Hennes væne Augur.

 
( John Lie ).


Um tykkasta Toka ringa
Meg inn paa den aude Heid,
Tvo Stjønnur eg endaa skimta,
Dei visa meg Vega-Leid.

Gud signe dei Stjønnur blanke
Med milde og reine Ljos!
Gud signe ho Stjønnurne eige
Mi væne drusteleg Dros!

Eg elskar den blaa-e Himmel,
Og alle dei Stjønnur smaa,
Men hennes trufaste Augur
Eg elskar meire endaa!

Heil sæl hennes væne Augur,
Som ser so kjærleg paa meg!
Inn til Gudfaders Hjarta
Dei Augurne visar Veg.

Naar Dauden meg eigong trykker _
Unne meg Gud eg maa
inn i ditt Fader-Hjarta
Igjenom dei Augurne sjaa!