30-Dalars Loven.

 
 
Stortingsmann Lilleholt hev gjort Framlegg til Stortinget til Lov um, at dei, som er i Gjeld ikkje maa takast nærare enn 500 Kr., naar den, som hev til gode vil ganga Rettens Veg.

Fyrr 1851 kunde dei taka alt, ein Mann var Eigar av. Der var daa ei Plundring, so det er Sutemaal aa høyra gjete. Men Folkehugen tok daa til aa mildnast, so han inkje tolte sjaa paa det Hardstyre. Henrik Wergeland vakte Folk upp. Han skreiv so mykje um Plundring, um blodsugande Innkassatorer, at Fælska tok dei, so dei maatte fara varlegare fram. I 1851 kom gamle Ueland og Bladskrivar Chr. Johnsen med Framlegg um, at den som hadde til ode ikkje maatte plundra Skyldnaren nærare enn so, at han fekk atter Seng og Klæde, Bøker, dei naudturvelege Koppar, Kakelovn og Handverksreidskap. Var Skyldnaren Jordeigar laut han og hava atter nokot Buskap.

Der var mange, som var einige med Ueland og Johnsen, men i Tinget vann dei, som inkje vilde hava so mykje Avtak. Det vart so, at det berre skulde vera Gangklæde og Vare for 12 Spd. naar Skyldnaren hadde Familie.

Med dette vart det standande til 1869. Daa kom Jaabæk med Framlegg um aa faa Summen upp til 100 Spd. Sakførar Schultze fyreslog 50 Spd. Men Mengdi i Stortinget vaagad seg ikkje til aa ganga lenger enn til 30 Spd.

Dette er reint forlite og difyre var det vel gjort av Lilleholt at han kom med sitt Framlegg. Der er sterkare Mannemilde i Folketanken no, enn fyrr, so der maa verjast meir um Familielivet; der maa setjast Stengsla, for at ein Riking inkje kann taka fraa ein Mann, som hev Kone og Born aa syte fyre, den Reidskap og dei Ting, som han lyt hava for aa tena Maten til seg og sine.

Det kann vera ein Mann, som hev Kone og Smaaborn. Han eig ei liti Hytte, ei Ku, Sengklæde og Koppar, ein liten Baat og nokre Fiskegreidur. Ingenting av dette kann han vera forutan. Baaten lyt han hava for aa fiska til Føda, Kui gjev Mjølk til Smaaborni, som spring berføtte og tunnklædde i Fjell og Fjøre so livsglade som Fuglen um vaaren. So kjem der ein Mann, som hev tilgode.

Han møter desse Smaaborn. Dei stende vyrdnadsfullt og glaaper truleg paa honom med sine spegleblanke blaa Augo, og det gule Haaret flaksar for Vinden. So gjeng Mannen inn i Hytta. Der treffer han Kona. Ho er bleik og ser upp-rædda ut. Borni kjem inn og kralar seg ikring henne.

Eg hev til gode 50 Kr. av Mannen din, talar den Framande. Dersom eg inkje fær det no, so lyt eg faa Lensmannen til aa taka Lausøyre aa selja.

Aa ja, eg veit nok um det, svarar Kona, me hev inkje havt Ro anten eg hell Olav i det siste for at me inkje hev fengje bitala som me skulde. Me ha samla upp Pening til det i Haust var, men so vart Olav sjuk; han laag i 5 Vikur; eg laut vake mest jamt. Borni er for smaa enno, dei kann inkje fortene. Peningan, Du skulde havt gjekk daa med til Doktaren og til Huset, so no er me plent raadlause. Me hev tala um aa selje Kui, men ho mjølkar enno. Du veit det er vandt aa sitje forutan Mjølk med so mange Smaaborn. 
Kunne Du drygje ei Stund var det godt; det kunne hende at eitkvert kunde leggjast til, so me kunde bitale; hellest veit Du der er inkje onnor Raad, enn aa taka Kui. Eg hadde venta Olav heim no, han er ut aa Fjorden med nokre Teinur, men eg ser det hev komet so sterk Vind, at han inkje hev rukket dit; berre det inkje var spelegt. Dei største Smaaborni sprang ut. Ei liti Gjente lagde hovudet i Fanget aa Mor si og gret og sagde: Mama, vil han reise med Kui? Kvat segjer Barnet? spurde Mannen. Aa ingen Ting, det sr berre noko smaatt.

Mannen reiste seg og sagde: Du kann segja til Olav, at eg skal vente etter Peningarne so lenge til han kann bitala utan aa taka seg for nære.

Takk skal Du hava, me skal gjera det, me kann, svarad Kona og Taarur trillad ned etter Kinni.

Daa Olav kom heim fortalde Kona um kva Krevjaren hadde lova. Liver eg so skal han faa det um eg skal slita so Blodet spring, svarad Olav.
 
Borging maa aldri gjevast paa den Grunnen at ein Mann kann plundrast til Skinnet. 
Der maa vera visse Ting, som inkje kann takast. Alle kjenner liksom paa seg det, at um ein hev tilgode av ein laus Kar, so vilde det inkje vera anten sømelegt elder rett aa taka Klæde fraa Karen. Likeins maa det vera so, at ingen, som hev til gode, kann taka likeso naudturvelege Ting fraa ein Huslyd, og daa tykkjest 500 kr. inkje aa vera formykje. 
Rettlynde Menn bitalar likevæl naar dei kann; dei, som ikkje vil Rett, dei fær inkje borge.

Framlegget hans Lilleholt var fyre i Odelstinget no um Laurdagen. Det vart sendt til Regjeringi. Der var mange, som inkje med ein Gong torde gange so høgt som til 500 kr.; sume meinte 300.

Framlegget vil virke godt um det inkje vart Lov av no. Det vekkjer Folketanken. 
Ein vak Folketanke vil halde hardhjarta Uvyrdur i Age.