Um Kvendestell.


Kor faae menn er det ikkje, som tenkjer paa aa laga det lettvint aat Kvendi sine. Det vilde daa falla so lett for mange aa faa Springvatn inn i Kjøkenet og Fjoset, og so faa Tak i meir høvelege Kjerald enn desse Treringjurne, som skal hava Skrubning og Briskebaking alt i eit. Eit lagemt Matkot skulde daa finnast paa kvar Gard, men det er mangei Kjering, som saknar det. Dei fleste Gardbrukarar kann gjera mange slike Umbøter, utan at Kostnaden vert for stor, men for Kvendi er slike Beinkur mykje verdt. Og det skulde dei tenkja paa.

Aa stella eit Hus skikkelegt, det er ein Kunst, som ein anten maa temja seg upp sjølv til elder so læra av andre, og det krev lang Tid og god Lære er vand aa finna. Eg hev freistat nokre av dei Skularne, som eg trudde skulde vera høvelege til dess. Eg hev voret paa Meieriskule, paa den kvendelege Industriskulen og paa tvo Folkehøgskular. Alle Skularne gjev det, som dei lovar, men ingen serskild magtar aa gjeva full Utdaning, soleis som ei Bondegjente treng um det. Og skal ein daa vera paa fleire Skular, so fell det for kostsamt for dei fleste. Ved dei Meieriskularne, som eg kjenner, lærer ein aa laga 2 _3 Slag Ost. Eg trur, at ein kann læra den Kunsten i stuttare Tid enn som dei no brukar til det. Industriskulen er godt stelt og hev no for Tidi ei god Fyrestade, men høver ikkje for Bondegjentur. Det som ein fyrst og fremst treng til eit Husstell paa Landet, det lærer ein ikkje der. Og hellest kostar det for mykje for dei fleste aa halda seg eit Aars Tid i Kristiania og ikkje er det væl i andre Maatar helder. Og so er det Folkehøgskulen. Ein god Folkehøgskule kann, allvist naar det ikkje er berre Ungdomen, gjeva mykje for Aanden, men lite for Haandi; dertil er Skuletidi for stutt.

Eg set ikkje Maten som Nummer 1, men eg set honom sanneleg som Nummer 2. Hev noken stor aandeleg Utvikling, men hev ikkje praktisk Dugleik, so vert det litet til Manns med honom.


Ei Kvinne .
 
(Etter Samhold).