Sivert Nielsen.


Ja han Nielsen, det er ein framifraa Mann, segjer Nordlendingen.

Mor hans var det so reint smaatt for, at ho gjekk gardimillom og bad seg fram; og daa hadde ho honom litle Sivert paa Ryggen. 
Ho var ei vitug Kvinne, og lettlivad. Daa han vart sopass, fekk denne Sonen hennar vera Gjætar hjaa ein Mann, og han hadde Guten Vetteren yver for Sælbot. Det var ein kvik og gaaen Glunt; um Vetteren, daa han var i Skytja, sette han upp Vedskidorna og gav seg til aa yverhøyra deim. Og so hava me denne Forteljingi um, naar Stortingsmannen i Vargskinnspelsen kom inn i Stova, der han Sivert sat.

Presten gaadde seg paa, at det var ein evnerik Ungdom, og han tok og sette honom til Lærar i Vik i Helgeland, utan at han hadde voret annanstad enn paa Aalmugeskulen. No hadde han mykje aa øva seg med, so han kunne gjera Framgang i si eigi Utvikling; men det gjekk so smaatt; det gjekk attende og; soleis var han ei Tid noko vel kvik og; men so tok han seg anna til, for han kjende vel, at han hadde Evner i seg til aa verta noko stort, og no gjekk det fram med honom. Han vart Ordførar, kom seg inn i Amtstinget og vart kjend utyver. Dei gaadde seg fulla paa, at den unge Klokkaren i Vik kunde brukast til noko kvart, for det var eit ljost Hovud, som det heiter. Som Ordførar fekk han mykje aa gjera med Embætsmennerne. Dei maatte faa Vyrdnad for Dugleiken hans, for han visste aa stella med deim, og stødt fekk han sitt fram.

Eingong var Heradstyret samlat paa ein Gard; der var komne nokre Storingar, og so skulde der vera eit Møte. Desse Storingarne og Ordføraren, Nielsen, sat i den eine Stova og skulde greida noko, som var vandslegt; dei andre Medlemer av Heradstyret sat i ei onnor Stova. Um ei Stund kom ein av Storingom ned aat dei andre. Han vilde ynskja deim tillukka med den duglege Ordføraren, dei hadde der i Brønnø.
 
Han hadde eit sterkt Minne, so han hugsade og kunne fortelja dei andre, kva dei hadde sagt for lenge siden, og som dei sjølv hadde gløymt av; og han var ein skarp Tenkjar, so han heldt Traaden. Han var ikkje god aa koma i Ordsstrid med, so lett som han hadde for aa udtrykkja seg. Røysti hans var veik; men Ordi kom so lett og so fint. Han snakkade so mildt, sjølv um han var aldri so sint; men Ordi var kvasse, so han raakad godt.

Soleis var det ein Gong der var eit Møte, og der var ein Storing _ eg trur det var Presten _ som sat og las i nokre Logjer. So vart han sint og kastad Boki burtetter Bordet: Her ser vi, hvad I har bestilt paa Stortinget!

Han Nielsen tok det med slik Ro; han trudde ikkje Mannen las aldeles rett og meinte, han maatte sjaa yver det ein Gong til. Jau, naar det bar til, so hadde han leset galet, Nielsen hadde Rett.

Han var ikkje stor paa det, um han hadde komet so høgt, som me veit. Naar han var samen med Nordlendingarne, so snakkad han liksom dei, snakkad baade med store og smaa.

Han gjekk berre tarveleg klædd. Han fortalde sjølv um ein Fest, som dei heldt i Kristiania, daa Kongen skulde koma dit; alle Stortingsmennerne var der, og Nielsen gjekk i vakre, men heimgjorde Klæde, so han merkte seg ut. So var det ein av Uppvartarom, som ikkje kjende Nielsen; han var iveg og bad honom ganga ut; for det skal vera berre Stortingsmenner her! men han vart skamfull, daa han fekk høyra, kven det var.


(Dag).