Fraa Nore.

 

Styret for Skjotarlaget ”Nohr” baud inn Skjotarlaget og hellest so mange som ynskte til Fest 17de Mai.

 

Kvinnur og Karar, unge og gamle møtte upp, so det vart ei gild Forsamling. Dei fleste skreiv seg inn som Deltakarar i Festen og fekk som Festmerke ”Trikolorbande” (raudt, kvitt og blaatt). Talarstolen var smakfullt pynta med Kransar og Rosur, umhegnad med Granbuskur. Talaranne var Kyrkjes. R. Hovlid, Lærar O. M. Paulsen, Lærar R. Vrenne, P. Eddal og P. Trappen. Det vart tala um Dagens Betydning, Buskeruds Amts Stortingsrepræsentantar, for Sverik, for Diktaranne vaare og iser for dei, som skriv paa Maale, og det vart tala for Maalsaki i det heile.

 

Det skiftad med Talur, Song og Leik, og det var greidt aa sjaa, at alle kjende seg glade og motige.

 

Sjølv dei gamle graahærda Gubbar hedra Fridomsdagen og var glade og fornøgde daa dei i Myrkningi rusla heimat. Ungdomen heldt paa med Song og Leik til lenger utyver Natti. _ Takka skal Styre vera for den gode

og høvelege Tilstellingi, som var Smørebraud og Kaffi _ Øl og Puns fanst det inkje som godt og væl var.

 

Ein Norings-Gut.

 

Frå Fedraheimen 30.05.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum