Kalvedans.

 
Langt burte fraa alt Folk, uti villaste Utmarki var ei Kvi elder ein innegjerd Plass, som kallast Kalvegjerdet. Sjeldan kom der ein Mannafot, for urydt var der, og ingen hadde noko aa gjera der helder; men Smaagutarne for der ikring um Vaaren og leitad etter Trostegg; ei Tjønn skylde Berling upp mot Vasbakken og der langsmed Landet for Baatar med Smaagutar i, dei fiskad og laugad seg. _ Kalvarne og Griserne gjekk der um Sumaren, og dei vart mest ville, so dei laut fakkast med Tog um Hausten, naar dei skulde heim; somykje nordanfor Folkeskikk og Dyreskikk laag dette Gjerdet. Var der ein Stad paa Jori, der ein kunde faa full Ro og liva i Naturtilstand, so laut det vera der. Men so var det ein dag, at der kom Framandfolk tilgars, mange fine rare Karar med ljosstriputte Leggjer og kvite Luvur, det var løglegt aa sjaa, tykte Folk _ for der kom ikkje Framandfolk kvart Aar dit til Bygdi. _Kjeringar og Ungar bisnad, der var eit Auge utor kvar Sprunge i Husveggjen. Dei fram-ande kallad seg Insjinørar, som vart hjaa Folket til Skinnarar _ dei skulde faa istand ein Veg gjenom Bygdi. So kom dei, Svenskarne gangande paa lange Bein, Uppdølingarne berande paa Feislar og Sleggje, ei uhorveleg Mengd Vegasluskar av ymse Slag. Og det bar iveg med Mining og Skjoting, Hakking og Graving utyver Marki og midt gjenom Kalvegjerdet; Kalvarne gjorde store Øyro, verad med Nosi, sette Rumpa i Veret og tok Flugti solangt dei berre kunde; Griserne rende i Ring um kvarandre av berre Rædsla _ dei hadde ei Kjensla av, at Verdi no hadde funne Gøymsla deira. Stort betre var det helder ikkje med Folki heimi Garden, der alle desse Framandkararne hadde teket inn, tvo av dei striputte var der og _ ingenting var til lags aat deim, Maten var ikkje av rette Slaget, ikkje var han rett lagad helder, Husi var for smaa og Romi for lite blanke, og verst av alt var daa dette fæle uforstaaelige og for al Dannelse og Ynde blottede Sprog. Naar dei hadde faatt istand ein Vegastubbe paa ei halv Mil, so skulde daa Skinnararne, ut paa Veibefaring kvar Dag _ men kvar skulde dei faa Kariol, Kalesche, Drosche, der fanst ikkje anna berre Slede til aa køyra Myk og Ved og Høy paa der paa Garden _ der vart Leven _ endeleg so fann dei ei Høyvogn og lagde ei Fjøl yver og sette seg paa, men dei sakna Ryggstød, og det var ein stor Saknad, for dei hadde voret i Hovudstaden og vant seg til aa hava det godt aat Ryggen.

Det leid med det skreid; nokre Aar var gjengne, Vegen var for lenge sidan istand, og dei hadde Kjerre hjaa kvar Mann; Folket fann, at det var svært bra, for so slapp dei aa gaa korkje til Kors og Kyrkje; men det beste var daa likevæl det, at det var so næmt aa naa i 
Landhandlaren, som tykte det gjekk ikkje an aa vera bljug lenger for han elder no; han fekk heim Vare fraa Byen i Lassevis, og Folk maatte kaupa Stasen, for det var greidt, at no laut dei fylgja med Tidi. Folket var ikkje lenger so heimalne og gapne, for der rak ikkje so faa Skreppehandlarar og Frakkekarar med Folkeskikk fraa betydelige Byar. Der gjekk og ein Eimbaat um i Fjorden, som laag ein Fjordung Veg nedanfor, og den førde Bønder og Kyr til Ladestedet. _ Men so var det ein Dag, at Folket paa Garden igjen fekk gjera store Augo og stire ut gjenom Holi i Husveggerne, væl hadde dei no set ikkje so lite, men dette var daa altfor gale: Der kom ein Dag farande tilgars ei heil Horg med _ ja ein laut væl kalle det Folk _ med ormerikkutte Klæde, Knebuksur og Korttrøye og Sko, som var mindre paa Moden enn hennar gamle Gomor sine, Peikestikkur og Troder, Blekplatur, Økser og Byrsur. Folk tok mest til aa tru, at det var nokre av Gamlekaranne, som hadde løyst paa Torva og gjenget upp paa Jordi ein litegrand til aa sjaa att paa gamle Tufter; _ men det var nok ikkje det helder, men Engelskmenn, virkelige Lorder. Det var Karar med lange smale Bein og Halsar som Hegrar, stutthærad og fleinskallutte, med Naser lange og bugne som Baskesylar og store, store, trøytte, leide Augo. Landhandlaren kleia i Kjeftviki, so der var berre det kvite Skumet og bøygde Ryggen mest av, for han hadde høyrt, dei var av rike Slaget. Men dei var nokre rare Karar, vende honom berre tvert Ryggen og ein av deim som kunna litt norsk, tok til aa røda med nokre simple Menn, som sto der attmed.

Det leid med det skreid; nokor Tid var gjengi _ og der laag eit Hus, fint og blenkjande, naar Soli roda paa dei store Ruturne, langt inn i villaste Skogen ut paa Kalvegjerdet _ det var eit Hotel, som Engelskmennerne
hadde faatt Folk til aa byggje upp, for der var so idyllisk, og ein lugum og go Fiskeplass var der og i Tjønni. _ Smaagutarne for i Baatar langs med Landet og bannad paa engelsk. 
Dei hadde for lenge sidan smakt Brennevin og Cigarar hjaa Lordarne, og Penger hadde dei faatt ved aa gaa Ærend; soat dei kunne slaa seg ihop um aa faa heim Jolebrennevin og, naar den Tidi kom. Griserne og Kalvarne, som fyrr hadde voret so folkesky, sveiv no so fredeleg like inn ved Veggerne aat Hotellet. Garden heime, som fyrr heitte Møkhaug vart no umdøypt til Møhø; og Grisegjerdet vart kalla Liljenlund. _ Det siste, som er aa melde um dette er, at den gjævaste og vænaste Gjenta i Bygdi tok seg Teneste hjaa Lordarne, men naar eit Bil var gaatt, so laut ho til Byen, som ho sae for aa taka Mandussing i de finere Kogekunster. Det var nok vonde Tungur, som meinte, at det var noko anna og. Kos det no var elder ikkje var, nok er det, at ho um eit Aars Tid kom heimatt med forlengd Bakdel og græsk Knude og eit siviliseret Spraak, bleik og byfin i Andlitet sitt, og med eit finare Namn maavita, fyrr heitte ho Syvrina Møkhaug, men no var det Frøken Sylfiva Møhø!

Men ein Dag, ein fin Sumardag, blenkte det av Kjøyrety og Kariolar og ringlad det med Dombjøllur utyver Landvegjen, heile Øverheite var ute i sitt lovlege Ærend. Landhandlaren var gjengen fallit og hadde rømt avgare. No skulde dei daa utpantast alle, som sto i Skuld til honom _ og det var nok mest alle det! _ Alt vart upprivet baade laust og fast paa Møhø, og snart for heile Bunaden brautande, brektande og gryntande avgarde, Gardsfolket stod og saag ut igjenom Holi i Husveggjerne og skolv for Øverheiti, for i dag hadde ho ikkje boret Sverdet til faafengjes; men Kalvarne og Griserne var so tamde og folkevande, at dei fylgde pent med av seg sjølv. Det er hyggjelegt aa vera uppe i vaart Aarhundrade, daa me hev so gode Kommunikationsmidlar, sa Skrivaren, daa dei var paa Heimvegen, og baud i Lensmannen ein Dram. 
Ja, naar eg tenkjer paa kor vondt dei gamle hadde det i det Stykkje, so lyt eg segja, at Vegjerne hev voret vaart Land og Folk til Framhjelp og stor Velsignelse.


A. H.