Fraa Hol, Hallingdal.


17de Maifest heldt me, daa Gudstenesta var slutt, paa Hols Aalmugestoga ved Hols Kyrkja. Umlag 260 Menniskjor var samla. Det var noko stort til aa vera so langt upp i Fjellkroko aa i eit lite Prestegjeld som her. Det reine norske Flag var heisa, og me samla oss derunder. Ei Festgaava var uppstellt ved Talarstolen. Den var tilstellt og forært av nokre Kvinnor. Det var ei Treramme med eit paaspent Turklæde og ein Lyngkrans og tillaga Blomster rundt umkring Ramma, og i Midten stod taa Lyng tillaga: 17. Mai. S. Reinthon heldt ei kvikk Tale for Dagen. Ordførar O. Slettemo tala for Kongen. Han roste Kongen for ein folkjekjær, rettsinna og kristelegsinna Mann. 
Folke maatte glea seg ved honom, taa di han gjorde det store Steg og fylgde Folkets Ynskje og sette Menn inn i Styret, som vilde bera fram Folkets Fridom og Sjølvstende og som Folket hadde sett Tiltru til. L. Hammersbøn tala for Stortinget. Han uttala det Ynskje, at dei Menn, som der sit, maatte arbeide til Landsens Framgong og Folksens Gagn, og at den Dag kunde koma, at Einigheit maatte raa i Stortingssalen, og at dei Menn, der sit, kunde leggja Hendarne isaman som Eidsvollsmennerne gjorde og segja: Einig og tru til Dovre fell! H. Dybsjord tala um Fedralandet og kva godt det giv oss i det store og smaae. S. Røo tala for Brorfolket og um korleis Norig hadde kjempa og stritt med Sverik i gamle Dagar, men no sidan 1814 hadde alt voret bra. _ Ordet vart gjevet fritt. S. Røo kom daa att og tala um Wergelands Liv. O. Neraal tala for J. Sverdrup, at han var ein Mann som det norske Bondefolk ser upp til med stor Tiltru: Det norske Folk vil segja um honom, daa han kjem herifraa, som Amerikanaranne sagde um Washington, at det ikkje paa Amerikas Grunn har vekse upp slik ein Mann. Det vil dei segja um Sverdrup, at det paa norsk Grunn ikkje har vekse slik ein Mann. Lærar T. Tragethoen tala for Upplysningsframgongen i Skulom. Dei som kallar seg Fridomsmenn maa _ kvis dei skal bera Namnet Fridomsmenn _ inkje arbeida mot men for Upplysningens Framgong. O. Isungset tala for Kvinna. Han vona, at den Dag kjem snart, at Kvinna kann kalle seg meir fri, og at ho staar i Heimen som ein Styrar, lyse som ei Sol yver alle der ere; men og kann ho vera som ein Skoddedøtt og gjera Heimen til eit myrkt Fangehol istaden for ein ljos og fredeleg Heim. Lærar Fossgaard tala for Landsmaalet, kor stort det vilde vera, um me fekk vaart eige Maal igjen. Til Ungdomen hadde han det Ynskje, at alle baade Gutar og Gjentur vilde begynde aa tala og skriva sitt eige Maal og inkje knota. Den Tidi, meinte han, vilde vist koma, at me faa høyra vaart eige Maal i Kyrkje som i Skule. O. Ruud tala um korleis Upplysningi kann hjelpa fram Folk og Land. Det Land Upplysningi er daarlegst i er Fatigdomen størst. H. Sønderaal tala for L. Oftedahl og nemnte kva han har gjort for Folk og Land.


Her er dei som tala paa Festen upprekna. Etter kvar Tale skaut dei tvo Skot og skreik sterke Hurraer og song Songar. Festen sluttad ut paa Kvelden, daa Folket hadde forsynt seg andre Gongen med Mat og Kaffi. Sterke Drikke brukte me inkje, men det gjekk an lell. Høgre og Vinstre var med. Festen var ganske vællykkat. Vinstretalaranne var væl so fri av og til, i Ordelagi sine, naar Høgremenn skulde vera med. Kannhende det kom eit og anna Ord, som inkje kunde vera so væl vegji, som det skulde ha vore, men me faa beda Høgremennanne um Orsaking, daa det er so snart gjort i slike Stunder, at eit og anna Ord kann koma uvegji. Eg har alt høyrt lite Klage fraa Høgre si Sida um Talarne, at dei var for stri. Men Ordet var no fritt baade for Høgre og Vinstre. Dei hadde daa Lov til aa bruka Ordet kvem som vilde.

Men eg ynskje no, at me eit anna Aar maatte samlas att baade Høgre og Vinstre Vener og beggje Hand ihand for aa høgtida Fridomsdagen med Glee.

Hol, Hallingdal, 18 _5 _85.

Eg ber um Upptaking til dette Stykkje i Buskeruds Amtstidende og um mogelegt i Buskeruds Blad og.