Forf. av Stykkjet um Ein ny Tingmann i Aust-Upplandet


freistar i FedraheimenNo. 38 i eit Tilsvar aa greida ut sine underlege Synsmaatar. Best hadde det voret, um han kunde gjort det utan aa leggja annat i Stykkjet vaart, enn det som stod der. Me hev ikkje meint elder sagt, det er Skam for nokon, at han ikkje er Storbonde; men me hev sagt, at slik som Talen der fall i det fyrste Stykkjet av Forf. var det saarande for den, som kunde taka ei Hoplikning millom Storbonde og Umbodsmann aat seg. Me hev helder ikkje lagt iveg med nokor Mannajamning av den gode Grunn, at det her ikkje var naudturveleg, og at me likeso litet som Forf. likar dei.

Me veit ikkje av fyrr i nokot frilyndt Blad aa hava set Skilnaden millom Repræsentant og Programmann. Sant aa segja trudde me, at alle valde Tingmenn representerade sine Veljarar i kvat dei ynskte og vilde føra igjenom, iser i dei seinste Aarom. Bar han so fram deira Tankar, trudde me, han gjorde det, fylgjande det Synet han hadde paa Sakerne, vunne ved Ransaking av desse. Aldri trudde me at nokon Vinstremann kunde skulda ein ærleg Mann for Ovundskap og Standspolitikk med di han talad for Arbeidaren og dei smaae, so snart han var ein Ombudsmann og Smaabrukar, paa same Tidi som ein stor Rikdom kunde fritaka ein for desse Lyti. Kom Torp i Tinget med Arbeidarsaki skulde rødast um, veit me, at han der vilde tala som ein, som kjennte til dette Spursmaalet av eigi Røynd, daa han sjølv fraa Ungguten av var vant med kropslegt Arbeid, i fleire Aar dreiv Farsgarden i Fødebygdi si og likeeins no hev ein liten Eigendom. Skulde han ikkje daa kjenna baate Arbeidaren sine Kaar, og Bondens med, so veit me ikkje. At Ovundskap og Standspolitikk skulde vera Upphavet til dei Synsmaatarne, han vilde bera fram, trur me ikkje nokon vilde segja, allvisst ikkje millom Vinstre, Høgre lyt faa sigla sin eigen Sjø, so dei tek me ikkje med. Men med di Forf. talar um Programmenn tykkjest me sjaa, han berre brukar ei Umskriving av dei kjennte Levebraudspolitikkaranne hans Ludv. L. Daae; men dei er ikkje høvelege enno; tenkjer han, for Vinstre.

Væringsaasen vilde i mange Aar voret Tingmann no, hadde han sjølv berre hatt Hug paa det. Men slik det staar, er det underlegt aa føra honom fram no til ingi Nytte, um det ikkje var den løynde Meiningi aa gøyma burt Torp, for so kunde kanskje nordre Øysterdalen fengjet raada eit Tak til enno.

Kvat Mannen i Kristianiaposten skriv, hev me ikkje nokot med aa svara paa.
 
23de Mai 1885.
 
Elvromssokningar.