Flaa-arar.

 

(Av I. E. Maakestad).

 

(Del 1 av 2.)

 

 

I Tjukkebygdi bur ein stor og sterk Kar, som heiter Mikkel, og som vert kallsd Stuta-Mikkel, avdi han i mange Herrens Aar hev handlat Stutar.

 

I lang Tid var han plent aaleine i heile den store Bygdi, som dreiv detta Yrkjet.

 

Daa gjorde han mange gode Varp.

 

Hjaa Gardmennerne heime var han mykje tungerapp, og filte og gnekad, til han fekk Prisarne passeleg laage.

 

So godt som det kunde lata seg gjera for ein dreven Handelsmann, prakkad han ut atter i Byen Kjøtet av sine svarte, raude og graa, beljande, olme Kretur.

 

Jamnaste selde han svert radt, for han kunne gjera seg so søt i Maalet, at ”Damurne” plent laut kaupa av han. Han hadde lært seg aa segja: ”De, Frue”, og det hjelpte han langt paa Veg.

 

”Damurne” totte, Mikkel var ein danad Kar _ for Bonde aa vera.

 

Kvar einaste Gong, han kom heimatter fraa Byen, hadde han med seg ein Sokk, som var full av Mynt, baade Bronse og Sylv, baade Gull og Setlar.

 

Den Sokken var Mikkel ovlege glad i.

 

Men i ein annan Sokk hadde han ei Flaske Konjakk, som kostad ei Krune.

Av den Sokken tok han seg ender og Gong ein vermande, upplivande Drykk.

 

Hende det stundom, at nokon spurde, korleis det var gjenget paa Turen, svarad han alltid med aa sukka og klaga yver dei syndlege, laake Tider. Det gjekk mest paa Tap, sa han.

 

Men aldri so snart vart Mikkel aaleine atter, fyrr Skalken kom fram, ein logn Smil la’ seg kring Munnen, i innerleg Glede gnidde han Henderne, stakk dei ender og daa ned i Lumma, og sette seg beint ned paa Stolen.

 

”Jau, eg hadde nok 200 Krunur paa den Turen, men kva kjem det nokon annan ved. Her er Skattar nok

likevæl. Nei, du let deg nok ikkje narra so lett, du Mikkel”, mullad han grinande for seg sjølv.

 

Vinningi la’ han likevel ikkje paa Kistebotnen; han sette ho i Banken i Grannegjeldet, der han hadde mange Pengar. Men i den Banken, som er i Tjukkebygdi, skuldad han Pengar, som han ahdde laant til aa dyrka upp 
Garden sin med. Ikkje eit livande Liv her maatte vita noko um, at han hadde Mynt sjølv, daa her elles ikkje vart verande for Skuld desse Skattar og Tyngslur til Skulen og ”Kassa”.

 

Medan Kreturhandelen gjekk som allerbest, hende det ein god Dag til stor Ulukke for Mikkel, at ein sløg Kropp, Olav _ han var av Strilaslaget _, fann ut, at Kreturhandel maatte vera ein god Næringsveg. _ ”Der kunne ikkje vera tvo Meiningar um det”.

 

Og so byrjad han aa ganga i Vegjen for Mikkel, som til si usegjelege store Sorg saag Umtykkjet sitt minka Dag etter Dag.

 

Olav var sløg nok til aa smiska for Bønderne og gjeva litt høgare Pris enn som Mikkel oftast var vant til. Serleg baud han meir enn det vanlege for sovorne Kretur, som han hadde fenget snusat upp, at Mikkel hadde tingat paa fyreaat. For han likad ovlege godt aa tirra han Stuta-Mikkel so mykje, han væl torde vaaga utan aa lida Tap av Pengar ved det.

 

Dei laglege Gardmenner var ikkje vonde aa faa til aa bita paa Kroken, for Trass i alt sitt Godlynde hev dei gruvelegt godt Skyn paa og Kjærleik til denne verdslege Mammon. 
Smaatt um Senn vart dei fælande blide mot Olav, _ men tok med det same til aa skjegla aat Mikkel, og log hjarteleg godt for seg sjølv, daa dei merkte, at Mikkel vart kokande sint, _ so sinnt som ein av dei olmaste Stutar.

 

Det var tunge Dagar; _ dei sjau skrale Aar var komne.

 

Dei tvo Kreturhandlarar vart meir og meir sinnte etterkvart som Tidi gjekk og Kappstrævet vart stridare.

 

Dei sette Prisen paa Stutar og Kyr, Skinn og Kjøt høgare og høgare upp for aa tirra kvarandre. Kvasse Ord fall faa baade Sidur; dei nemnde kvarandre med dei vænaste Namn, dei endaa hadde lært aa bruka i heile si daadrike Ferd millom Stutar og Kyr, millom Damur og Slagtarar.

 

Um nokon kunne orka aa slaa ein Mann ihel med store Ord, _ ja so maatte han Mikkel og han Olav for lenge sidan ha’ voret daude.

 

Men soleis gjekk det daa ikkje.

 

Dei var og vart livande baade Stuta-Mikkel og Olav Stril. Det syntest desmeir, at dei likad seg ovlege vel, serleg naar dei rett tilgagns kunde faa laga ei truleg Lygn um kvarandre.

 

Og jamen høvde det ofte, dei fekk det til.

 

For dei Kararne var vel heime i den vyrdelege Ljugarkunst. Du store min, kor dei laug!

 

_ Mikkel hadde alt lenge gjenget og grundat yver, um det ikkje paa noko Sett elder Vis skulde kunna lata seg gjera aa finna ein nem Utveg fraa denne gruvelege Kattepina, denne Strilen hadde sett han i.

 

Jau, endeleg ljosnad det.

 

Han saag ein Utveg, ”ein god Utveg men fælt so leid”.

 

Han laut ganga stad og gjera Fred med Olav.

 

Det kostad han eit svært Basketak med hans eiget trassige Kjøt og Blod, som stridde imot; men Enden vart

daa likevel, at han tvang Trassen. Det gode i han hadde vunnet ein djup Siger, totte han.

 

Daa han hadde fenget den fulle Kjensla av dette, vart han med eit so blid og fornøgd, at han paa fljugande Flekken laut ta’ seg ein tvo-tri Drammar.

 

So strauk Mikkel avstad til han Olav.

 

Dei vart forlikte og skulde ha’ Lag um Kreturhandelen.

 

Og alle gamle Synder dei imillom skulde vera gløymde _ dei viste det væl baade tvo, at dei hadde Synder paa Samvitet sitt _; fraa no av skulde dei vera dei beste Vener paa heile Guds grøne Jord.

 

Aa kor godt Næringi no skulde drivast.

 

Mikkel skjeglad lett med Augo burtaat han Olav, som sat og trallad og song, medan han heldt Brennevinglaset i eine og ei Krukke i den andre Haandi.

 

”Me skal byrja strakst”, sa’ Mikkel.

 

Ja det vilde Olav og.

 

So drakk dei paa, at det maatte verta soleis, som avtalt var.

 

Og dei tvo var fælt til fine Vener i tvo lange Aar.

 

Dei hjelptest aat baade til aa ljuga og snyta, som trugne Handelsmenn altid gjer, naar det kann slumpa til aa lata seg gjera.

 

(Sluttar.)

 

Frå Fedraheimen 05.12.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum