Regndropen.


Millom Millionar leikande Sysken i det vide Havet laag ein liten glitrande Vatsdrope og sumde. Daa kom ein Dagen ein Solstraale ned til han og sa: God Dag du vesle Drope; Mor mi, den straalande Soli saag i dag Bilætet sitt i den bjarte Skiva di. Og so sende ho meg ut for aa spyrja deg, um du vilde bli lyft upp til dei seglande Skyerne.

Aa, det vil eg, svarad Dropen, ja, eg vil dit upp. Og dermed so kjende han, at han vart fri fraa dei andre, han vart lettare og lettare, og no bar det av i kvervlande Kav radt upp til dei seglande Skyer.

Det var hugsamt. Han hadde aldri trutt at Soli var so væn. Og den lystige Vinden kom og førde han vida umkring yver mange Land og mange Hav. Ein Morgon, daa Soli nyst hadde kveikt Ljoset sitt, saag Dropen ein 
Mann, som stod utanfor Stova si med ihoplagde Hender, og Lippurne hans røyvde seg. Kjære Vind flyg ned og høyr, kva han segjer, sa Dropen.

Han bed til Vaarherre um aa faa Regn paa den vætelause Aakeren sin, sa Vinden, daa han kom attende.

Gudskjelov, daa kann eg med gjera Nytte, sa Dropen glad. Kom Brødrarne mine, me vil gjeva Regn aat den Mannen, som bed.

Og alrafyrst sette han iveg, og han fall paa Handi aat den fatige Mannen og snart laag det ein annan Draape utmed han; men det var ein Taare fraa den glade og takksame Mannen.


P. K. i Nora .