[Tidender.] No er Valstriden


slutt for iaar. Alle Stortingsval er ferduge, endaa det kann nok henda, at det maa gjerast upp att i Vestfold (Jarlsberg og Larvik), daa det tykkjest koma alt klaarare Prov for, at dei hev fenget ein Valmann for mykje i Stokke.
 
Det hev voret kvass Strid iaar og. Høgre hev fyrste Gong voret i Opposisjon mot Regjeringi iaar, og det kvesser og eggjar ein det. For han er væl gløgg, som gjæter, men gløggare den, som sæter¹), segjer Ordtøkjet. Naar ein veit, at ein hev Magti, so er ein meir lat og likesæl av seg, og so er det alltid verre aa gløda Folk upp til noko nytt enn aa riva ned paa noko gamalt. Den som riv ned, han sinnar seg upp og freistar aa eggja Folk upp med alle mogelege Midlar, og alle vert samstelte, det merkjest ikkje, um det kann vera Tvidrag og Skilsmaal i Flokkarne aldri so mykje. Men no den, som hev Magti og hev Program aa arbeida for, han skal fyrst og fremst greida ut dette klaart og greidt og verja det imot alle Aatak, og daa er det verre um aa halda Flokken samlad, so ikkje all Kritiksjuken fær bræsa seg ut for mykje og kvar vil ganga sin veg, so at Samheldet brest.
 
Ein kunne vera stygt ottsam for, at det skulde hava gjenget den Vegen med oss og, som heile Tidi aa kalla berre hev voret vande 
til aa risa paa Bakbeini og bruka Frambeini til aa slaa og klora.

Men sanneleg gjekk det ikkje likare enn nokon skulde tru. Me hevdad vaar nye Stelling med Ære. Me hev vist Verdi, at det norske Folket kann vera likeso traust og trugjet i Samheldet for Nybygging paa Fridoms og Framgangs Grunnar, som me hev fenget Ord aa vera det i Striden mot vaare Fiendar. Ikkje noko Atterslag hev synt seg; dei som sagde, at Vinstrepolitikken sette iveg for fort og peikad høgre enn Folket kunne fylgja og Utviklingi kunne gjeva, dei hev vortet avsannad.

Det var væl sume i Vinstre og, som var hugad til aa draga noko til andre Leider, men dei fekk ikkje Folket med seg. I det heile maa ein segja, at Vali iaar er væl so frilynde, som dei nokosinn hev voret.

No fyrst, etter desse nye Vali kann ein segja, at Landet er komet heilt til Ro etter all den kallege Striden i Storpolitikken. No skal det verta meir Tid til aa gjenomføra meir fredelege Ting soleis som Maalsaki og anna. For no hev me fast Grunn under Føterne; me hev ei Regjering, som er utvald millom dei beste og gildaste Menn her er i Landet, og me hev fenget eit Storting, som hev fenget Fullmagt av Folket til aa stydja Regjeringi og arbeida saman med ho paa beste Maaten.

Det er ikkje nokon Gong Folk lyg so mykje som i Vali, vert det sagt, og det kann væl vera so ymist med oss og. Det kjem upp so mykje vondt um Folk i Valtidi, som ingen skulde tru. Ein maa reint verta rædd for aa verta steld upp som Valkandidat, um ein er aldri so mykje Fagnakar. Ein veit ikkje av, fyrr det vert sett ut um ein i Blad og paa Møte baade det eine og det andre. Og anten det er sant elder ikkje, so hev Folk den Gjerdi, at dei fyrr trur alt ilt um ein, enn dei trur det som vert imotlagt til hans Bate.
 
Og det er ikkje berre Folk, som vert ille medfarne i Valtidi, men det vert sagt mangt eit laust Ord og sett ut mangei Heimløyse og Lygjesvæde um baade Saker og Program. Den eine Flokken lyg paa den andre, og so maa alle taka sin Mun att. Lufti er full av Last og Hædingsord, og Skarv og Fusk og Revestreker vert opendagat paa alle Leider, Sakerne vert plukkad so sund elder ofsad so upp, at det vert ikkje til aa draga Kjensl paa dei. So er det eit leidt Ord fraa sine eigne som ein skal verja, so er det eit Saart Ord fraa ein Motstandar, som ein skal løyna burt. Alle Vantar og Lyte skal gøymast burt, alle Parti skal hava sitt blankpussat og gildt som paa ei Utstelling. For det er berre Valdagen det spørst um. Daa skal alt syna seg for Folket i sin beste Glim og Glans. Um det daa etterpaa kjem nokon Stur elder Atterstraum, det fær daa vaaga seg.
 
Dagbl. segjer eit vitugt Ord um, at no er dei oratoriske Kampleges Tid forbi, og dei slær eit Slag imot alt det lause Snakk, som kjem fram paa Folkemøti. Me held med Bladet i det, at dei ikkje alltid kann vera til Gagn. Det vert som eit Komediespil; ein skriv etter nokre Folketalarar likesom etter andre Skodespilarar. Og so fer daa desse rundt umkring og les upp den same Leksa og motlegg kvarandre med dei same Ordi, gjøler og sinnar seg upp paa same Maaten allstad, og Folk gamar seg og lær, likesom dei sat paa eit Cirkus og saag paa Hundar og Hanar.

Heimefolket fær mest ikkje Tak til aa segja 
eit Ord, det er berre Stortalaranne dei skal lyda etter og gjera seg upp ei Meining um Sakerne berre etter deira Ord og Utgreidingar. Og er det daa so, at Folks eigne Tankar ikkje plent høver i alt med det, som Stortalaren segjer, elder dei ikkje likar han, so gjeng dei helder med paa Motpartiet, um dei og kann vera samstelte med dei hine etter Grunnen.

Me vilde lika det mykje betre, um Stortingsemni sjølve meir foor ut i Valringarne og fortalde Folk, kva dei vilde, og so at det var meir med heimlege Møte, der vanlegt Folk ogso kunne faa tala. Stortalaranne gjer mykje godt, men dei kann gjera mykje vondt og.

¹) = ligg paa Lur etter noko.