Fraa Hol, Hallingdal.


I Jole stifta me her eit Samtalelag. No tridje Paaskedag hadde me fyrste Møte. Ein stor Hop Folk var samla. Avhaldssaki var framsett som fyrste Emne. Prest Leganger innleidde Spursmaalet paa det beste. Mange talad gott fyr Saki, Presten, Klokkar S. Reinton, Lærar Fosgaard, Lærar Trageton, O. Isungset, H. Dypsjord, S. Røo, P. Nygaard o. fl. Ingen taa desse trudde, det laag det minste gott i alt det Brennevin, som me drikk upp, men berre Skae paa Skae. O. Larsgaard trudde at Brennevinet styrkte og gjorde sitt Gode i Kaldveer, og likeins meinte han, at den gamle Drikkeskikken i Samvære inkje var god aa faa burt. Men Larsgaard fekk so mangt mot seg, at han kom tilkorts med sine Grunnar. _ Ein liten Ordstrid vart det um, anten me daa i dag skulde stifta Afhaldsforeining elder me skulde vente ei liti Tid. _ Endskapen vart, at det skulde setjast ut ti eit anna møte med aa stifta Avhaldsforeining.

Lat oss her uppi Fjellkroko og taka i med ein Fing aa dra fyr aa skaffa meir og meir taa vegjen av den Styggdomen (Brennevinet) som gjer so stor Skae paa Folk og Land!

Tek Buskeruds Amtstidende inn dette var det væl.