Tidender.

 
Kristiania, den 29de Mai.

Det gjeng ille med Stang. Me nemnde for litt sidan, at Høgres Førar, Advokat Stang, kan, som under Ordskiftet um Landsmaalet ymtat um, at Vaarherre inkje hadde boret seg rett aat i Maalvegen, stod uppe i Tinget og klagad yver, at Komitearne inkje arbeidde nok, og at dei inkje hadde den rette Framgangsmaaten. I det Ordskiftet, som fylgde etterpaa, vart Stang plukkat soleis, at dersom han var ein Mann med liten Mole Sjølvkritikk, so vilde han finna ut, at han nok hadde stadet seg betre paa aa tegja. Me trur og so godt um han, at han etterpaa saag, at det var sure Eple, han haustad der. 
Det sama vil me og vona um Høgreredaktørarne. Men dei læt seg inkje merka med noko sovoret. Morgenbladet stivar seg upp paa beste Maaten og segjer, at det Stang kom med, det var Ord i rett Tid, det var Ord, som trengdest o. s. b. Og annat hev ingen ventat. Det er greidt som Dagen, at Høgre vil faa Ulukka aat Føraren sin til aa sjaa so pynteleg ut som mogelegt. _ Og so stundar det mot Vali _. Men i det Stykkje kjem nok Morgbl. til aa gjera Rekning utan Vert; for er det nokon Ting, som Høgre gjer rett i aa løyna for Veljaranne, so er det sanneleg den Kollsiglingi hans Stang.

 
Til Brigadesamlingarne i Sumar, 14 Dagar for Kanonfolk og Hestfolk og 12 Dagar for Fotfolket, hev Stortinget latet til dei Pengar, som trengst.
 
 
Kravet um Lønstillegg aat Bibliotekar Drolsum Kr, 500 vilde ikkje Tinget samtykkja: 34 Mann røystad for det (Høgre, Berner, Krogh, Sparre, Gade, Skaar, Konow, Jørstad, Arctander, Hjort, Steen.


Professorpost aat Amund Helland. Regjeringsinnstellingi gjekk ut paa det, at Helland skulde hava Kr. 4000 til Løn for aa halda Fyrelesningar i Bergbygningslære. Gasje- og Pensjonsnemndi hadde fraa fyrst av berre innstelt paa, at dette skulde negtast, men sidan vart ho endrad til det, at det skulde gjerast ein umframs Professorpost aat Helland i Bergbygging, soleis at naar den faste Posten i Mineralogi og Geologi vart fal, skulde han faa den.

H. Bentsen upplyste um, at Helland alt hev voret leigt til aa gjera Professors Arbeid i 6 ½ Aar, for dette hadde han i alt havt Kr. 4000 i Løn, so det no berre var Spursmaal um Kr. 500 til. _ Mortensen, W. S. Dahl, Statsministaren, Berner, Jaabæk, Rinde, Konow, Blehr og Lindstøl talad for, at Helland skulde verta Professor. Liljedahl, Prof. Bugge, Schøyen, Birkeland, Smitt og Motzfeldt talad imot.

Høgre hadde nok fælt mykje imot aa faa fram Helland, var det sjaaande til. Dei som alltid hev so overs god Raad, naar det gjeldst um Universitetet og Vitenskapen, dei skulde ein ikkje tru sette seg imot at ein Mann fekk Professors Rang, naar han gjer Professors Gagn, for dei 500 Krunurne, som det daa spurdest um, det gjeld ingen Ting for dei. Men det er nok helst Politikken hans dei er rædde, og slike raude Karar vil dei helst halda ute ifraa Universitetet.

45 Mann røystad imot Innstellingi, det var Høgre, Gade, Tonning; Liljedahl, Høgskulestyrar Dahl, Skaar, Sønju, Hvamstad, Jørstad, Johansen, Moe, Reierson, Lindstøl, O. Nilssen, Huser, Oftedahl, Drevland.


Eit Høgremøte . Høgre hadde tillyst eit Møte paa Mysentridje Pinsedag. Vinstre skulde faa Lov til aa koma ogso, men Yngvar Nielsen skulde innleida. No bryr ikkje Vinstre seg um aa kjeklast noko meir med den Karen, det var ingen Vinstretalar, som møtte fram. Yngvar Nielsen og Anker og Skaar fekk trøyta ut Tidi, so godt dei kunde sjølve. Det var daa so rimelegt, at det var berre Høgremenn tilstades. So paa Slutten vilde dei daa faa gjort eit Vedtak um, at dei ikkje vilde hava Parlamentarisme elder Jury elder noko slikt nytt. Dei trudde at dette Vedtaket skulde vera so vist, at dei vilde ikkje hava noko Uppteljing um det kunne vera nokon imot dei. Men so vart dette kravt, og so gjekk ein Del av Forsamlingi til Vinstresida. Daa vilde Ordstyraren taka Vedtaket attende, men det fekk han ikkje. So skulde dei til aa telja. 
Men daa ankad Høgre paa, at det var for mykje Ungdom paa Vinstresida, ja so vart dei samstelte um berre aa reikna dei, som var yver 25 Aar. So vart gjort, og endaa fekk nok Høgre sjaa, at det var mest av Vinstre paa Møtet deira. 85 røystad imot, 69 for Vedtaket, som soleis vart forkastat. Daa var ikkje Høgre fegne.
 
 
Danmark. Prestarne driv hardt med aa preika Høgrepolitikk. Styringi er av Gud segjer dei, og aa setja seg upp imot Styringi er det sama som aa setja seg upp imot Gud. Og dette segjer dei, endaa dei veit, at Styringi er det ho er i Kraft av Loven, og endaa dei veit, at Styringi hev gjort Lovbrot. For det er i Danmark som i alle konstitusjonelle Land, at Styringi er av Gud, solenge ho held seg til den Lov, ho hev svoret Truskap; men gjeng ho utanum den, so er ho under Lovens Dom ho, som andre Brotsmenn. Ellest ber dei danske Høgreprestarne seg aat no, nett som vaare eigne gjorde under Selmer. For Høgre er Høgre, kor du snur og vender dei, og dei ber seg aat nett paa sama Maaten, anten dei bur i Noreg elder Danmark elder i eit anant Land.

_ Pastor Aagaard i Vester Hornum sagde ein Sundag, at aa gaa til Kyrkja fyre Middag og so gaa paa Riflemøte etter Middagen, det var det sama som aa søkja Tilgjeving for sine gamle Synder, berre for aa faa gjera nye. Kyrkjefolket vart sinte for dette, og inkje fyrr var det slutt i Kyrkja, fyrr alle, som i Kyrkja var, gjekk paa Riflemøte.

_ Regjeringi vert verre og verre. Ho hev no gjevet Paabod um, at dei Jarnvegstenaranne, som er Medlemer av frilynde Samlag, skal anten melda seg ut or desse Samlagi, elder skal dei mista Postarne sine.

_ Politirettsassesor Sylov og Fylgjesveinarne hans hev gjestat Folkehøgskulelærar G. Himmelstrup i Hjørlunde og haldet Forhøyr; dei forfor og alt i Huset. Grunnen var den, at Folkehøgskulelæraren er Ordførar i eit Skjotarlag. Ellest skal Sylov hava fenget Paalegg av Justitsministaren um aa fara ikring til alle, som er med i Skjotarlagsstyre og halda Forhøyr og Husforfaring.


Utnemningar. Prest i Sand A. C. M. Holst til Soknerpest i V. Slidre. Kand. J. F. Høeg til Sokneprest i Nissedal. Fengselspræst S. R. Gunnerson til Sokneprest i Grimstad. Prest i Seljor Barthtil Sokneprest i Fjære. Prest i Maalselvdalen Landmarktil Sokneprest i Flakstad. Fast Hjelpeprest i Lindaas S. G. D. de Fine Krogh, til fast Hjelpeprest i Ringsaker. Hjelpeprest G. B. D. Johnson til Hjelpeprest i Andebu, Hjelpeprest T. Fretheim til Hjelpeprest i Hamar Stift. Brigadeauditør i Kristiansand M. Beer til Landsdomar i Millom-Gudbrandsdalen. Major ved Norsk Jægerkorps Mellbyetil Øvsteløytnant og Styrar for Hallingdals Bataljon. Bankstyrar H. A. Bentsen til Postmeistar i Porsgrunn.