[Tidender.] Unionsspursmaalet

 
er sterkt uppe i denne Tid. Svenskarne blir meir og meir misnøgde med Samlaget, og der er ei mengd med svenske Blad, som halda fram den Meining, at det vilde vera likaste, um me var kvar for seg, og at Unionen altso var uppløyst.
 
Det er underlegt aa høyra slik Tale fraa Sverike. Det var daa Svenskarne, som i 1814 dreiv hardaste paa med aa faa dette Sambandet istand. Nordmennerne bad ikkje Svenskarne um Unionen.
 
Men no heve Samlaget med Sverike vart i 71 Aar. Det gjekk betre og lukkelegare enn me hadde tenkt. Ikkje soleis, at det hev voret berre til Gagn, men i det heile hev Unionen lagt større Fred og Tryggleik inn i Folki, so Fredens Syslor hava trivest væl. Den Faare, som vaare Fedrar var rædde for i 1814, nemleg at me skulde koma til aa gaa upp i Sverike elder koma inn under det, hev ikkje komet. _ 
Tvertum hev me vortet meir og meir likestelte i Unionen.

Nordmennerne likar difor betre Unionen no enn fyrr, um der enn kann vera eitkvart endaa aa retta paa.

No likar derimot ikkje Svenskarne aa vera i Laget. Serleg er dei misnøgde med, at der no er 3 norske Statsraadar attmed dei 3 svenske, naar utanrikske Saker verta umhandlad i Utanriksministeriet. Dei synest vist, at det ikkje er Rett, at Nordmennerne er sopass likestelte.
 
Me trur no elles, at det ikkje vil vera lett aa faa nokon Skilnad til. Men skulde det henda, vil det ikkje verta berre til Skade for Norig, og den Skaden, som blir, vil verta like stor for Svensken som for oss.

(Dag).