[Tidender.] Statsraad Daae


fekk Lagtinget ogso imot seg i Underoffisersloven. Daae og Kapt. Krogh hadde freistat, um det ikkje var Raad um aa semjast noko, men det gjekk ikkje. Lagtinget gjorde væl nokre Brigde paa det, som Odelstinget hadde vedteket, men det gjekk ikkje den Leidi, som Daae vilde. Det som Daae iser heldt strengt paa, det var, at Underoffiserarne skulde kunna setjast av, naar dei vart funne udugelege av ei nemnd, som Kongen sette. Han sagde um Loven i det heile, at han var uferdug og blandad i hop Lov og Reglement. Tilslutt sagde han, at han havde ikke fundet Spor af Imødekommenhed fra Lagtingets Side, og derfor vilde han sige det, at han i Lagtingets Udtalelser i dag havde seet et Udslag af den Mening, at der burde andre Kræfter til at styre med disse Ting end han raadede over .

Etter dette hev han paany bedet um aa faa Avskild som Statsraad snarest mogelegt. 
Statsraadet skal alt hava sendt Søknaden hans til Stockholm. So no er det væl visst, at han kjem til aa treda av.

Det er leidt, at Statsraadet maa missa Daae, som er so greid og dugeleg ein Kar, og det var visst ikkje med Sverdrups Godvilje, at so maa ganga. Men um Sakerne hev han so reint serlege Meiningar, at han aldri kunde semjast med Stortinget. Hadde han berre havt eit anna Departement aa styra, so hadde det ikkje voret Trong til dette Skilsmaalet. Men no er det for seint aa gjera nokor Forandring med det.

Det er daa mykje Tale um, kven som skulde koma etter Daae. Sume meiner, at det maa verta anten Jacobsen elder Hjort elder Krogh. Men andre meiner, at det vert ingen av dei; men at Hersakerne baade til Sjøs og til Lands vert lagde under eit nytt Departement, Forsvarsdepartementet, som daa kanskje Statsministaren sjølv kom til aa taka, og at det samstundes vert fraaskilt Indredepart. eit Departement for offentlege Arbeid, og at det daa var ein Styrar for dette som det galt um aa finna for det fyrste.