[Tidender.] Stortinget


hadde i dag for seg ymse Skulesaker. Det vart talat um Lærarinneseminar millom anna. L. M. Bentsen hevdad, at det skulde gjerast meir, for at Bondegjentur kunde faa høveleg Utdaning i den Vegen. Og det hadde voret godt um dei hadde kunnat faa røynt, korleis samfelles Undervisning for Gutar og Gjentur kunde vera i det Stykkjet.

So bar det til Snaks um Pengarne, som Staten gjev aat Amts- og Folkehøgskularne. _ Roll slog paa det, at det var underlegt aa gjeva Pengar aat desse Skularne, ein viste ikkje kva dette kunde draga etter seg. Han ynskte helst, at det skulde takast reint burt, men daa han ikkje fekk noko større Medhald, let han vera aa gjera noko Framlegg um Saki. Det vart hevdat imot, baade av Steen og andre, at naar Amtstinget gav Tridjeparten av Pengarne, so var det Trygd god nok for, at Pengarne var retteleg bruka, og um Stipendihjelperne, som det ogso vart anka paa av Saxe, der vart det haldet for fullsikkert, at Utdelingi vart so god og rettferdig som mogeleg, naar Amtsskulekommissjonarne fæl stella med det.

Næste Sak er um Statshjelp til aa læra upp Læraranne i Landsmaal. Det vert væl livlegt Ordskifte um det, spaar me.

Det er merkjelegt med Høgre no, kor spake dei er. Dei fær væl med og skal gjera eit tomt
Motmæle i ymse Ting, so at Veljaranne deira skal sjaa, at dei ikkje er reint slokna. Men dei trur seg ikkje til aa gjera Framlegg ein Gong, dei veit kor faafengt det er; dei sit der so motlause og let det helder siga, og so paa Slutten berre bed dei, at Regjeringi maa vera so snild aa tenkja paa Saki og greida alt paa rettaste Maaten. Det hender Gong paa Gong no, at dei er nøydde til baade fortelja um det og syna det i Røystingi, at det hev Tillit til Regjeringi.