunde faa fat paa ei norsk Skute, so tok dei henne. Folket førde dei til England og sette i Fengsel elder Prison, og Skuta og Farmen fekk Utlendingen. Men Lukka var ikkje altid med Fienden.

I 1808 var det ein norsk brigg, som laag i Kraakerøy og skulde til Danmark med Trelast. Skiperen heitte Søren Nilsson. Han siglde ut mange Gonger, men laut snu heimatter for dei fientlege Herskipi, som laag utanfor og lurde etter norske Farty. Men tilslutt vart det slik Skort paa Korn i Landet, at ein laut noko gjera, og Nyaarsaftan siglade daa ogso Søren Nilsson avstad; det fekk gaa, som det kunde. Det for væl av, til han kom ned aat den jyske Strandi. Men der laag det eit svensk Herskip, som fekk sjaa Briggen, og daa Søren Nilsson korkje hadde Folk elder Vaapen nok til aa verja seg med, og daa herskipet siglde snarare enn Briggen, var det lett for Fienden aa gjera Nordmennerne til 
Fange. So tok Svensken og sette Søren Nilsson og fem Mann av Mannskapet paa Briggen umbord i Herskipet, for daa tyktest han vera uræddare for deim, og so sende han nokre av sine eigne Folk umbord i Briggen til aa styra honom. Dei hadde ikkje siglt langt, fyrr dei raakad paa ein norsk Brigg til. Svensken tok honom med. Den Briggen var fraa Larvik. Svensken gjorde no sameleis som fyrr; han tok Skiperen og fire Mann paa Briggen og førde umbord i Herskipet sitt og sette nokre av sine eigne Folk umbord i Briggen til aa stella med honom. So siglde dei daa igjen avstad; Herskipet siglde i Midten, og dei tvo norske Briggarne ein paa kvar Sida. 
Det var Svensken si Meining aa sigla til Sverik med Fengdi si; men Vinden var so kontrari, at han laut taka ei onnor Stemna, og dermed snudde han vestetter, liksom han vilde til England. Men dei elleve Nordmenner, som var umbord i Herskipet, gjekk berre og tenkte paa, um det ikkje skulde vera ei Raad til aa koma seg fraa Fienden. Dei lagde upp Raad i Stillheit, og ein Dag, daa dei var komne so langt ut som fyre Lindesnes, fekk dei fatt i 
Vaapen umbord i Herskipet, sette inn paa Svensken og vann paa honom so aldeles, at han laut leggja fraa seg sine Vaapen og vera deira Fange. So firad dei ned det svenske Flagget og heisad upp eit dansk istaden, for den Gongen var me, som sagt, endaa under Danmark, so me hadde ikkje noko serskilt norskt Flagg. Daa dei svenske Styremennerne paa dei tvo Briggarne saag, at Flagget vart skift paa Herskipet, tok dei Mistanke, at det var hendt noko galet og vilde difor sigla sin 
Veg fraa alt saman. Men Nordmennerne sette strakst etter deim. No kom det væl med, at det svenske Skipet var so snarsiglt. Det varde ikkje lenge, fyrr Nordmennerne naadde i Briggarne, gav deim nokre Skot fraa Kanonarne og nøydde deim til aa gjeva seg til Fange. Der etter siglde Søren Nilsson inn til Kraakerøy, og der kann du skyna, at dei vart baade glade og forundrad, daa dei saag, at han kom siglande med tri Skip, fyrst sitt eiget, so Briggen og eit svenskt Herskip attpaa.

Samanlikn Constantius Flood, Fra Fjeld og Skjærgaard.

(Dag).