Ein Selle.

 

(Del 2 av 10. Fyrste delen.)

 

(Framhald).

 

 

Daa Kona mi fekk sjaa dette Brevet, vart ho reint fæli. Er dette verkeleg ein Akademikus, segjer ho. Mannen maa daa anten vera reint galen, elder so held han deg reint for Narr. Slikt skulde eg ikkje finna meg i, sagde ho. Og so sette ho paa hardt, at eg maatte lova, at eg skulde skriva eit Brev til, og det skulde eg skriva aalvorlegt; og det vilde ho ogso sjaa igjenom, sagde ho. 
Ja so samraaddest me um dette, og eg sette meg til aa skriva eit langt Brev og fortalde, kor fornærmad me var. Det høvde seg ikkje for ein slik Mann som han aa fara med sovoren Villskap, han hadde Pligter imot Samfundet, som han ikkje hadde Rett til aa draga seg undan, ein Mann med hans Evne skulde ikkje vanvyrda seg sjølv elder det Samfund, som han skuldad Upplæringi si, paa ein sodan Maate. Han hadde ikkje Lov til aa ganga og slengja soleis til ingen Nytte, for me hadde ikkje Raad til aa maa vaare beste Krefter i Von i dette Landet, kvar maa arbeida og det i den Samfundsstelling, som han er skikkad til. Eg sette det ut retlegt aalvorlegt og inntrengjande for han.

 

Daa leid det lenge, so eg tenkte aldri me skulde høyrt meir ifraa han. Jau endeleg um 4_5 Vikur fekk me Brev og det var paa ein annan Maate, endaa same Karen er attkjennande der og. Daa det paa sin Maate kann vera likeso merkjelegt som det fyrre, skriv eg upp det ogso:

 

Ajei, ajei!

 

Eg er ein Vaae, ser du; _ senda slike ubbelege Furdur til min gamle vyrdelege Kamerat. Men eg kunne ikkje berga meg du. Det kom so løglegt fyre meg, eg tenkte paa, kor forkvifsen den støduge Prestemannen skulde verta, naar han fekk sjaa sovori Kallegheit _ og det endaatil fraa ein Akademikus. Eg hev lætt meg mest ihel.

 

Aa fri meg, koss aalvorskleg du vart.

 

No er Laaten paa ein annan Maate. No skriv du ikkje lenger um aa njota Livet. Der fekk eg tagt deg, og naar eg no vil skriva aat deg um Pligterne mot Livet og sovoret, so er det like so lettvint for meg dette. Men um du er eit Pligtmenneskje aldri so mykje, so vil du likevæl, tenkjer eg, ikkje forstanda meg meir i dette enn du gjorde det i hitt. Men sidan du set so paa meg, so skal eg likevæl for ein Gong tala reint ut.

 

Meiner du eg fer berre og sleng i Likesæla, so fer du galet. Og meiner du, eg held meg sjølv ringare enn deg elder nokon annan 
Mann, so fer du ogso galet. Men du forstend lite av sodant. Du hev fenget din Plass utvist av Staten, etter at Staten hadde gjort deg brukfør, paa hans Lærdom er du uppalen og i hans Namn er det du heve Vigt. Men trur du meg til aa kunna hava det paa same Visi, so fer du galet. Trur du, at det er berre Likesæla, so fer du galet. Hadde eg set noko Gagn i det, so skulde eg vortet ein dugeleg Embættsmann, ein dugeleg Vitenskapsmann, elder Bokmann elder Bladmann, men eg saag ikkje noko Gagn i det. Lat den det, som ikkje hev noko anna, elder som det er mykje um for aa faa ei fast og ei vyrd Stelling. 
Det var ikkje noko for meg. Eg tenkte paa det ei Stund aa øva meg upp i noko sovore, men eg skaut det burt. Ganga som ein Tenar bøygd og krøkt under alle Former og Skikkar, under Folkedomar og Bygdeskikkar _ elder ganga og skriva for Folk og anten slaa av og slaa av for aa høva Folks Smak elder so skriva, so at ingen forstod meg _ elder og um eg kunne greida vitenskaplege Spursmaal, so at eg vilde faa Ros av nokre Utlendingar og kanskje vera til Nytte for Ettertidi _ kva kunne det vera alt saman for meg. Nei Livet var meg meir verdt, Livet kringum meg i Natur og i Menneskje, og Livet mitt eiget.

 

So strauk eg til Utlandet, var i dei store Byarne, lærde meg til aa liva og tenkja som Folket der. Men trur du det var noko for meg, so fær du galet. Daa eg kom inn i Leiken der og saag koss han var lagad, saag eg, at det ikkje var Rom for meg, det hadde ikkje voret onnor Raad enn aa gjeva seg ilag med Nihilistar og Anarkistar og Radikalistar og alt stygt, som du veit Namn paa. Ikkje nokre gode Grunnlag aa byggja paa, som det var nokon Mun i, det eg totte, ikkje noko aa liva for, det var einast, um ein vilde slaa seg i Likesæla og vaaga Livet til aa faa ein Ende paa alt gamalt Samfundstilstand. Men kva nyttar det, um ein elder tvo vaagar Livet for slikt derute, det visar ikkje meir etter enn naar dei kastar ein Hund aat Vokki?

 

Nei eg vart huglaus i Utlandet, ingenting aa liva for. Men um Næterne berre drøymde eg um Norig.

 

Det var den Tidi, daa den politiske Rørsla var som sterkast, og alt til Frankrik spurdest vaar Politikk med Fagnad.

 

Daa kunne eg ikkje halda ut lenger, eg strauk beinast heim.

 

Eg foor til Fjells straks for aa faa lite frisk Luft iminste. Gjekk og sleit og fraus mange Dagar. Seinste kom eg trøytt og svolten ned til ein Gard langt uppi ei Fjellbygd. Eg minnest, kor sæl eg var, naar eg naadde fram til Folk daa, og fekk meg Mat og Drykk, skifte um Klæde og fekk nørt paa Peisen. Eg som elles er so folkvand, at eg snaudt talar med ein, anten det er Bymann elder Bonde, men no hadde eg ikkje set Folk paa lenge, so det var reint ein Hugge berre i det, og det var noko so friskt og beintfram med dei, som eg likad.

 

Eg spurde um dei visste noko nytt ifraa Blad. Nei dei hadde ikkje Blad, men dei fortalde, at det var daa Folk i Bygdi, som løyste Blad elles. Og daa kom dei med so underlege Spursmaal um ymse Ting, at eg skynad, at dei hadde ikkje mindste Greide um slikt noko. Og i andre Samfundsforhold var dei ikkje meir kloke.

 

Hev de korkje Prest elder Skulemeistar her daa? spurde eg.

 

Jau meinte dei, dei hadde daa Prest, men han budde langt uti Dalarne, me ser han berre nokre Vendur Aaret me.

 

Skulen var nok Umgangsskule endaa, ein gamall halt Skinnfellmakar, som var betre til aa segja Rispur og gjera Feldar, enn han var klok i Bok og Brev, det var Skulemeistaren deira. Og der kunne dei væl læra ymse gode og nyttelege Ting, men av Kristendom var det berre aa ramsa upp noko, som ingen skynad Meiningi av.

 

Det var difor dei underlegste Tankar aa høyra um alt mogelegt, og dei var so lite bundne av all Samfundslære, at dei fann alle Ting rimeleg etter Saki sine eigne Grunnar. 
Det var noko friskt ved dette, som eg likad.

 

Eg vart verande der nokre Dagar. Folk var umaateleg raae, eg hev snaudt set Maken. 
Men eg maa segja eg likad langt betre Raaskapen deira enn all Rotenskapen nedi Paris og der. For her var Kraft og Natur, og det er det nettupp, som eg hev saknat, kvar eg hev voret. For nokon høg Kultur er det aldri talast um her i Norig, me laut hava eit Aristokrati til aa bera den, og det hev me ikkje, og dei Menn, som kann vera komne, noko lenger fram, kann det og vera so ymsit med, og 
dei er so faae, at det vert meir som ein Klikk elder Koteri, og ikkje noko sant Adelskap, som kann bera Frukter for heile Landet.

 

Nei skal ikkje Landet yverfløymast av Halvkultur, Tankar paa 2dre, 3dje og 4de Haand, so maa me skapa Kulturen utav Raaemnet, skjera’n ut or sjølve friske, naturlege Raaheiti. Det er det einaste som duger.

 

Eg tenkte meg til, korleis det no vilde ganga med denne Bygdi, um nokre Aar vilde det kanskje koma ein Gufs upp ifraa Storbygdi, som nokre faae, som vilde vera kunnige og fylgja med Tidi, tok etter, dei vilde daa vera svært ”moderne”. Sidan vilde det koma nye Bygljedrag upp i Storbygdi, og um tjuge Aar vilde nokre bleike Skuggar av dette og naa hitupp, samstundes med at det Bylgjedraget som no er i Storbygderne kom hit til alle.

 

Elder for aa taka det fraa den andre Enden. Naar ein Mann hev voret ut i Verdi og kveikt seg upp med nye friske Tankesyner, so vil det fyrst vera ein liten Ring, som fylgjer og skynar han, lite um Senn vil det verta ein større Ring, og det vert endeleg so mange, som flokkar seg um Tanken, at det vert eit Fleirtal til aa føra han igjenom. Men endaa hev han ikkje gjort ifraa seg; naar Fleirtalet hev brukat han til det dei kann gjera utav han, kjem Turen til Mindretalet, daa kjem han til dei, som mindst hev fylgt med, og vert paahalden med overlag Trott imot alt nytt, som sidan hev komet fram. Bygdefolket vaart vert paa den Maaten liksom eit Utloft, der ein slengjer ifraa seg gamle Motar og Tankar, som hjaa Storfolket hev komet or Bruk.

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 21.11.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum