Fraa mi Seminartid.

 

(Av Reidar).

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

(Slutt fraa No. 84).

 

I det Svaret, me fekk, stod, ”at da Klagerne (d. e. dei, som fekk ”godt”) allerede efter Indleveringen af deres første Klage, ere blevne betydede, at Elever i Tilfælde som nærnærende først pligte at henvende sig til sine nærmeste Foresatte” _. I desse faa Ord finst der heile tvo ”Uefterretteligheder”. For det fyrste hadde me inkje voret med aa ”indlevere”nokon ”første Klage”, og for det andre var me inkje ”blevne betydede” nokon Ting. Dei som hadde klagat fyrste Gong, dei vart innkallad paa eit Rom for seg sjølv, og kva dei der ”ere blevne betydede”, det skal eg hava usagt. Men inkje ein av dei, som fekk ”godt”, fekk vita anna um kva der gjekk for seg den Gong, enn det Kameratarne vilde fortelja. Kanskje det er so, at naar dei, som vart innkallad den Gongen, eingong fortel den Soga for Borni sine, at dei Borni daa ”ere betydede, at de først pligte at henvende sig til sine nærmeste Foresatte?” Elder kanskje Styraren hev det paa den Maaten, at han straffar i 2dre og 3dje ”Kuld” av Seminaristar, det vonde, som 1ste ”Kuld” hev gjort? Det ser so ut, for dei, som klagad baade fyrste og andre Gong og som vist vart ”betydede” mange Slag, daa dei var inne aaleine med Styrarar, dei fekk paa sin Avgangsattest” meget godt” for ”Forhold”; det beste ein kann faa. Men me, som berre klagad ein Gong og inkje vart ”betydede” korkje det eine hell det andre, me fekk ”godt”; det ringaste der vert gjevet. Der det er paa den Maaten, so var det greidt for Folk aa vita i kor mange ”Led” Skuldi gjeng, so dei kunne passa seg aa koma paa Seminaret, fyrr Skuldi var avsonad.

 

Hadde Stellet paa Seminaret vortet etterset, og det daa hadde synt seg, at det, som stod i Klagen, det var usant, so hadde den Straff, me fekk, inkje voret formykje, for so hadde me klagat av Vondskap elder noko sovoret. Og det var forunderlegt, at det inkje 
vart etterset, for det var inkje Smaating der var klagat yver, Undervisningi hans var slik, at me inkje forstod oss paa den og kunde hava nokon Nytte av det me lærte, naar me vart Lærarar. Han gjorde inkje Helvti av det, han skulde gjera; ”i ”Troeslære” gjekk han berre igjenom dei tvo fyrste ”Parter”. Det skal verta dugande Lærarar i dei tri siste ”Parter”, dei, som gjeng fraa Seminaret i Kristiansand. I sin Optræden hadde han voret ”brutal” og ”partisk”, brukt ”Skjældsord” o. s. b.

 

Det var tenkjande, at naar ein var skuldat for slikt og let Skuldingarne sitja paa seg, at han daa inkje burde vera Seminarstyrar. Og Kyrkjedept. hadde vel inkje Lov aa tru, at Seminaristarne laug i Klagen sin, fyrr der vart etterset. Skal tru um det er formykje aa vona, at so vilde verta gjort med snarom, der det inkje er gjort? Og naar det daa syner seg, at kvart Gran i Klagen er sant, og at der kanskje var meir hell det, som stod i den, som inkje var som det skulde vera, so segjer det seg væl sjølv, at me fær nye Attestar, at me inkje lengre vert i hopslegne med Drikkarar og ”andre umoralske Mennesker”. For det kann daa vel inkje vera so svært umoralsk aa segja Sannheiti, sjølv um den skulde vera ulageleg aa høyra for ein 
Seminarstyrar.

 

Eg hev skrivet so mykje um dette ”godt” for ”Forhold” mest for nokre av mine Kameratars Skuld. For eg veit, der var mange av dei, som kjende det tungt, at dei inkje kann verta Lærarar berre for denne Klage si Skuld. Og Lærar vert vel ingen av oss med med ein 3ar for Forhold, utan Skulekommissjonarne fær Greida paa korleis me hev fenget den¹). Sjølv misste eg paa Seminariet Hugen til aa verta Lærar, det som eg eingong trudde var det fagraste ein kunne vera. Og eg undrast yver, at inkje alle gjorde det, for naar ein saag korleis Styraren greidde seg som Lærar i Religion, so kunne ein nok missa Hugen til aa gjera det etter. Hermed meiner eg aa gjera det etter so, at Undervisningi skulde hava dei same Fylgjur som hans hadde. Eg hev høyrt, mange hev klagat yver, at der er so mange Fritenkjarar blandt dei unge Seminaristarne. Der maa vera noko som hev Skuld i, at der er fleire av slike blandt Seminaristar hell blandt andre Folk. Det litet av Kunnskap, dei hev framfor andre, kann det inkje vera; det vilde vera aa setja upp Kristendomen contra Upplysning og det gjeng inkje an. Men eg trur det er Kristendoms-undervisningi som er Skuld i det, slik som ho drivest. Iallfall trur eg det um Seminaret i Kristiansand. Medan H. Arnesen var Styrar, høyrdest inkje mange Klagar yver, at der kom Fritenkjarar fraa det Seminar. Men straks den nye Styraren hadde voret der ei Stund, daa kom dei, og dei kom visst med Rette. Ved ein av dei fyrste Eksamener han heldt, var det endaa ein, som fekk ein Merknad paa Avgangsattesten um, at ”han stillede sig tvilende ligeoverfor flere af Kristendommens Hovedsandheder”. Men det var au einaste Gongen han gjorde det, for han kom nok etter, at det var mange elder ingen, som maatte hava; det gjekk ikkje an aa brennemerkja ein berre, naar dei andre var likso vonde. Og han fann det visst inkje tenlegt, at det nettupp skulde vera paa den Skulen, han hadde den meste Religionsundervisningi, at der viste seg sovorne Frugter. _ Det var i det heile best inkje aa rota formykje upp i dei Greidur, tenkte han vel, sidan han let det surra; Fritenkjarar og ”gode Kristne” fekk ”meget godt af 1ste Grad for praktisk 
Brugbarhed” um kvarandre. Men eg vonar, at det berre er den Tidi, dei er paaverkat av ei slik Undervisning, dei er Fritenkjarar; med Tidi vert dei vel ”gode Kristne” alle ihop. Men at dei unge Gutarne paa Seminaret fær Svivyrding for mykje av det, dei fyrr trudde var heilagt, det undrast eg inkje det Slag yver. Naar ein all si Tid er vant med aa høyra religiøse Ting talt um som noko heilagt og stort, noko som er høgre og betre enn vaart daglege Stell og Stræv, so verkar det som kaldt Vatn i Blodet aa høyra dei same Ting umtalt, som var dei det mest kvardagslege av Verdi. Paa Seminaret ”lærer” ein Religion paa same Vis som Geografi t. D., og ved Eksamen fær ein sin Religion uppmælt i Hundredelar; ein kann soleis vera 25/100 betre i Kristendom enn ein annan. Naar ein fær høyrt, korleis Paulus er i Beit med aa finna eit ”logisk Bevis” for ei Sanning; korleis Lukas fortel, at ”Maria bevarede disse Ord i sit Hjerte”, berre for at Folk skal sjaa, at han inkje diktar upp noko, men at han hev det han fortel, fraa Folk, som hev ”set og bevaret” den Sanningi; um kor vitug (praktisk), ein Mann Moses var, daa han samlad i hop Jødarnes mange Fyreskriftar til dei 10 Hovudbud, me hev i den fyrste Part, so tener det inkje til ”Troeslivets 
Bestyrkelse hos de Unge”. Dersom ein skal tru noko paa Læraranne, so veit ein inkje, kva ein skal tenkja um Barneboki si Lære um 
”Inspiration” og dei ti Tavlur paaskriven av Guds eigen Finger, naar ein høyrer paa slikt. 
Men det maa visst vera den rette Maaten aa undervisa paa i Troeslære, naar det er ”Brud paa Disciplinen” berre aa hava ei Meining um, at det kann vera annleis.

 

 

Det var tvo Fag som heitte ”Hovedfag”; det eine var Religion, og det andre var noko, dei kallad ”Norsk”. Jau det var norskt det! Eg tenkjer alle veit, korleis ein ”norsk Grammatik” ser ut. Ei Uppremsing av latinske Namn paa danske Sproggreidur er det, som stend i slik ei Bok, og finst der eit norskt Ord elder ei norsk Form, so stend det med smaae Bokstavar elder i Gaaseaugo. Naar Folk vert so lærde, at dei les ein Grammatik, so kann det vera forvitnelegt for dei aa sjaa, at der er nokre, som talar slik Ufysnad enno, elles kunne dei gløyma det, for der vert inkje talt somange norske Ord, at det kunne minna dei um det. Paa Seminaret gjeng det hellest inkje so illa med den Ting. Mest alle Læregutarne kjem fraa Landet, og dei talar sitt Landsmaal seg imillom utan Paaverknad av dei danske Lærarar. Me var endaa so vituge, at me heldt det for ei Skam aa knota. Men paa Skulen vart me nøydde til det; brukte ein eit Ord av sitt Heimemaal, so kunne han vera viss paa aa faa eit Spitord for det. Paa Attestarne var det fleire, som vilde gjeva Namni sine ei meir norsk Form t. D. Olav for Ole; dei fekk Lov til det, men du skulde set kor Styraren grein den Gongen. Den Læraren me hadde i denne ”Norsken” var den likaste i so Maate; men han var so ”fordansket” han au, at han talad som ei Bok. Men trass denne Paaverknad var dei mest ”Maalstrævere” alle 
Seminaristarne; mange av dei heldt Fedraheimen,og naar me paa vaare Samtalemøte talad um Maalsaki, hev eg inkje tidt høyrt so mange hev voret so einige um ein Ting.

 

Maatte berre Eldhugen for Maalet vara ved, so lovar det godt for Saki. Og eg trur nok den varar; er ein fyrst Maalmann paa Seminaret, so er han det av Kjærleik til Saki, for hell gjorde han seg ikkje til Spott for Læraranne med aa vera Maalven. Det er inkje med aa vera Maalstrævar som med so mykje anna, det er noko hævt og karslegt i det; difor hev den Sak so trugne Arbeidarar; det er inkje Storflokken som gjeng med av Autoritetstru. Kva Meining ”Autoritetarne” paa Seminaret hev um Maalstrævet syner seg best deri, at Styraren inkje eingong kunne lata Læregutarne paa Landsmaalskurset i Fred. Eg hev høyrt, han skal hava skjelt dei ut for baade eit og anna. Det er inkje illa, solengje dei hev ein so uppdragen Mann som Seminarstyraren til aa setja Skikk paa seg.

 

Det var nok inkje med hans gode Vilje, dei fekk Lov aa halda Skule i Landsmaal paa 
Seminaret. Ein og annan av Seminaristarne kunde og verta utskjemd, ein skal sjaa aa halda Styggheiti fraa seg solengje ein kann. Men der vart Maalskule, og jamvæl Oddmund Vik fekk no Lov aa tala i desse Rom, der ein fyrr hadde høyrt berre Spott mot norskt Maal. Det kjem for meg, som det maatte vera som aa tala um Strikka i hengd Manns Hus, naar Seminarlæraranne sidan vilde leggja ut um, kor umogelegt det er, at eit norskt Maal kann faa Inngong. Kann det faa Inngong paa Kristiansands Seminar, so kann det visst faa Inngang andre Stader au.

 

Soga (Historie) lærde me paa den Maaten, at me puggad ei ”Lærebog i Verdenshistorie” og so las Læraren upp noko av ”en meget god Forfatter” attaat. Den gode Forfattaren var daa Cesare Cantu. Av hans Verdenshistorie fekk me lange Stykkje uppleset um Pavar i Italia og Keisarar i Tyskland, um Krigar her og um Fredslutningar der og mykje anna, som det kann vera gildt for lærde Folk aa vita. Men i vaart eiget Lands Historie der var det ingen gode Forfattarar aa lesa upp av, saag det ut til; me lærde ei ”Nordens-historie”, vart yverhøyrde paa Skulen, um me kunde alle Namn og Aarstal, og kunde me det, so fekk me 1 i Historie. Snorre t. D. vart snaudt nemnt og daa mindre leset upp av; det kom visst av at han brydde seg so litet um Aarstal den Snorre, for det saag ut til, at ei Historiebok vart dømd etter Mengdi av Aarstal i ho. Den Hug, me hadde til aa lesa um eit Folk elder ein Mann, rettad seg inkje etter det store og gode Folket elder Mannen hadde gjort mot Ætti, men etter Voni, me hadde um aa verta yverhøyrd i det Stykkjet paa Eksamen. Det, som inkje var ”Eksamensgods”, var inkje noko aa bry seg um sa Læraren. Og heile vaar Soga etter 1814 var inkje Eksamensgods. Eg for min Part veit inkje, at eg hadde for 1 Øre godt av heile Historien paa Seminaret. Men der var kanskje dei, som hadde mykje godt av den? T. D. dei, som berre lærde Aarstal og Namn; inkje det Slag anna! Elder dei, som i tvo Aar fekk so god Greide paa Historie, at dei til Eksamen fortalde, at Kristjan II’s verste Gjerd var den, at han ”innførde Reformasjonen”?

 

Der kunde vera ymse andre Fag, som det var trøysamt aa sjaa paa, t. D. Gymnastik; men det lyt vera til ei onnor Gong. Daa skal eg au tala lite Gran um Eksamenen og um ”den praktiske Undervisning”. Men eg vil fyrst sjaa um ”Seminariets ”Overordnede” er nøgde med den ”theoretiske”, og er dei det, so er dei det vel med den praktiske au. Og daa kann det inkje hjelpa noko aa skriva meir um dei Greidur, for eg skriv inkje av Skriblehug elder av Sinne mot nokon; men fordi eg vonar at Stellet skal rettast paa, so inkje Landsgutarne skal kasta burt Tid og Pengar til Unyttes. Difor hev eg berre hal
det meg tuk ”Kjensgjerninger”, og dei skal ingjen rugga, sjølv um nokon vilde gjera det.

 

E. S. I Verdens Gang No. 105 lovde eg, at eg skulde koma med nokre fleire ”Punkter” um ”Marstrander og hans Virksomhed”. Eg hev sidan fenget fleire Uppmaningar um aa koma med deim; det gjer eg no, og Verd G. vilde gjera væl i aa trykkja dei av.

 

 

¹) I ”Vestlandsposten” No. 87 og ”Verdens Gang” No. 105 er der Stykkje um det same, som eg visar til.

 

Frå Fedraheimen 14.10.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum