Fedralandskjærleik.


Den svenske Diktaren Strindberg er ein fæl Rothoggar. No hev han slegjet seg so reint ifraa Heimlandet sitt, at han segjer han vil ikkje sjaa det for Augo sine meir. Han vil læra seg til aa skriva paa Fransk no.

Eit Fedraland, segjer han, det er alltid eit Stykkje Land, som er stolet, ifraa dei fyrste Buaranne. Fedralandskjensla er Eigedomskjensla, og difor ikkje det Slag heilag, for Eigedomsretten er slett ikkje heilag, endaa Lovarne av dei som raar, hev helgat honom. ...Svenske Blad hev eg sluttat aa lesa for tri Fjordungaar sidan. Sverike høyrer ikkje med til Evropa. Det er eit Attpaasleng, ein Koloni, og all Avdraatten deira er innførd Vare. Landet hev vortet burte for meg. Eg kjenner meg frigjord og utviklad. Aa vera Svenske det er berre aa vera med Etterdrasset. ...Aa venda attende aat Sverike no, det var det same for meg som aa taka i med den fyrste Skulegangen att, aa verta flutt ned, aa ganga attende. Eg trur aldri, at eg ser det Landet meir.

Det er Synd um det svenske Folket, at dei ikkje skal vera komne lenger, enn at no fyrst er dei komne frami Framslengsaari, daa Kaatskapen lyt ut og Ungdomen vert ustyren og agalaus og so storvyrden og kaut, at han skal laast vera likesæl med alt det som er heimslegt og som dei hev ifraa Fedrom. Det er ei Rid dette, som kjem paa alle Nasjonar fyrr det vert Folk av dei. Sæle me, som hev vakset framum dei Tider. Men det er ikkje lenge sidan, me minnest væl endaa, korleis det var, daa han Henrik Ibsen rasad i verste Flagen sin og skrullad upp Folk. Han kvad paa denne same Visa han og, som no Strindberg hermer. Men me hev komet trygt og væl utor den Øsingi no; her tek alt til aa mannast og vitrast og stødast til utruleg no i Folket vaart. Men Skenskarne stakkar hev nok att mang ei Øseflaga aa tapast med endaa, fyrr dei kjem retteleg til Manndoms. Og me spaar at det kjem til aa ganga vonom lenger Tid der, fyrr det vert full Fridom og Likskap, enn hjaa oss. For Nordmannen er lat han til Jamnads, men naar det so er noko, so braahugast han og sprett iveg, og daa er han heiltupp ein 
Rivaleist til aa driva, han slepper det ikkje fraa seg, fyrr det er avgjort. Men Svensken er meir seintør og seig han, men jamn og stød, og so er det slikt eit Aristokrati der, som me aldri hev vist um her i Landet.

X.