[Tidender.] Det er forvitneleg aa sjaa,

 
korleis Maalsaki vinn seg fram no fyr Tidi allestader. Fraa mest alle Kanter av Landet vert meldt um at ho vinn Tilslutning. Sjølv i Byarne tek Folk til aa faa Interesse fyr Saki, og her i Byen hev Arbeidarsamfundet fengje haldet eit Foredrag um Maalsaki av Hr. Folkehøgskulelærer Odmund Vik.
 
Han talad greidt og djervt Bygdamaalet sitt med ymse Avbrigde mot Landsmaalet. Fyrrt greide han ut um, at solenge Utviklingi gjekk fram paa dei andre Livsumraader, var det umogeleg at den kunde staa still paa det spraaklege, so paaviste han korleis Maalreisningi hadde gjenget for seg andre Stader, Tyskland, Finland, Sverik, Holland m. fl. Emne til eit fullgodt Spraak minst likso godt som i dei andre nemde Landi, der det nasjonale Maal hadde vunnet fram, og sluttad med, at um Vandskarne var 10 Gonger større enn dei er, skulde det ikkje skræma oss fraa at taka fat _ og at Maalsaki skulle sigra. Ja eg burde vel hava teket med, at han heldt sterkt fram kor naudsynleg det var ogso for Byarne aa fylgja med i Maalreisningi _ um Nordmennene skulde kunna kjenna seg som ei Ett, og lagde for ein Del Skuldi for den skarpe politiske Striden paa dei tvo ymse Maali, me til dess hev havt her i Landet. Det kunne vera godt aa høyre meir av slike Fyredrag _ helst i Byarne.
 
_ h