Lysingar.

 
Lærarskule paa Vonheim

fraa 1ste juli til 30te september. Undervisningi: norsk (6 timar i vika), oldnorsk (5 tim.), bibelsoga, skulesoga, heimssoga, noregssoga. Lærarar: Christopher Bruun, Ingvar Bøhn, Matias Skard, Frits Hansen, Johannes Skar; Olav Aasmundstad fortel islandske sogor. Hus og kost paa skulen kr. 28 fyre maanaden; er ogso aa faa leigt utanum Skulen. Daa det offentlege skyt pengar til, fær alle lærarar og lærarinnor undervisningi fritt , og nokre av deim kann faa nokor hjelp til upphaldet _ helst dei som er her heile tidi. Fyre deira skuld, som ikkje kann vera so lenge, legg me undervisningi soleides, at dei ogso kann faa nokot samlat, dei som berre kann verka her den fyrste helvti (til den nordiske skolemøde). Andre enn skulefolk kann ogso vera med; fyre deim er skulepengarne kr. 8 um maanaden. Søknad um pengehjelp maa (med dei vitnesbrev som trengst) vera her seinast den 7de juni. Dei som vil vissa seg kost paa skulen, maa skriva seg inn og tinga paa snart.
 
Vonheim um Lillehamar.
 
Matias Skard .


NORA (Nytt norsk Maanadsskrift)

kjem heretter ut som fullt Aargangsskrift kvar Maanad med eit Hefte paa 16 Sidur. Iaar kjem det forutan
dei tvo som alt er utgjevne, 8 Hefte. Bladet vil arbeida for Framhjelp av norsk Maal og god folkeleg Lesnad, og inneheld: Mindre Forteljingar og Sogur, Utgreidingar av ymse nyttigt Stell, Umsetjingar etter gode framande Forfattarar, Dikt o. s. fr. Bladet vil ogso gjeva Upplysning um Framstig i Maalvegen og um dei Spursmaal som vedkjem Maalsaki: Betalingi er 1 Krone Aaret, Postpengar ireknad; for iaar vert det 80 Øre. Einskilde Hefte vil sia verta aa faa for 20 Øre. Dei, som ynskjer dei tvo fyrste Hefte, lyt senda 1 Krone.

Den, som sender Pengar for 4, fær sjølv det 5te fritt, og den, som betalar for 8, fær 11.

Bladet kann tingast paa alle Posthus, elder ved aa skriva beint til Nora, Kristiania; det gjeng som Bladsak. I Kristiania kann ein tinga Bladet hjaa Olaf Huseby og Olaf Olsen.