Um Fallittar.

 
Her ut med Havet er no mange Handelsmenner, som er gjengne fallit.

Verta upprykt, naar ein inkje ventar det og so kanskje endaa til verta nøydd til aa betala meir enn ein skuldar, det er baade saart og syrgjelegt. Er ein Mann so ille komen, at han i slike Tilfelle ikkje hev grei Reikning aa leggja fram, kann det lett henda, han fær betala meir, enn han hev godt av.

Folk sit i smaa Kaar her ute. Dei slit og slæpar hardt og trutt for kvar Smolen, og so kjem slikt yver deim attaat. Slike Fallittar gjeng ut yver Follet likesovel som yver Kreditorarne.

No um Dagen gjekk her tvo til fallit. At her gjeng endaa fleire med det fyrste, helde eg ikkje fyr urimelegt.

Folk vil vel segja, at det ikkje er aa undrast paa, um Handelsmannen no gjeng ut for Bakken. Samanliknat med fyrr er det vel so. Fyrr sat her berre nokre faa Handelsmenner, no er her dubbelt so mange. Daa var her dubbelt, ja, tridubbelt so mykje aa tena paa Handel og daa hende det og, at ein og annan gjekk. No er her, som sagt, mange fleire Handelsmenner og ikkje halvt so mykje aa tena. Kappingi (Konkuransen) hev vokset paa Handelsumraadet i Likheit med, kva som er Tilfellet i andre Greiner, og det hev gjort, at Varurne, som skal avhendast, maa seljast so laagt, som Raad er, og dei, som skal kjøpast, betalast so mykje, at Vinningi ofte vert liti. Handelsmennerne maa difyre no vera glad ved aa kunna faa reikna Tenesta si i hundrader _ fyrr kunde det gaa paa tusinder.

Men endaa her er so stor Forskjel paa Tidi no og fyrr, ligg ikkje heile Aarsaki til desse mange Fallittar i det. Der er nokot annat, som er Skuld i all denne Fallitspeling. Skuldi ligg for største Deilen hjaa Handelsmannen sjølv, som ikkje hev forstaatt aa fylgja med Tidi. Tidi utviklar seg nemleg ikkje i 
Retning av Forbruk i Utrengsmaal, i større og større Luksus og Overflødigheit, men nettupp motsett. Naar me leser um, kor Aleksander den store fekk og forbrukte og samanstillar det med det, som Regentarne i vaare Dagar hever og fær, vil me finna ein liten Forskjel.

Sparsamelegheit i Statshusholdningi lyder det alt som tiast. Heve Folk ogso ropt: Sparsommelegheit i kvar Manns Hus, so hev det voret eit endaa meir rettigt Rop. For alt so lengje eit Folk ikkje lærar aa spara i Heimen, lærar det helder ikkje aa spara i Staten. Hvo ei kan styre sit eget Hus, hvad stort han styrer gaar og i Grus. Dette er so sannt, som det er sagt. Skal der verta
Forbetring av, maa alle Menn og Husmødrar læra aa spara i sitt eiget Hus.

Den aalmene Mann her umkring heve alt lengje gjenget paa den Skulen, og det er ogso utrulegt, kor sparsamt Folk liver her ut ved Havet mot fyrr. Her er knapt Samanlikning. Fyrr fekk dei alt av Sjøen, no fær dei so godt som inkje, og enno vil Livet leva. Fatigdomen er vistnok stor i mange Hus, det er sannt, og det er graatandes aa sjaa kor vondt mange sliter, men kor som er liver Størsteparten tolugt.

Men den Kunst aa spara, naar det er Naud, ser det ikkje ut til, at mange av vaare Handelsmenner heve lært. Naar ein høyrer, at ein av dei nyss gjengne Fallentar hev sagt: Jeg trenger mindst 1100 Daler om Aaret til mig selv og min Familie, om jeg ikke skal gaa altfor meget tilbage, so ryser Smaafolk aat slikt. Naar ein Mann tener tri fire hundrade og brukar elleve, er det ikkje aa undrast paa, at han stryk. 1100 Dalar _ det er ein nett Skilling, og eg skulde meina, det maatte vera raad aa koma av med det med mindre, sjølv um ein vilde liva noksaa anstændigt.

Naar dei gamle fine sjølvberga Handelshus liver fint og feitt, so skal ogso desse Bondegutarne, som inn imillom set seg til og skal freista med Handel, inkje vera mindre Karar maa vita. Daa skal dei faa seg fin Brok og lang sid Frakke, hava seg Krambudsvein, reisa paa fyrste plass, tøyta Øl, røykje Sigarar, snakka dansk og vera fin heilt igjenom. 
For det nyttar inkje aa koma inn til Kjøpmannen i Byen so ruskutt og raa helder, kann ein vita, naar ein skal heitast aa vera Handelsmann! Nei var det seg likt, for kvar maa vita det: Sjaa me ut som Herrar, so faa me Herrarom, og det er gildt for ein liten Fyr.

Men Slutningi paa slikt Spel vert, som kvar vetug Mann kann skyna, at dei ein god Dag sporroyser.

Nei det er langt fraa det, at det er berre dei tronge Tiderne, som er Skuld i all denne Fallitgaaing; det er tvertum i dei fleste Tilfella Vitløysa. Ved Sida av slike, som fær so uvitugt og stygt fram, kann ein sjaa andre meir fornuftige Menn, som fører seg etter Tidi, liver sparsomt, styrer Handelen sin utan Krambudsvein og eit halvt Dusin Tenarar, sel og kjøper Vit og soleids tener bra. Handelen gjeng, og det gjeng fram. Ja, eg kjenner fleire slike, som heve byrjat med ganske lite, og som ved vitug Framferd er komne seg godt til.

Eg vil raada dei nybyrja Handelsmenner iserdelesheit liksom kvar annan Mann i Almenheit til aa liva sparsomt elder økonomisk, ikkje halda seg for gode til kropslegt Arbeide, vera folkelege og ikkje meina seg betre elder tru seg eit Stig høgre enn andre Folk.

Ottar Birting .
(Fjordenes Blad).