Rispur.


Ein Nordfjelling sto paa Vagt. So kom General Hausmann. _ Holdt! hvem der? sa Norfjellingen. General Hausmann, vart dæ svara: Ja, dæ kvitta eitt! anti Du æ Garmann 
hell Husmann, ska Du no standa kvar te Korporal Aasen kjem, sa Nordfjellingen.

Eg skal spara dykk eit Tusund Dalar, sagde ein Irlending til ein gamall Mann, um De ikkje stend i Ljoset for dykk sjølv. Koss det? _ Jau, De heve ei Dotter, som De heve etlat tie Tusund Dalar i Heimanfylgja. _ Eg heve so. _ Eg vil taka henne med nie Tusund.


Herre Pitt, sagde Frui aat Jarlen av Gordon ein Dag, eg vøre sæl um De vilde eta til Nons hjaa meg Klokka tie i Kveld: Eg lyt beda meg undan den Heidren, sagde Kongsraaden, for eg er boden til Nattverds hjaa Lincolns-Bispen Klokka nie.


Gamle Kien-Long Kina-Keisare, frette ein Gong den engelske Sendemannen um koss dei plagde løna Lækajranne sine i England. Det var helder vandt aa gjeva Majestæten Skil paa 
Skipnaden, men sistpaa ropte han: Det finst vel aldri ein Mann i England, som heve Raad til aa vera sjuk og endaa er frisk? Nei, no vil eg segja Dykk koss eg held mine Lækjarar. Eg hev fire, som taka vare paa Helsa mi. Dei hava viss Vikeløn. Men aldri fyrr vert eg sjuk, enn Løni kverv burt til dess eg er god atter. 
Eg plar inkje vera langsjuk.