Tidender.

 
Kristiania, den 28de April.

Danmark. Det ligg liksom i Lufti, at Vaapni skal enda Striden millom Styringi og Folket. Og det er utsjaa-ande til, at Styringi inkje hev minst av den Kjensla, difor fær ho Offiserarne til aa preika um Plikt og Lydnad for Soldatarne, og difor gjer ho alt ho kann for aa tyna dei frilynde Skjotarlagi. Og Folket samlar seg meire og meire mannsterke um Folkevæpningi.

_ Dei trugar med meire Grunnlovsbrot Høgre. I det Bladet, der Styringi sjølv brukar aa segja sine Meiningar, er ein Innsendar ute og slær paa, at Styringi bør taka dei Pengar ho vil baade dette og komande Aar.
 
 
England og Rusland. Det tek til aa sjaa meir og meir ruskje ut. Igaar kom det Telegram fraa London um, at dei der burte trur, at Krig inkje kann avvendast og at Keisaren av Russland skal vera reist til Moskwa for aa halda Upprop til Folket, liksom han gjorde fyre den siste russisk-turkiske krig. Det vert ellest sagt, at Keisaren er imot Krigen, daa han er redd for, kva Nihilistarne kann finna paa.
 
 
Frankrike og Ægypten hev vortet usamde. 
Grunnen var den, at eit fransk Blad i Kairo hadde eit harskt Stykkje mot Styringarne i Ægypten og England. For dette vart Bladet undertrykt, og no hev Frankrike kravt Uppreisning. Det ser ut til, at denne Striden snart skal verta bilagd.


Turkiet hev sagt, at korkje russiske elder engelske Krigsskip skal hava Lov til aa reisa gjenom Dardanellarsundet, dersom det vert Krig; men Bladi i England segjer no, at den engelske Styringi inkje vil bry seg nokot um, kva Turkiet vil elder inkje vil i so Maate.


Kanada.General Middleton er Førar for Regjeringsheren. Han er no paa Veg mot Uppreistmennerne; men han hev inkje so godt for aa koma fram, daa det inkje er korkje Jarnvegar elder gode Landevegar aa fara fram etter, men dei er nøydde aa gaa gjenom Myrar og Ulende. _ Garnisonen i Fort Pitt skal vera tynt av Uppreistmennerne. Han var 100 mann sterk og slog fyrst attende eit Aagrip av Indianarar. Men Indianaranne kom att ei Nott og trengde inn i Fortet. Det var daa tomt. Garnisonen var gjengen umbord i ein Baat, som laag paa Elvi, men Indianaranne vart dei var og skaut paa dei so ofte, dei saag seg Tilhøve til det. Det er sidan inkje komi nokor Melding fraa Garnisonen, so det er trulegt, at han er nedskoten av Uppreistmennerne.

Siste Telegrammi melder, at General Middleton hev voret i Basketak med Uppreistmennerne og vunnet paa dei.
 
 
Jurysaki held dei paa med til kvar Dag i Justisnemndi no. Dei hev snart komet halvvegjes med Arbeidet, det trengst nok Tid fyrr dei vert ferduge.

 
Oddmund Vik skal paa Forhøyr atter for nokre Stykkje, som han skreiv i Dagbl. um den Greida han vart straffad for i fjor.

 
Um Folkemaalet som Preikemaal sagde Presten Krogh i Vestnes, at det berre vilde vække Tilhørernes Latter og gjøre Guds Ord til Spas. Korleis denne Presten Krogh preikar sjølv fortel ein av Soknefolket hans i Romsdals Budst . Nyttaarsdag las han upp Æventyret um Purken, Katten og Ørnen, Sundag Septuagesima fortalde han, at Oplændingerne er mer skikkede til at bryde Jord end Folk her, og Sundagen millom Jol og Nyttaar lagde han fram sine Meiningar i Politikken.

 
Trondheimsbanen.Det vert lagat soleis i Sumar, at ein kann reisa fraa Kristiania Kl. 3 um Eftan, so køyrer du radt heile Natti, 19 Timar, og er i Trondheim Kl. 10 Fyrem. andre Dagen. Fraa Trondheim fær dei sudgjenom Kl. 4 um Eftan.

 
Fraa Stavanger. Det vaarar no, _ lengje hev det voret turt og kaldt; men i dag hev det teket til med Regn og Væta som Bonden tek imot med Gleda.

 
Utvandringi.Inman Liniens kgl. Postdampskip Baltic gjekk fraa Liverpool den 14de April kom til Newyork den 24de April med dei som reiste fraa Kristiania den 10de April. Alt væl.


Statsskuldi i Sverike er no umlag 230 Millionar Krunur.


Tjovar og Drapsmenn er det fullt av i Paris. Det er ikkje langt imillom, at ein høyrer slike Sogur derifraa. Dei hev fenget Tak paa slik ein Adelstjov der no nyst. _ Folk talar meir um honom enn um baade Tonkingreida og anna.

Det var ein ung væn Gut, hadde eit gildt Hus, millom dei finaste, og var mykje vyrdt i Umgangslaget. Han hadde alt sitt so drustelegt og livde so stort, at han var halden for aa vera ein heil Riking. Men ender og Gong tok han seg Turar til Paris, han hadde Pengarne sine standande der, let han um. Men Pengarne sine fekk han paa den Maaten, at han tok seg Tenest hjaa rike Folk, der var han so tvo tri Dagar, so han vart kjend; plundrad so Husbonden sin elder Drap, som det høvde, og reiste heimatt med full Pung. Og naar han so vart penglaus att, var det berre aa taka iveg med same Leiken. Han hadde nettupp drepet ei rik Kjering soleis, daa han vart fakkad. Daa vart det upplyst at han hadde voret straffad tvo Gong fyrr, men hadde rømt undan.