Fraa Jendeheim til Eidsbugarden.

 
(Av P. J. K.)
 
(Del 1 av 2.)
 
Me vaknad Klokka 6 um Morgon, det tok til bli Røre nede i Kjøkkenet hjaa Verten i Jendesheim. Det var fullt med Reisande fraa mange Kantar, som laag aa ventad paa Vindstilla for aa koma nordyver Jendin. Eg rettad meg i Sengi, reiste meg og fekk upp 
Glaset, ropte saa ned til ei Gjente um Vinden var still; men slapp venta paa Svar. Ei bitande kald Vindbylgje tok mest Pusten fraa meg, og nokre Snjoflak gjorde ein Avstikkar beint inn i Sengjeromet vaart. Slikt var Veeret. _ Me kom oss upp, og fekk Morgonkaffi, so skulde me sjaa ut kor det tedde seg. Huff! det var fælt so kaldt _ berre so du skolv _ og Vinden som mest aldri er roleg paa Jendin, sende eine Skumbaara etter den andre innyver Osen.

Me hadde tingat Skjuss Kvelden fyrr med honom Kristen fraa Jendebud. Han var komen sørover um Dagen med Fragt. Honom trefte me ute paa Troppi. Kva trur du um Veeret? Aa eg veit ikkje, me lyt no prøva um ei liti Stund, sa han. Han hadde ingi god Tru han helder, som var so godt vand med Vinden paa Jendin. Ja eg som ikkje er sjøvand, kjende alt kor Baaten vilde huska med oss, tenkte paa kordant det kunne bli, um me skulde kollsigla, elder dilikt. Tankarne flaug som rædde fraa kvarandre, og samlad seg att i det stygge Veeret, som ikkje vilde gjeva seg. Eg kjende Vatnet skvampla inn i Baaten, _ kjende Baaten kantrad umkring _ og Vatnet etterpaa gjekk sin vanlege bylgjande Gang. Meire slikt foor umkring i Hovudet, medan eg og Kameraten sat uppe i Kjøkkenet og fekk oss Morgonmat utor Skreppom.

Bessehø hadde teket Vinterkaapa paa um Notti, og laag no skein gruselegt kald og vetralik, anar Soli ein og annan Gong lyste fram. Um lite Grand stod Kristen i Døri, pratande um, at no skulde det berast avstad. Ja me tok daa Farvel med Jendeheims Folket, 
og ruslad ned til Baaten, som alt var lastad med tvo Lærarar fraa Vestlandet. Eg fekk mestsom lite betre Tru paa Sjøfarten nordyver, daa eg høyrde me skulde hava tvo Lærarar til Fylgje attaat Kameraten min, som au var av det Slags Folk. Det vilde vera reint eit Mistak, um han let so mange Barnetuktarar draga paa Jendebotnen tenkte eg.

Baaten ruggad og pustad seg fram i den strie Motvinden, og snart laag det koselege Jendesheim bakfor oss. Eg saag tilbake. Glasi glitrad og skein so fagert i Morgonsoli, som stakk fram millom tvo tjukke vindfulle Skydottar. Flaget paa Stongi blakrad for Vinden, vinkande Fjellfolk inn til seg. Kristen og Kameraten min tok aat Aarom, me som sat atter i Bakstamnen utan Arbeid, laut au raaka paa eitkvart til Tidetrøyte. Jau den eine Vesterlendingen slog i med Den norske Sjømand er, og me andre tok etter. Modet kom fram i heile Baatlaget. Eine Songen etter den andre strauk burtyver Vatnet, som gav Svar ved den ævelege Rulling og Svampling mot Strandi. Songarne vaare kom strjukande attende fraa Bergeveggen paa Vinstresida med langt ljomande Ettermæle.

Vinden vart sterkare til lenger me kom nordover, til sist laut me vera fire Mann til aa ro. Den femte sat med ei Fjøl i Bakstamnen og styrde Kursen. Kristen trøystad oss med di, naar me kom til Memuruddalen, so vart Vinden linnare. Det var no ikkje so fælt langt att dit, og Kameraten min lovad oss ein Dram av Reiseflaska si naar me kom der. Armarne stektest ut alt dei orkad og Styrmannen la i med: Eg veit ei lita Gjente, ja eg kjenner a so væl, det gav Mod og Kraft for aa naa Memurudalen og sidan Jendebudi. Kanskje naar me kom til Jendebudi vilde me treffa ei lita Gjente, ei rigtig Fjellrose av rette Slaget.

( Meir.)