[Tidender.] Høgre paa Vestlandet


er underlegt lagat, Morgenbladet er reint forfært yver det og veit ikkje si arme Raad. Fyrst var det no i Stavanger, der Høgre var samstelt um aa hjelpa fram Steen og Berentsen, og no sist var det i Aalesund og Molde, der Høgre raadde Grunnen aaleine, og likevæl brukad dei Magti si til aa velja paa Vinstremannen, Medlem av Sverdrups Ministerium, uppbygt med Riksrettsdomens uretfærdige Middel, Statsraad Ludvig Daae .

So mange Statsraadar av rette Høgreslaget, som gjeng her, og som ein skulde tru at Høgre vilde samla seg um og senda paa Stortinget, desse gjæve Menn, som faldt for sin Overbevisning og baud alt upp til aa stogga Radikalismens Angreb paa Stat og Kyrkje og alt som var _ nei desse Menn hev no vortet avdømde av sjølve deira Vener og Verjarar, dei vert ikkje haldne verduge til aa sendast paa Tinget eingong. I sjølve Kristiania rauk soleis ein slik Statsraad for ein Garvar, som til og med hev Aktier i Dagbladet, og i Aalesund og Molde vart dei alle saman vrakad og til Side sette til aa gjeva Rom aat den einaste Statsraaden av Sverdrups Ministerium, som kunne veljast.

Slikt kann ein kalla Politikk det. Driv berre paa soleis vidare De Høgre, so er det mest det same kven som vinn ved Valmannsvalet, naar det vert Vinstretingmenn kor som er.

Etter at Morgbl. hev jamrat seg fælt i mange Dagar, hev det endeleg funnet ein Utveg til aa hevda Høgres Ære, dei segjer no berre, at Daae er ingen Vinstremann han .

Ja, ja, vil Høgre og Morgbl. godkjenna Daaespolitiske Meiningar for sine eigne, so hev ikkje me noko imot det.

For daa hev dei godkjent baade Riksrettsdom og Parlamentarisme, Utviding av Røysterett og alt som finst paa Framstigsvegen her i Norig.

Me fær no sjaa daa, um dei stend ved det.