Mannaverdet.


Paa eit Møte i Haag i fjor vart det haldet eit Fyredrag um, kva eit Menneskje er verdt, naar ein reknar det ut i Pengar. Der vart det hevdat, at alle Utgifter, som ein brukar til det offentlege Helsestellet er innsparde Pengar, som vil koma oss til Gode, for det er Sjukdomar og Død, som gjev oss dei største Tap og Tjon, og det som skadar kvart Menneskje, vert og til Mein for heile Mannaætti.

Umfram det aandelege Verde, som eit Menneskje med alt sitt Vit hev, so er ogso Kroppen mykje verd. Um ein ansar etter Kropsverdet berre, vil ein finna, at det er størst millom 25 og 40 Aars Alderen. Det stig jamt fraa Barnetidi og til ein er 25 Aar gamall, og so held det seg ved like, til ein er 40 Aar, daa tek det til aa siga nedyver att. Verdet er laagare for Kvende enn for Menn, laagare for Landsfolk enn for Byfolk, størst er det hjaa dei, som stend høgst i Daning.

Reknar ein soleis ut verdet for heile Frankrike, vert det umlag 41 Milliarder (41,000 Millionar); set ein Folketalet til 38 Mill., so vert kvar Mans Verde 1097 Franks, eit Tal, som er noko laagare enn det, som Amerikanararne reknar det til, nemleg 3500 Dollars. Engelskmennerne set det til innmot 200 Pund Sterl.

Dei hev og reknat ut, kva Tap Sjukdomar fører med seg. Ved dei franske Sjukehus var det i 1880 innlagt 500,000 sjuke med 16 Millionar Sjukedagar. Set ein so Utgifterne for kvar til 2 Franks Dagen, vert det 32 Mill. Franks. Set ein Arbeidsløni til 2 Franks Dagen for Mann og 1 Fr. for Kvende, og legg det attaat, so vert det 22 Mill meir. Av dei 500,000 sjuke døydde 42,000 elder umlag 12 av 100. Etter dette Forhold millom Sjukdom og Døying reknar ein so ut, at Sjukdomen veld eit Tap paa 655 Millionar. Legg ein so attaat den Summen, som ein fekk ut ved Tapet paa Sjukehusi, so vert det tilsaman 708 Mill. Franks, og legg ein dessutan det Tap, som alle Fødsfall veld, so vert heile Summen 1 Million og 600 Millionar, som er Halvdelen av heile Budsjettet til Landet.

Kunne ein tenkja seg, at ein kom til aa stella fullvæl med Helsa, so at ein kunne minka av Tiendeparten paa Døydetalet, so vilde Frankrike kvart Aar spara 165 Millionar. 
Daa det er Farsotterne, som riv burt mest Folk, og daa ein ved Vit og Umtanke kann bøygja dei av utrulegt, er det her aa venta vonom større Innsparingar av Mannaliv og 
Pengeverde. I det 10de Aarhundradet reiv Sotti burt umlag 100 Mill. Menneskje, i det 14de Aarhundrad gjekk Svartedauden og kostad 73 Mill. Menneskjeliv. Kopparne reknar ein endaa kostar Frankrike 7 Mill. Franks um Aaret. Tyfussen som gjekk so hardt millom Soldatarne i 1884 reknar ein kostad 34 Mill. Franks.

Kunn ein t. D. minka noko av paa Herstellet og bruka Pengarne til aa faa eit betre Helsestell, meiner dei, at det vilde vera til stor Bate for heile Mannaheimen.