Nokre Ord um Statsministar Johan Sverdrups Forslag

 
til Reform i vort Folkeskolevæsen og fhv. Statsr. N. Hertzbergs Bemærkninger til dette Forslag.
 
IV.

Av Læreemne, som Sverdrup vilde hava i Aalmugskula, er Kroppsøving (Gymnastik) og Vaapnøving og Handarbeid. Imot dette gjerer Hertzberg ikkje Innkast. Eg trur og, at Kropps- og Vaapnøving var gagnlegt fyre Gutar og til Letting i Soldatskula. Handarbeid fyre Gjentor er vist og ynskelegt. Men Handarbeid (Nævenyttighed) fyre Gutar paa Landet trur eg vilde vera berre til Tidsspilla fyre andre Emner av større Vigt, som det er vandt aa faa lært heime. Handarbeid kann derimot Gutar i Bygdom faa Tilhøve nog til aa læra heime.

Og so finn Sverdrup med full Rett, at det ikkje er den beste Ordning, at Yverstyringi fyre Skulom no ligg under Stiftsstyret. Daa Amtstinget maa samtykkja Pengeutlegg til Skula, so var det mest Hald i det, at
Amtstinget elder ei Amtsnemnd i Samband med det ogso hadde Skulestyringi i si Hand. Som det no gjeng, sit Stift-Skulestyrmannen paa sitt Kontor og steller alt til, og Stiftamtmann og Bisp strør Sand paa; og han heve mykje Andsemd med kvart Aar aa fara ifraa det eine Amtsting til det andre i heile Stiftet til aa faa framlagt Yverslag til dei Pengar, som trengst, og Amtstinget maa tilstaa deim. Dette er ikkje den beste Ordning. Sverdrup vil daa, at Stift-Skulestyrmanns-Embætti vert dragne inn og Amt-Skulestyrmenn fyre Skulom vert innsette i Plassen deira, og at ei Amtsnemnd vert innsett. I denne kunde, ved Sida av
Amt-Skulestyrmannen, Amtmannen og ein av Bispen innsett Prest hava Sæte. Yver dette skrik Hertzberg og andre fælt: det er aa taka Styret ifraa Kyrkja!! Det kan ingjen _ so er det likt til dei meina _ styra Skula so
godt som Bisparne. Det maa liggja ei Trollmagt i Gullkrossen deira. Um Bispen set inn ein Prest av dei duglegste, det munar daa ikkje. Eg trur ikkje nokot paa dette. Eg tenkjer, at andre kann stelle med Skulesaker lika so godt som Bispar, elder kannhenda betre.

Det heve voret paa Tala aa lata Valet paa Fyremann i Skulenemdi i kvart Prestegjeld vera fritt, og det trur eg vil vera godt og gagnelegt. Gode og duglege Prestar vil altid verta valde, og dei bør hava alt Tilhøve til aa gjera godt. Derimot borde det vera Tilhøve til å hindra uduglege og leide Prestar fara aa gjera vondt. Eg trur, at det er fleire Prestar, som ikkje hava gjort stort annat godt som Fyremann i Skulenemndi, enn at dei, ved aa
senda Lysingar um Skulepostar til dei mindst leste Bakstrevarblad, heve skaffat deim Inntekt, men dermed haldet Lysingar burte ifraa dei mest leste Blad og dermed haldet mange av dei duglegaste Søkjarar burte.

Eg meinar, at det kann vera duglege Folk til aa styra og stella med Skula so væl imillom Prestmenn som imillom andre, og likaso kann det vera uduglege imillom deim, som imillom andre.

Eg vilde ellest ikkje hava imot, at Prestmenn hava Plass i Skulestyringi og mykjet Plass der og. Eg vil her setja fram ein Tanke, som vedrører baade Skula og Kyrkja. No er kvar fjorde elder kvar femte Soknarprest paa Lag tillika Prost. I dag er Prosten Likemann med sine Granneprestar, og han er ofta yngre og stend under deim i Skyn og Dug. Men imorgon, naar han kjem aa halda Tilsyn hjaa deim, daa er han deira Yvermann, daa maa dei skrapa med Foten og bukka fyre honom. 
Kvar Sak, kvart Brev, som gjeng imillom Prest og Bisp, skal han lukta paa og setja sit Namn paa det og giva tilkjenna sin Visdom um det, um sine Granneprestar og, forstend det seg, anten det han segjer er vist elder uvist. Hjaa dei ¾ elder 4/ 5 Prestar, trengst det til slikt Tilsyn. Men hjaa sjølve Prosten trengst det ikkje. I ¼ elder 1/ 5 av Gjeld fær dei hjelpa
seg slikt Prostetilsyn forutan. Og so maa dei ofta vera utan præst fleira Vikor kvart Aar, naar Prosten reiser ute anten sjølv aaleine elder med Bispen paa sine Tilsynsreisor; dette er ein eldgamal Ordning. Men ein kann spyrja: Er dette ein god Ordning. Er det nokot godt Hald i den? _ Enn um dei drog inn Prosteembæti og helder innsette ein Prost fyre kvart Amt, og han so hadde med Styret og Tilsynet baade yver Kyrkja og, i Samband med Amtsnemndi, tillika yver Skula aa gjera istadenfyre den av Sverdrup paatenkte AmtsSkulestyrmann, (Amtsinspektør). Eg meinar, at det vilde vera langt betre Hald i det. Daa vilde alle Soknarprestar vera sette paa like Fot og hava alle sine Yvermenn. Eg meinar, det var verdt aa tenkja yver desse Ting. Eg heve her lagt fram denne Tanken, um han berre er som ei Røyst i Øydemarki.

Eg heve her i korte Drag under knapp Tid skrivet ned ymise Tankar um Skula. Det kunde vera myket meir aa segja um henne. 
Men eg fær her lata det vera nog fyre denne Gongi. Me tør vona, at det vil verta meir
Ordskifte um dei Saker, som kann verta til myket Gagn og gode Framstig, naar berre Folk, som heve Skyn paa Upplysing, legg sine Tankar inn i Ordskiftet.